Målet er å effektivisere helsetenestene og redusere ventetidene.
– Kunstig intelligens kan effektivisere helsetenesta og spele ei viktig rolle i arbeidet med å få ned ventetidene, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
– Bruk av kunstig intelligens-system er definitivt ein del av løysinga på utfordringa med personellmangel og ventetider. KI kan avlaste ved å forenkle ein del oppgåver som i dag tek unødvendig mykje tid frå helsepersonell. Teknologien kan bidra til å gi helsepersonell meir tid til direkte pasientbehandling, seier Guldvog.
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet leier Helsedirektoratet no derfor arbeidet med ein felles plan for trygg og sikker innføring av KI i helse- og omsorgssektoren.
– Teknologien er jo framleis relativt ny og umoden, men vi i ser allereie no gode døme på at KI-system kan bidra til få ned ventetidene, seier helsedirektøren.
Han skryter av prosjektet i Vestre Viken der bruk av kunstig intelligens i røntgenanalyse har bidrege til å redusere ventetida betrakteleg. I Møre og Romsdal er tidsrommet mellom planlegging og gjennomføring av strålebehandlingar redusert ved bruk av KI.
Med i planlegginga er Direktoratet for medisinske produkt, Helsetilsynet, Folkehelseinstituttet, dei regionale helseføretaka, KS og kompetansenettverket KIN (Kunstig intelligens i norsk helseteneste).
(©NPK)