Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Foto: Svend Even Hærra / NRK

Post Paris

Eg sit inneklemt i ein taxi i Brussel. Klemt mellom to menn frå oljebransjen sin mektige interesseorganisasjon, Norsk Olje og Gass. Mykje står på spel for dei i dag. Dei skal skaffe forsikringar om at EU vil kjøpe norsk gass i lang tid framover. Skal oljeselskap våge å investere i olje og gassutvinning i Barentshavet, må dei lukkast.

Brennpunkt journalist Inger Sunde har i eit halvt år følgt direktør i Norsk olje og gass, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Dette er hennar personlege skildring frå då ho var med gasslobbyen til Brussel for å selje norsk gass.

Brussel 23. februar
Gatene er einvegskøyrde. Taxisjåføren forbanner morgonrushet. Eg gjer meg så lita eg kan i mi «oversized» vinterkåpe. Dumt å hamne i midten mellom to litt nervøse menn. Til venstre; Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Til høgre: hans rådgjevar, Erling Kvadsheim.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Brussel

Eg angra i det øyeblikket drosjen skaut fart. For plasskrevande kåpe og dum plassering midt mellom to ganske nervøse gasslobbyistar.

Foto: Erik Lindbom / NRK

Schjøtt-Pedersen har ein papirbunke i fanget. Han les. Innstuderer argumentasjon. Strekar under viktige poeng. Stryk over unødige poeng. Han har fått audiens både hos energiministeren i EU kommisjonen og leiaren i energikomiteen i EU Parlamentet i dag.

Rådgjevaren til høgre har ein lågmælt mobilsamtale. Du meiner til venstre? Til høgre? I underetasjen? Kor langt frå inngangsdøra? Rådgjevar Kvadsheim gjer sitt beste for å finne ut kor dei to skal møte Statoil og NHO. Saman skal dei besøke parlament og kommisjon for å sikre framtidig sal av norsk gass til EU.

Klimatrussel

Det er litt over to månadar sidan Paris-avtalen vart vedteken. 196 land vart einige om å redde kloden. Klimafolket pusta letta ut. Den norske oljebransjen trakk pusten djupt. Klimaavtalen aktiverte debatten om fossilt brennstoff contra fornybar energi.

– Du har full kontroll nå, Erling? smiler Schjøtt-Pedersen i det dei går ut av taxien og set kursen mot Parlamentet. Svaret blir borte i lyden av trillekoffertar. Sjølve lyden av EU-politikarar og lobbyistar på midlertidig opphald i EU byen.

Schjøtt-Pedersen har reist hit for å forsikre seg om at Paris-avtalen ikkje står i vegen for sal av norsk gass til EU. Dei norske draumane om eit nytt olje- og gasseventyr i Barentshavet, krev at Norges største gasskunde held oppe etterspørselen.

Schjøtt-Pedersen strener fokusert og målretta i retning inngangspartiet. I Norge kjenner «alle Schjøtten». I Brussel er han ein av mange i dress.

Mann med hatt

Oljelobbyen i Brussel

Flankert av rådgjevar Erling Kvadsheim i Norsk olje og gass(t.v.) og sjef for Statoils pressekontor i Brussel, Anders Marvik (t.h) strener oljelobbyist Schjøtt-Pedersen målretta gjennom EU-Parlamentet.

Foto: Erik Lindbom / NRK

Det er tidleg på morgonen. Siviliserte politikarar og lobbyistar ventar tolmodig på å kome gjennom sikkerheitskontrollen til Parlamentet. Schjøtt-Pedersen har eit høgt tempo. Raskt ganglag. Ofte litt seint ute.

Han likar ikkje å bli stilt spørsmål medan han går, men han er god til å svare det han vil svare. I dei fire månadane eg har følgt han til no har eitt svar blitt gjentatt når gass har blitt eit tema;

«For hver eneste enhet kull som kan bli erstattet med norsk naturgass, vil CO₂-utslippene bli halvert!»

No er vi i bevegelse. Eg stiller ingen spørsmål. I det fjerne ser eg ein mann med hatt. Blikket under bremmen er retta mot oss.

Aggressiv gasslobby

I Brussel kan du gjere ein forskjell om du har snakketøyet i orden. Få byar er meir gjennomsyra av lobbyistar enn EU-byen. Nokre kvartal unna Parlamentet har den internasjonale klimaorganisasjonen E3G sitt Brussel-kontor.

I gangen inn mot det vesle kontoret under eit skråtak, blir eg møtt av glossy bilde av triste isbjørnar på spinkle, smeltande isflak. Dei tre som sit på Brussel-kontoret er ekspertar på klima-diplomati og energipolitikk.

Jonathan Gaventa

Jonathan Gaventa i klimaorganisasjonen E3G har lite godt å seie om den norske gasslobbyen.

