Hopp til innhold

Nå er flåtten her: Dette må du sjå etter

Den er bitte liten, og truleg ein av Noregs minst populære innbyggarar. Flåtten kryp nå rundt i skogen igjen.

Flått

Skogflåtten er den største smittespreiaren blant blodsugarane i Nord-Europa.

Foto: NRK

Den blodsugande midden lurer i skogen, og håpar å feste seg til ein legg eller hund som er ute på tur.

– Flåtten begynner å vere i aktivitet når det er 7–8 grader ute. Så nå er det lurt å sjekke seg om du har vore ute i skog og mark med høgt gras og mykje vegetasjon, seier smittevernoverlege Einar Sagberg i Drammen kommune.

Ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) er skogflåtten den største smittespreiaren blant blodsugarane i Nord-Europa.

Flått sak

Det er viktig å også sjekke kjæledyra, der flåtten kan vere skjult i pelsen.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Åtvarar mot raud ring

Er du ute i naturen, er det ikkje så lett å unngå flåtten. Nymfene og larvane er ganske små, og vanskelege å oppdage. Og så er dei raske.

– Eg blir biten litt av flått av og til, eg òg. Nesten kvar sesong, seier Sagberg.

Flåtten kan overføre fleire sjukdommar, og dei to vanlegaste er borreliosebakterien og TBE-viruset.

– Viss du blir biten, når skal du kontakte lege?

– Viss du får ein aukande raud ring rundt bitstaden dei følgande dagane, da bør du oppsøke lege. Det er det første teiknet på at ein borreliainfeksjon veks i huda. Den behandlar vi da med antibiotika.

Ved omtrent 98 prosent av alle flåttbit skjer det inga overføring av smitte, og du blir ikkje sjuk. Cirka to av 100 flåttbit fører til sjukdommen borreliose, skriv Norsk Helseinformatikk.

Kan smitte omgåande

FHI ber også folk om å vere på vakt etter følgande symptom i tida etter eit flåttbit:

  • Slappheit
  • Hovudverk
  • Feber
  • Ansiktslamming, muskelsmerter eller væskesamling i ledd

Skogflåtten trivst best på fuktige stader med gras, små buskar, kratt og i open skog der det er mykje hjortedyr.

– Kor raskt må flåtten fjernast for å unngå den farlege smitten?

– Borreliabakterien tar eitt til to døgn for å bli overført, så han må sitte litt. TBE-viruset sit framme i bitapparatet til flåtten, og blir ganske omgåande overført når du blir biten, så det er det vanskeleg å førebygge ei overføring av, seier smittevernoverlegen.

Einar sagberg, smittevernoverlege i Drammen kommune

Smittevernoverlege Einar Sagberg ber folk følge med på symptoma etter eit flåttbit.

Foto: Dana Khalouf / NRK

Hugs å riste kleda

Det finst ingen statistikk over kor mange nordmenn som blir bitne kvart år, men i ein 2019-studie frå Søgne, som er eit område med høg førekomst av flått, hadde 85 prosent av innbyggarane hatt flåttbit tidlegare i livet, og 35 prosent det siste året, ifølge Flåttsenteret.

Det er nokre insektmiddel som hjelper mot flått, og elles har Sagberg følgande råd:

– Bruk litt lange bukser viss du er ute i høg vegetasjon, og hugs å riste kleda godt når du kjem heim, slik at flåtten ikkje rekk å feste seg. Sjå over deg sjølv, eller kvarandre, for da kan du fange flått mens dei kryp, før dei festar seg.

Det er også viktig å sjekke hundar og kattar som spring rundt i terrenget.

– Er det sånn at flåtten liker nokon betre enn andre?

– Vi har ikkje sikre data på det, men vi høyrer jo at det er nokon som seier dei får mange flåttbit, mens andre aldri blir bitne. Så det er mogleg at det er nokre kroppslukter som er meir tiltrekkande.

Les også Stoppa sal etter skepsis – ny vaksine nærmar seg

En flått kravler på et grønt blad