Skal ein i størst mogleg grad skjerma borna for mediedekninga av 22.juli-rettssaka og Breivik, eller bør ein snakka godt ut med ungane sine om dette? Korleis skal ein eventuelt ordleggja seg? Og korleis fangar ein opp signal frå born som er prega av terrorsaka?
- LES OGSÅ:
Atle Dyregrov er leiar for Senter for Krisepsykologi i Bergen, og spesialist på sorg og sorgreaksjonar hjå born og unge. I dag møtte han NRK.no sine lesarar til nettmøte.
- Still spørsmål og få svar i høgrespalta på NRK si nettside om 22.juli-rettssaken.
– Vêr obs på klengete born med søvnvanskar
Bør ein snakka med borna om rettssaka? Kvar bør i så tilfelle grensa gå for kva ein seier? spurde lesaren Line.
– Ja, det bør me gjera, men vurder etter kor interessert barnet er i saka. Så massivt som dette dominerer mediebiletet er det ingen born i skulealder som vil vera heilt skjerma for dette, opplyser Dyregrov.
Han påpeikar også at ein bør vera obs på søvnmønsteret til borna for å vurdera om dei er prega av 22.juli hendingar relatert til dette.
–Søvn er eit godt barometer på korleis barn har det. Om barnet ditt søv dårleg (somnar seint, vaknar opp om natta, får mareritt osv.), kan det vera eit slikt teikn. Elles kan du sjå etter om bornet endrar seg ved å bli meir klengete og oppsøkja garantiar for at dei er trygge. Born har svært ulike reakssjonar, utdjupar Dyregrov.
Råd til pårørande og etterlatne
Fleire overlevande, pårørande og etterlatne opplevde i går, då rettssaken starta, at alt det vonde og tunge dei opplevde i tida like etter 22.juli kom veltande tilbake.
I tillegg til å rettleia foreldre, kan Dyregrov gje råd til dei råka om korleis dei best kan bearbeida det tilbakevendande tungsinnet, frustrasjonen og vreiden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
«Øystein» spurde Dyregrov om han trudde avgjerda i tilreknelegheitsspørsmålet vil påverka sorgprosessen til pårørande.
– Eg trur det er lettare for dei fleste om han får straff og ikkje blir erklært utilrekneleg. Sjølv om han ikkje slepp ut i samfunnet att uansett, er det meir uro knytta til utilreknelegheit. Samstundes trur eg folk opplever det som meir rettferdig at han får straff, forklara Dyregrov.
Lesaren Kine var ein av dei som bad om råd til folk flest, og lura på om ein bør vera førebudd på å få reaksjonar dersom ein følgjer saka tett.
– Dei fleste som fordjupar seg i denne saka ved å følgja med time etter time vil bli påverka og kan kjenna uro over det dei høyrer. Det er naturleg og avspeglar at me har empati for dei som er råka. Mitt råd til vanlege folk er at dei avgrensar kor mykje dei eksponerer seg for det sterke materialet, skaffar seg daglege oppdateringar men elles lever liva sine så nortmalt som mogleg, er svaret frå krisepsykologen.