Hopp til innhold

– Høgreekstreme vil føle seg pressa til å ta avstand frå Breivik

Ekspert på terrorisme, Jan Oskar Engene, trur ikkje Anders Behring Breivik si forklaring kjem til å føre til auka rekruttering til høgreekstreme miljø.

Jan Oskar Engene

Jan Oskar Engene arbeider ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har mellom anna vore engasjert i arbeidet til 22.juli-kommisjonen.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Meiningsfellene vil føle seg pressa til å ta avstand, meiner terrorforskaren, sier Engene til NRK.no.

I forklaringa i retten tysdag hevda Anders Behring Breivik at han tilhøyrer eit nettverk, og at han snakkar på vegne av mange. Men terrorforskar Jan Oskar Engene meiner vi ikkje skal overdrive frykta for at Breivik skal få ein talarstol som kan føre til auka rekruttering til høgreekstreme miljø.

– Eg er ikkje så sikker på at dette skal føre til auka rekruttering. Gjennom rettssaka har vi fått ei påminning om det store omfanget. Også dei som deler Breivik sitt politiske standpunkt vil føle seg pressa til å ta avstand frå det han har gjort, seier Engene.

– Får ikkje fleire tilhengarar

Rettssaka vekkjer stor merksemd over store deler av verda. 800 journalistar frå over 200 medieinstitusjonar er til stades. I går var dette hovudsak på dei fleste store nyheitskanalane verda over. Engene trur måten terroraksjonen blei utført på får potensielle tilhengarar til å snu ryggen til Breivik.

– Rettssaka vil føre til auka merksemd. Men det vil neppe føre til auka interesse for å bli med i miljøa. Kanskje tvert om, seier Engene.

– I høgste grad ein terrorist

Jan Oskar Engene definerer terrorisme som valdsbruk som med overlegg råkar sivile for å skape ein effekt på andre. Målet med valdsbruken er å skape merksemd som kan brukast til å formidle ein politisk bodskap.

– Vi må i høgste grad kunne seie at Anders Behring Breivik er ein terrorist, seier Engene.

– Brått og uventa

Engene har studert terroraksjonane frå etterkrigstida og fram til i dag. Gjennom 60- og 70-talet var det terrorgrupper i Nord-Irland, Spania og nokre andre europeiske land det var mest fokus rundt. På den tida trudde han ikkje at terroren kunne ramme Noreg slik det blei sist sommar.

– Nei. Mitt utgangspunkt har vore å forklare kvifor enkelte land har blitt meir ramma av terrorisme enn andre land. Dei skandinaviske landa har hatt mindre terrorisme enn andre land som Tyskland, Storbritannia, Spania og Italia.

– Men brått ramma det også vårt land. Kva tenkjer du om det?

– Vi har hatt nokre mindre tilfelle av politisk vald også i Noreg. Men det kom som ei stor overrasking for dei aller fleste at dette skulle skje her i landet. Men det er også litt av terroren sin natur at dette kjem brått og uventa.

– Få slike aksjonar i vår del av verda

Engene deler terrorisme inn i to hovudtypar. På den eine sida kjem seriane av avgrensa, små aksjonar. Dette er ofte små aksjonar der få blir drepne. Raude armé fraksjon, ETA og IRA gjennomførte som regel slike aksjonar.

På den andre sida kjem aksjonar der valden er mykje kraftigare og fleire blir drepne i ein og same aksjon. Terroren i Regjeringskvartalet og Utøya er ifølgje Engene ein slik aksjon.

– Slike aksjonar skjer sjeldan i vår del av verda. I Europa har det vore 34 store terrorangrep med fleire enn 10 drepne sidan 1960-talet, seier Engene.

– Neppe liknande aksjonar

Om ein ser verda under eitt, kan det sikkert finnast fleire som kan utføre liknande terroraksjonar som den på Utøya, seier Engene. Men han har lita tru på at vi bør frykte at det fins fleire som har same utgangspunkt som Behring Breivik. Han grunngjev dette med at høgreekstreme ikkje har stått bak storparten av dei kjende, store terroraksjonane.

– Det har vore forholdsvis få store terrorangrep frå høgreekstreme. Av dei 34 terroraksjonane i Europa, kan 5–6 knyttast til høgreekstreme miljø. Før 22. juli 2011 måtte vi tilbake til 1980 for å finne ein slik aksjon. Då miste 85 menneske i Bologna livet. Same året var der ein aksjon i München der 13 døde, seier Engene.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.