Hopp til innhold

– Underrapporterer om innvandringa til Noreg

Oslo tingrett har ombestemt seg, og tillet kringkasting av vitnemålet til den innvandringskritiske samfunnsdebattanten Ole Jørgen Anfindsen tysdag. Innvandringsstatistikken i Noreg er politikarstyrt og feil, meiner Anfindsen.

Ole Jørgen Anfindsen

Den verdikonservative og innvandringskritiske samfunnsdebattant Ole Jørgen Anfindsen vitnar tysdag. Anfindsen har også ein realfagleg doktorgrad og jobbar med statistisk dataanalyse i Det Norske Veritas. Etter mykje om og men har han fått status som sakkunnig vitne og skal snakka om den demografiske utviklinga i Noreg, med eit kritisk blikk på Statistisk sentralbyrå (SSB) sine innvandringsprognosar.

Foto: Privat

Årsaka til at kringkasting likevel blir lov, er at forsvararane omsider har fått godkjent Anfindsen sin status som eit sakkunnig og ikkje eit ordinært vitne.

«På bakgrunn av hans nye mandat og mer omfattende forklaring knyttet direkte opp mot hans utdannelse og yrke, har forsvaret bedt retten om å omdefinere han fra ordinært vitne til privatengasjert sakkyndig. Dette har retten gitt sin tilslutning til», opplyser Oslo tingrett måndag.

Les heile avgjerda til tingretten her

Dempar kritikken

Dommarane i terrorsaka vedtok for ei dryg veke sidan at det berre er lov å kringkasta vitne som har status som sakkunnige. Samstundes kategoriserte retten alle dei islamkritiske vitna på lista som ikkje-sakkunnige. På spørsmål frå NRK kunne ikkje tingretten gje eit klart svar på kvifor inndelinga vart slik.

Anfindsen meinte lista bar preg av at dommarane delte vitna inn i eit A- og eit B-lag etter ideologi. Han og fleire andre vitne oppfatta avgjerda som grov sensur og eit rettsleg overgrep.

I etterkant har Anfindsen fått forklart at det er rettsprinsippet om kontradiksjon som ligg til grunn for at retten ikkje tillet kringkasting av ordinære vitne.

– No forstår eg meir av tenkinga som ligg bak og vil eg dempa kritikken. Eg har respekt for den prinsipielle grunngjevinga, og ville ikkje ha ordlagt meg på same måte i dag, seier Anfindsen.

– Uheldig i praksis

Ettersom Breivik sine kommentarar ikkje blir kringkasta, meiner retten det vil bli ubalansert å tillata overføring av ordinære vitneforklaringar. Dette argumentet omfattar ikkje dei sakkunnige vitna, ettersom desse skal kasta lys over eit saksfelt og ikkje skal ta stilling til tiltalte sine forklaringar eller til sjølve hendingane.

Avgjerda er likevel uheldig i praksis, meiner Anfindsen.

– Eg er framleis usamd i korleis retten har trekt grensa mellom kven som kvalifiserer som sakkunnige vitne og ikkje. Eg tykkjer dei er for strenge og er betenkt over kva slags praktiske utslag dette gjev, seier Anfindsen.

Korkje leiaren av Stopp islamiseringa av Noreg (SIAN) Erik Tumyr, fredsforskaren Johan Galtung, den tidlegare Norwegian Defence League-leiaren Ronny Alte, filmskaparen Walid al-Kubaisi, eller nynazisten Tore Tvedt er på lista over vitne som det er lov å kringkasta.

Det var heller ikkje fleire andre kontroversielle vitne, som no har trekt seg: bloggaren Peder Nøstvold Jensen aka Fjordman, islamistane mulla Krekar og Mohyeldeen Mohammad og den islamkritiske forfattaren Bruce Bawer.

Frå nettdebatt til demografi-forsking

Anfindsen skal i vitneboksen tysdag føremiddag. Han er forfattar og redaktør for den innvandringskritiske og verdikonservative nettstaden HonestThinking.org, og blei opprinneleg stemna inn av Breivik sine forsvarar for å forklara seg om sin kjennskap til tankane som sirkulerer i den islamkritiske bloggosfæren på internett.

Ettersom retten på dette grunnlaget ikkje ville gå god for å gje Anfindsen status som eit sakkunnig vitne, har forsvararane endra vitne-mandatet til Anfindsen, og argumentert med hans faglege bakgrunn.

Anfindsen er nemleg forfattar av boka Selvmordsparadigmet, har ein realfagleg doktorgrad og jobbar med statistisk dataanalyse i Det Norske Veritas.

