NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Luftrommet i Sør-Noreg er stengt: Påverkar Flesland

    Torsdag morgon har all flytrafikk i Sør-Noreg førebels stoppa opp. Stenginga rammar hovudsakleg Oslo lufthamn og Torp, men fleire flygingar frå Flesland er også påverka.

    – Her i Bergen er det stopp i flytrafikken inntil dei tekniske problema er løystem, seier operativ sjef, terminal, Asbjørn Tolo til NRK.

    Ifølge Tolo er det tekniske problem i trafikksentralen i Røyken som skal vere årsaka. Utover det har han ikkje meir informasjon om når flytrafikken er tilbake som normalt.

    I morgontimane er fleire avgangar frå Bergen innstilte/forseinka:

    Lufthansa LH877 frå Bergen til Frankfurt er flytta frå 06.20 til 07.45.
    SAS sitt fly SK236 frå Bergen til Oslo er flytta frå 06.30 til 08.00.
    Norwegians DY601 frå Bergen til Oslo er flytta frå 06.35 til 08.12.
    Norwegians DY122 frå Bergen til Stavanger er flytta frå 08.00 til 09.00.
    Norwegians DY164 frå Bergen til Trondheim er flytta frå 07.00 til 07.30.
    SASs SK238 frå Bergen til Oslo er flytta frå 07.10 til 08.00.

    Tolo oppmodar passasjerar som skal reise frå Flesland om å møte opp som planlagt og følge informasjon frå flyselskapa.

    – Vi håpar at trafikken kjem i gang igjen om ikkje så altfor lenge, seier Tolo.

    Ved Florø lufthamn har to fly som skulle til Oslo, blitt forseinka. Det gjeld flygingane DX571 som opphavleg skulle gå klokka 07.15, men blei flytta til 08.15, og DX573 som skulle gå 10.30, men er flytta til 11.15.

    Ved Førde lufthamn er eitt fly som skulle til Oslo, innstilt. Det gjeld Widerøes flyging WF182 som skulle gå klokka 09.15. Det er førebels uklart om innstillinga er som følge av det stengde luftrommet.

    På flyplassen i Sogndal var eitt fly som skulle til Bergen forseinka med fem minutt, men elles går avgangane som planlagd.

    På Sandane lufthamn har det vore små forseinkingar på eit par minutt på avgangane til Oslo og Sogndal, men elles ingen fly som er råka.

  • Politiet har hatt fartskontroll ved Lyderhornstunnelen i Bergen

    Natt til torsdag gjennomførte UP fartskontroll ved Lyderhornstunnelen i Bergen i tidsrommet 22.30 og 00.30. Det ble skrevet ut ti forenklede forelegg. Høyeste hastighet var målt til 92 km/t.

  • Tre menn mistet førerkortet i Bømlo

    Flere ble tatt i fartskontroll på fylkesvei 542 i natt. I løpet av tre timer ble tre unge menn fratatt førerkortet på grunn av høy hastighet. Høyeste målte hastighet var 131 km/t i 80-sone.