Hopp til innhold

– Verdiane mine står sterkare etter terroren

YOUNGSTORGET (NRK.no) – Då me kom over til landsida, snudde me oss fra gjerningsmannen og mot kvarandre. Slik forklarar Munir Jaber korleis AUF-arane på Utøya har klart å koma seg vidare etter terroråtaket.

Video Nestleiaren i Oslo AUF vitnar mot Breivik

Nestleiaren i Oslo AUF vitnar i dag mot Anders Behring Breivik. Munir Jaber seier han har ofra lite tid og krefter på å tenkja på gjerningsmannen, og er meir engasjert i politikken en nokosinne.

Fredag skal 22 år gamle Munir Jaber vitna mot mannen som tok livet av 69 menneske, mange av dei partifellene hans, på Utøya den 22. juli i fjor.

Jaber var sjølv vitne til at Anders Behring Breivik skaut og drap leirdeltakarane. Likevel har nestleiaren i Oslo AUF tenkt svært lite på gjerningsmannen i tida etter massakren.

– For meg har det vore avgjerande å ikkje tenka på gjerningspersonen. Det har vore utruleg viktig å vera der for mine alle mine vener, både nye AUF-medlemmer og dei som var på Utøya, seier Jaber.

Artikkelen fortsetter under bildet:

Munir Jaber og Ina Libak klemmer

POLITIKK: Då NRK.no vitja AUF veka før rettssaka jubla AUF-nestleiarane i Oslo og Akershus, Ina Libak og Munir Jaber, over ein felles klimakampanje.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Unngår å kalla Breivik ved namn

Jaber observerte Breivik frå Storsalen i Kafébygget på Utøya og flykta frå han ved Stoltenberget/Bolsjevika.

Mange av AUFarane som skal vitna, inkludert Jaber, unngår konsekvent å bruka namnet til Breivik.

– For meg handlar ikkje dette om han, det handlar om tilliten til at ting blir gjort på riktig måte under rettssaka. Ved å vitna bidreg eg i rettsprosessen til å kasta lys over det statsadvokatane vil ha fram i lyset. Eg tek det på alvor og ser på det som ein viktig del av det å få han dømd.

Artikkelen fortsetter under videoen:

Video Munir Jaber fortel om korleis han overlevde massakren på Utøya

Munir Jaber fortel om korleis han overlevde massakren på Utøya.

22-åringen gir samhaldet i AUF og fjorårets kommuneval æra for at han har greidd å sjå framover i tida etter 22. juli.

– Både nye og gamle medlemmer står saman. Det er avgjerande og utruleg fint å sjå at ein tenkjer på kvarandre og stiller opp i tunge tider. I tillegg jobbar me i fellesskap for å sjå framover og koma tilbake til vårt daglege virke, fortel Jaber.

– Eg håpar folk oppfattar at eg har vore der for dei, det er viktig for meg, legg han til.

Tok steget mot kvardagen under kommunevalet

Valkampen og det politiske arbeidet før kommunevalet i september 2011 bidrog særleg til å flytta fokuset frå sorg og vonde minne til kvardagen og mot framtida.

– Valkampen gjorde det lettare å koma tilbake til kvardagen og det som er normalt for oss i AUF. Me var ute og snakka med folk, snakka om våre politiske standpunkt og lytta til kva som er viktig for andre, seier den engasjerte ungdomspolitikaren.

Gjerningsmannen har ikkje lukkast med å bryta ned ideologien og engasjementet blant AUFarane – tvert imot, seier Jaber:

– Mine verdiar er styrkte. Mitt ønskje om korleis samfunnet bør vera står også sterkare. Etter åtaket på AUF, Noreg og på demokratiet den 22. juli har det vore viktig for meg å gå djupare i mitt engasjement og mine verdiar. Dette hjelper meg i å koma vidare. Eg står opp og jobbar kvar einaste dag for det eg trur på: eit inkluderande og trygt samfunn for alle, uavhengig av hudfarge og religjon.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.