Det er over 900 norske og utanlandske journalistar til stades i Oslo tingrett for å formidle det som skjer i rettssaka mot Anders Behring Breivik. Og ein gjennomgang av dei største nyheitsformidlarane viser at saka i føremiddag var på så og seie over alt.
CNN, Sky News, Al Jazeera og BBC er nokre av dei viktigaste nettstadene internasjonalt, og alle saman har sine representantar i Oslo og har sakene frå tinghuset på topp.
Det same gjeld nettsidene til Dansk Radio og Sveriges Television, samt svenske og danske storaviser. Også på den europeiske kontinentet vekkjer rettssaka stor interesse, både i Frankrike, Tyskland, Italia og Storbritannia har rettssaka etter 22. juli-tragedien toppa dei fleste nyheitsmedium.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: