Hopp til innhold

– Pusten hans var opphissa og ond

SAL 250 (NRK.no) Han var blant dei første som såg Anders Behring Breivik på Utøya. – Pusten til tiltalte var veldig opphissa og ond, sa Tarjei Jensen Bech (20) då han vitna i Oslo tingrett i dag.

Tarjei Jensen Bech

Tarjei Jensen Bech (20) frå Hammerfest hadde på seg samekofte da han vitna mot Anders Behring Breivik onsdag.

Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

Tarjei Jensen Bech (20) frå Finnmark inntok i dag vitneboksen i samekofte. Få meter til høgre for han sat Anders Behring Breivik, mannen som skaut han og som tok livet av mange av venene hans på Utøya.

Då massakren på Utøya tok til, var Bech i låven like ved Hovudhuset. Han høyrde kraftige smell og gjekk ut for å sjå kva som gjekk føre seg.

Der blei han vitne til at Breivik tok sitt første offer, Trond Berntsen (51) som var politi av yrke og ansvarleg for tryggleiken på øya under AUF-leiren.

– Eg såg ein person som fall og ein annan som skaut, eg var kanskje ti meter unna. Eg kjende at eg blei veldig redd og forstod at noko var gale.

– Minna meg om onde Voldemort i Harry Potter

Saman med fleire andre begynte han å springa opp ein bakke. Då såg han at mannen som skaut hadde på seg ein politiuniform.

– Han gjekk sakte, rolig, kontrollert og bestemt. Det såg ut som om han hadde ei oppgåve han skulle gjera - å laga kaos

Bech observerte Breivik tre gonger på øya, også seinare, medan han gøymde seg under ein skrent.

– Me kunne høyra skritta til tiltalte. Me høyrde også pusten som var veldig opphissa og ond. Det fekk meg til å tenkja på Voldemort, sa Bech.

Fyrst Voldemort er ein fiktiv karakter frå Harry Potter-bøkene, ein ond trollmann som dei andre karakterane i boka knapt tør nemna med namn.

Video Tarjei Beck Jensen

VIDEO: Sjå intervju med Tarjei Jensen Beck etter vitneforklaringa onsdag.

Spurde om katten

Bech fortalde onsdag retten om korleis andre leirdeltakarar på Utøya gjorde ein iherdig innsats for å redda han, som hadde stygge skotskadar i beinet.

Som så mange andre av dei overlevande som har vitna mot Breivik, framkalla 20-åringen latter i salen fleire gonger - trass i at han forklarde seg om alvorlege og grufulle hendingar.

Andre leirdeltakarar heldt han varm og la press på såret då Bech låg i vasskanten med ein øydelagt fot.

– Dei spurde meg om kva eg heiter og spurde meg kanskje fem gonger om kva katten min heiter også.

– Den heiter forresten Klumpen, la Bech til og fekk både aktor Svein Holden og folk på tilhøyrarbenkane til å flira.

Det har blitt mange sykehusopphold for Tarjei Jensen Bech

– Eg plar seia at eg er operert fleire gonger enn Michael Jackson, spøkar Tarjei Jensen Bech. Han blei liggjande på sjukehuset i ni veker og var gjennom sju operasjonar etter at han blei skoten på Utøya.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB Scanpix

– Fleire operasjonar enn Michael Jackson

Tarjei blei jaga ned ei 15 meter høg klippe og skoten nedanfor venstre kneskål. Skotet spjørar skinnbeinet i venstre bein. Han har operert sju gonger etter Utøya. Framleis gjenstår det to operasjonar.

– Eg plar seia at eg er operert fleire gonger enn Michael Jackson, sa finnmarkingen, nok ein spøk som blei godt motteke av tilhøyrarane i salen.

Etterkvart ropa dei andre inn ein båt. Dei sa til båtføraren at eg var hardt skada, eg tenkte at «det er eg jo ikkje». Det var heilt absurd.

Om bord i båten heldt dei andre ungdomane fram med å stilla Bech spørsmål for å prøva å halda han vaken og for at han skulle fokusera på andre ting enn smertene i den blodige foten.

– Dei spurde meg i båten kva musikk eg lika. Eg sa Queen - av alle verdas ting.
Då starta me å synga på songen «Bohemian Rhapsody». Det var sikkert surt og ein litt upassande sang å synga. Me begynte heller å syngja på «We are the world», minnast Bech, som med det atter ein gong fekk folk i rettssal 250 til å trekkja på smilebanda.

Vitna i samekofte

Bech blei liggjande i 9 veker på sjukehus, og er framleis halt som følgje av skotskaden i foten. Dei fysiske plagene har vore verst, men det har også vore vanskeleg psykisk.

– Eg var redd høge lydar og frykta store folkemengder. Men det har blitt betre, seier Bech som var fylkesleiar i Finnmark AUF då han var på Utøya i fjor.

Etter Utøya har han engasjert seg enda meir politisk. Han sit no i kommunestyret og formannskapet i heimbyen Hammerfest. Han er også vald inn på fylkestinget i Finnmark.

Då den engasjerte 20-åringen inntok vitneboksen onsdag, var han kledd i samekofte.

Breivik har tidlegare i rettssaka fått spørsmål frå bistandsadvokatane om sitt syn på samar.

– Eg har ingenting imot samar. Eg anerkjenner dei som eit urfolk of dei bør anerkjenna oss nordmenn som urfolk, svara den terrortiltalte.

Bistandsadvokaten spurde også gjerningsmannen om han meiner samar bør få bu i Noreg.

– Samane bur i sameland. Også er det mange samar som bur i Oslo, sjølvsagt. Eg har ikkje teke stilling til det, var svaret frå Breivik.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.