Tema for vitnemålet blir no hovudsakeleg statistisk metodebruk i forsking på den demografiske utviklinga i Noreg, og korleis desse forskingsresultata blir presenterte og nytta av media og av politikarar.

Anders Behring Breivik

Terror-tiltalte Anders Behring Breivik meiner politiske elitar i Europa og islamske leiarar har inngått ein konspirasjon om demografisk krigføring i vestlege land.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Breivik trur på demografisk krigføring

Breivik er svært oppteken av innvandring og den demografiske utviklinga i Noreg. I kompendiet sitt kjem han med fleire påstandar om at nordmenn vil bli ein minoritet innan kort tid som følgje av masseinnvandring.

Det pågår ei demografisk krigføring med mål om å utrydda den norsk etniske rase, forfektar den terrortiltalte 33-åringen. I kompendiet sitt skriv han at:

«Den kulturmarxistiske/multikulturelle elitane i Europa er skuldige i høgforræderi ved å tillata og forsvara tidlegare og pågåande islamsk invasjon/kolonisering av Europa av muslimske statar (..) gjennom bruk av demografisk krigføring (ved å tillata musimsk masseinnvandring og ved å aksepterera ein gjennomsnittleg fødselsrate blant muslimar på 3-4)».

Anfindsen understrekar at han som statistikar ikkje støttar opp om Breivik sine påstandar.

Han er likevel kritisk til Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar av innvandringsutviklinga i Noreg, og meiner etaten underrapporterer til politikarane og journalistane om prognosar for innvandringsvekst.

Han kan avsløra at SSB vil få passet sitt påskrive når han inntek vitneboksen tysdag morgon.

– Eg kjem til å drøfta ein del ting om korleis SSB har opptredd i offentlegheita dei siste 20 åra. Eg vil retta eit kritisk søkjelys mot forskingsrapportar og arbeidsmetodar forskarane der har nytta i framstillinga av den demografiske utviklinga i Noreg, og korleis dei har kommunisert resultata ut mot media, seier samfunnsdebattanten.

– SSB under press frå politikarane

– Poenget mitt er at SSB er for selektive når dei vel sine framtidsscenariar, og ikkje tek høgde for at nettoinnvandringa kan bli betydeleg høgare, forklarar samfunnsdebattanten.

Han vil under vitnemålet sitt tysdag trekkja fram indisiar som han meiner peikar i retning av at at SSB er under press frå politikarar.

– Det er viktig å forstå kvifor personar blir radikaliserte og endar opp som terroristar. Eg vil trekkja inn demografi som eit døme på ei overordna poeng om at allennheita må få ærlege og redelege framstillingar av samfunnsutviklinga, fortel Anfindsen.

SSB avviser påstandar om politisk press, og framheld at SSB er ein uavhengig kunnskapsinstitusjon.

– Folkesetnadsframskrivingane våre har av og til fått kritikk frå politikarar frå ulike hald, men det oppfattar me ikkje som forsøk på politisk press, seier forskingsdirektør Torbjørn Hægeland i SSB.

Torbjørn Hægeland, SSB

Torbjørn Hægeland er forskingsdirektør i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Foto: Pressefoto / Studio Vest
– Svak metode - ikkje politisk press

Hægeland påpeikar at framtida er usikker, og at prognosane nokre gonger treff dårlegare enn andre.

– I 2005 såg me ikkje at innvandringa frå EU-land i Aust-Europa ville auka så raskt som den har gjort. Men det har også skjedd at me har kome med for høge anslag på innvandringa.

Han presiserer at det ikkje er politiske føringar, men svakheiter i metodebruken som er årsaka til at prognosane slår feil ut.

– Me arbeider kontinuerleg med metodane våre. Me legg heller ikkje skjul på at det er vanskeleg å gje presise anslag på innvandringa framover, spesielt for den delen som i praksis er fri, altså innvandringa frå EØS-omtrådet, seier direktøren.

SSB-forskar Lars Østby stod tidlegare på forsvaret si vitneliste, men er no fjerna.

Fem i vitneboksen på tysdag

Desse fem skal vitna tysdag (kringkasting av dei to første er lov):

  • Ole Jørgen Anfindsen, forfattar og samfunnsdebattant
  • Einar Øverenget, filosof
  • Ronny Alte, tidlegare leiar av den islamkritiske organisasjonen Norwegian Defence League (NDL). Alte er no tilknytta den nystarta grupperinga Norges frihetsparti.
  • Arne Tumyr, leiar for organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN)
  • Tore Tvedt, grunnlegjaren av den nynazistiske organisasjonen Vigrid.


Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.