Hopp til innhold

Psykiater: – Breivik er narsissist

– At Anders Behring Breivik skildrar dei groteske handlingane på ein så nøktern måte, understrekar det einaste begge sakkunnig-rapportane var einige om, seier psykiater Pål Hartvig.

Pål Hartvig mener Breivik er grovt mentalt forstyrret

Psykiater Pål Hartvig meiner Breivik sin oppførsel gir begge sakkunnig-rapportane rett.

Måten Anders Behring Breivik oppfører seg og formulerer seg på vil ha innverknad på om han blir vurdert tilrekneleg eller utilrekneleg, meiner psykiater Pål Hartvig.

I dag er fjerde dagen av rettssaka mot massemordar Anders behring Breivik, og dei kyniske skildringane av terrorhandlingane har skapt store reaksjonar.

LES: En dag med mye ondskap

Oppførselen hans skapar også strid i fagmiljøet om Breivik er tilrekneleg eller utilrekneleg.

Dei første sakkunnige som undersøkte Breivik konkluderte med at han var utilrekneleg og paranoid schizofren, medan den andre rapporten konkluderte motsett, at han var tilrekneleg.

– Breivik kan vere begge deler

Hartvig meiner framferda til Breivik i retten gjer det vanskeleg å bestemme om han er tilrekneleg eller utilrekneleg.

– Han hadde aldri klart å framstå så rasjonell og kalkulerande, med ei evne til å oppfatte omgivnadene sine dersom han hadde vore psykotisk, seier Hartvig.

– Men Breivik hadde heller aldri klart å gjennomføre planlegginga og handlingane om ikkje han leid av ei grov mental forstyrring, held Hartvig fram.

Samstundes var begge rapportane einige i at Breivik viser tendensar til personlegheitsforstyrring og narsissisme.

Anders Behring Breivik skildrar dei grufulle handlingane sine 22. juli med eit nøkternt og teknisk språk i rettssaka.

Dei to sakkunnig-rapportane er ferdig utarbeida, men psykiatrar observerer Breivik også gjennom heile rettssaka.

– Verdifullt at psykiatrar observerer

Breivik viser sjeldan ei mine idet han forklarar seg for aktor.

Han viser ein mangel på empati, noko Hartvig meiner kan bidra til å tale i retning av at Breivik er utilrekneleg.

– Det er verdifullt at psykiatrane kan vurdere framferda hans gjennom rettssaka. Denne kjølige tankegangen der han ikkje viser eit snev av innlevelsesevne i andre sin situasjon talar for at han kan vurderast som utilrekneleg, seier Hartvig.

Men han seier også at det skal ein del til for ein utilrekneleg person å formulere seg slik som Breivik gjer.

– Åtferda til Breivik gir mat til begge dei to konklusjonane, seier Hartvig, som meiner Breivik forsterkar inntrykket av at han er narsissist med framferda si i rettssalen.

At breivik viste teikn til narsissistisk personlegdomsforstyrring var begge sakkunnig-rapportane einige i.

Breivik finn opp nye ord

Det at Breivik brukar eit distansert språk, og gjerne finn opp nye ord i forklaringane sine, fortel noko om sinnstilstanden hans, meiner psykiateren.

– Han brukar eit distansert språk der han til dømes seier «man» i staden for «eg», noko som fortel meg noko om den fråspalta og kalkulerte tendensen han har, seier Hartvig.

Mellom anna har Breivik fleire gongar brukt ordet «av-emosjonalisering».

– Dette ordet er nytt for meg, seier psykiateren. I psykologien har vi eit ord for å finne opp nye ord: neologisme. Dette fortel meg noko om han, seier Hartvig.

– Men språket hans kan også vere ein måte å prøve å framstå som intellektuell og elegant på, det er gjerne ein kombinasjon av desse to, seier Hartvig.

– Det er ein god del ting som talar for at han er tilrekneleg. Samtidig er det noko med heile det ekstreme som kan tilseie at dette kanskje er ein sinnssjuk tilstand likevel, men at det ikkje nødvendigvis er utilrekneleg i rettsleg tilstand.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.