Hopp til innhold

Endringar i forbrukar­kjøpslova: Butikkane får berre eitt reparasjons­forsøk

Rettane til forbrukarane blir styrkte frå nyttår. Det kan føra til at fleire varer blir kasta, åtvarar Elektronikkbransjen.

Vaskemaskiner

Elektronikkbransjen fryktar at fleire elektriske produkt må sendast til resirkulering på grunn av ei lovendring.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Tenk deg at vaskemaskinen din streikar. Vatnet blir ikkje tømt ut.

Ein reparatør kjem og byter ei pumpe. Etter ei stund finn du ut at det likevel ikkje fungerer. Reparatøren kjem igjen, og finn feil på ein slange.

Før nyttår kunne leverandøren du kjøpte maskinen frå, prøva å retta mangelen ein gong til. For kjøp etter nyttår har seljaren som hovudregel berre eitt forsøk på å retta mangelen.

Meir om endringane i forbrukarkjøpslova finn du i faktaboks lenger nede i saka.

Butikksjef Heidi Myklebust på Power på Stord fryktar at berre eitt reparasjonsforsøk skal føra til kortare levetid på fleire produkt.

– Me bør ha fleire forsøk slik at me ikkje endar opp med å hiva fleire produkt. Det kjem garantert til å skje.

Butikksjef Heidi Myklebust på Power Stord

Butikksjef Heidi Myklebust er sikker på at fleire produkt kjem til å bli kasta når forsøka på reparasjon blir avgrensa.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Digital oppdatering av lovverket

Endringar i forbrukarkjøpslova skal frå 1. januar 2024 styrka rettane til forbrukarane og syta for strengare krav til seljar om informasjon og oppdateringar av produkt.

I dag kjøper me digitale vaskemaskinar, kjøleskap og bilar, og det gir nye utfordringar.

Eit oppdatert lovverk er dermed i tråd med den teknologiske utviklinga, ifølgje regjeringa.

– Vil ikkje færre retteforsøk vera godt nytt for forbrukarane?

– Det spørst korleis du ser på det. Dei fleste av oss vil jo vera miljøvenlege. Me skal ha varene lengst mogleg. Viss me då ikkje kan reparera produkta, må dei bytast ut, seier butikksjef Heidi Myklebust.

Ein god del av varene som ikkje let seg reparera, kjem tilbake til butikken og endar i konteinar for resirkulering, ifølgje butikksjefen.

– Det blir mykje kasting, dessverre.

Kvitevarer som ventar på reparasjon på Power Stord

Kvitevarer med manglar og feil på Power Stord. Nokre blir selde som bruktvarer etter reparasjon. Produkt som blir kasta, blir resirkulerte.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Meir elektrisk avfall

I fjor blei det selt nesten 1,4 millionar store elektriske apparat, som til dømes kjøleskap, vaskemaskiner og komfyrar, i Noreg.

Les også Økning i reparasjoner av store hvitevarer: – Bra for miljøet

21 år gamle Ask Wintersborg Govertsen er lærling hos Elektroverkstedet i Kristiansand. Han har i likhet med kollegene travle dager.

Elektronikkbransjen har årleg rundt 140.000 reparasjonar på store kvitevarer, altså dei reparasjonane som skjer heime hos forbrukarane.

Det finst inga oversikt over kor mange som blir reparerte to gonger. Bransjen meiner likevel at lovendringa er dårleg nytt miljømessig og økonomisk.

– Eg trur at nokre kundar vil krevja eit nytt produkt der det før var hensiktsmessig å reparera, seier Jan Adelsten Røsholm, som er administrerande direktør i Elektronikkbransjen.

– Me fryktar at det fører til meir elektrisk avfall. Sjølv om det går til gjenvinning, så er det jo framleis elektrisk avfall. Større produksjon av nye produkt, vil også ha ein uheldig miljøeffekt.

Les også Elektrisk avfall på avvege: Ein tredjedel av forhandlarane er ikkje gode nok

Det blir årleg kasta rundt 145.000 tonn elektrisk avfall i Noreg, og mengdene har halde seg stabile dei siste ti åra, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Alle kjelder for avfall er då rekna med.

Administrerende direktør Jan Røsholm i Stiftelsen Elektronikkbransjen.

Jan Røsholm i Elektronikkbransjen seier målet er at kundar skal har eit langt og lukkeleg liv med produkta dei kjøper. Han meiner ikkje at fleire retteforsøk hindrar det.

Foto: Stian Sønsteng

Vil legga press på bransjen

Forbrukarrådet snur heile problemstillinga på hovudet.

– Eitt av formåla med endringane i lova, er nettopp miljø og berekraft. Det å stilla høgare krav til at produkta skal vera haldbare, er eit pluss viss du tenkjer miljømessig. Elektronikkbransjen må heller prioritera å selja produkt som har endå litt betre haldbarheit, meiner Thomas Iversen, som er juridisk seniorrådgivar i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet tek imot mellom 50-60.000 meldingar og spørsmål i året. Ein del av dei handlar om feil og manglar på produkt.

– Endringane stiller høgare krav til næringslivet om å gjera reparasjonar som faktisk løyser problemet for forbrukaren.

Men har du ein vaskemaskin som no skal inn til reparasjon for andre gong, er det ikkje slik at du kan avlysa og heller be om ny. Det er nemleg dei gamle reglane som gjeld for kjøp som er gjort før 1. januar 2024.

Thomas Iversen, Forbrukerrådet.

Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier dei får fleire spørsmål om kor mange forsøk seljarar har på å reparera varer. Det har også vore oppe i forbrukarklageutvalet fleire gonger.

Foto: Forbrukerrådet