Foto: Erik Lindbom / NRK

Direktør for europeisk klimapolitikk, Jonathan Gaventa, har akkurat kome frå London. Med tog sjølvsagt. Ikledd dress. Medan Schjøtt-Pedersen meiner gass er klimaløysinga for Europa, meiner Gaventa at energieffektivisering og fornybar teknologi er løysinga. Han har lite godt å seie om nordmennene som kjem til EU for å selje gass. Han hevdar dei har blitt stadig meir aggressive i si lobbyverksemd for norsk gass.

– Norsk oljelobby og Statoil er veldig markante her i Brussel. Dei brukar mykje pengar på å promotere ideen om at gass er eit klimavenleg alternativ, seier Gaventa.

I EU er kull den viktigaste energikjelda, nest etter kjernekraft. Kull er verstingen av dei tre fossile brennstoffa og fører til større CO₂ utslepp enn gass. På bakgrunn av dette marknadsfører norske styresmakter og oljelobbyen norsk gass som eit klimavenleg alternativ. Dette provoserer Gaventa.

– Det er ikkje tvil om at kull er den største klimatrusselen, men å erstatte kull med gass fører oss ikkje til togradarsmålet. Det nyttar ikkje å gå frå kull til gass. Vi må gå frå kull og gass til fornybar energi, seier Gaventa.

Han meiner energieffektivisering er eit viktig steg på vegen mot eit fornybart samfunn. Han hevdar at gass i kraftsektoren har blitt redusert i EU og at dette kjem av meir energieffektive bygningar i kombinasjon med fornybar energi.
Fornybar energi er i vekst i EU. Tal eg har funne i Eurostat (EUs Statistisk sentralbyrå) viser at 16 prosent av EUs energiforbruk er fornybart. Dette er ei dobling sidan 2004.

Påverke debatten

Ved inngangspartiet til Parlamentet har Statoil, NHO og Norsk olje og gass funne kvarandre. Mannen under hatten viser seg å vere Statoil sin mann ved pressekontoret i Brussel, Anders Marvik.

– Min jobb her i Brussel er å ha tilgang, fortel han.

– Eg må vere med og påverke debatten. Kome med løysingar. Sjølv om Norge ikkje er EU-medlem er det lett å bli høyrt her, held han fram.

Saman med dåverande leiar av NHO sitt Brussel-kontor, Roald Guldbrandsen, skal han assistere Schjøtt-Pedersen i dagens møte.

Dei fire nordmennene strener i målretta prosesjon i retning heisen. I 8. etasje blir dei bedt om å vente. Schjøtt-Pedersen står i ro og eg nyttar sjansen til å spørje kva han vil med møtet.

– Målet er at EU får mest mogleg kunnskap som grunnlag for dei slutningane dei skal ta. Det er viktig både for EU og Norge at vi har eit strategisk samarbeid om sal av gass, fortel han.

Rett før han får audiens rekk han og å gjenta det han ofte svarar: «For hver eneste enhet kull som blir erstatta med norsk naturgass, vil CO₂-utslippene bli halvert.»

– EU har ikkje sjanse til å nå sine klimamål utan gass frå Norge, legg han til.

Sidan eg starta arbeidet med dokumentarfilmen «Oljelobbyen» i fjor haust, har argumentet om at norsk gass er dobbelt så klimavenleg som kull, blitt gjentatt. I debattar, i aviser, over middagsbord og frå politikarar og gasslobbyen.

Men Aftenposten bestemte seg for å sjekke om dette stemte. Journalistane tok kontakt med åtte ekspertar frå Norge, USA, Storbritannia og Tyskland. Ingen av dei kunne bekrefte at gass førte til halvparten så store utslepp som kull.

– Gass erstattar ikkje kull

Karen Sund

Gassanalytikar Karen Sund har lita tru på at gass vil erstatte kull i Europa.

Norge er den tredje største gasseksportøren i verda. 20 prosent av all gass i Europa kjem frå Norge. Den blir brukt til oppvarming i hus, i industrien og i gasskraftverk for å lage elektrisitet.

Norsk gasseksport var rekordhøg i fjor og for første gong hadde Norge større inntekter på eksport av gass enn på oljeeksport. Den lave oljeprisen er mykje av årsaka til dette.

Før eg reiste til Brussel snakka eg med gassanalytikar, Karen Sund, i Sund Energy. Ho hadde lita tru på at gass vil erstatte kull i Europa.

– Så lenge gass er dyrare enn kull, så erstattar den ikkje kull. Kull er svært billig, så for å utkonkurrere kull må ein nesten gje bort gassen gratis.

Fryktar dekarbonisering

Dørene til kontoret i 8. etasje i EU-parlamentet går opp. Ein blid polakk ønskjer velkomen. Jerzy Buzek var statsminister i Polen frå 1997 til 2001. No er han leiar for energikomiteen i EU. Døra blir stengt bak oss.

Personleg er eg ikkje så glad i møter, men dette møtet får det til å krible i meg. Å få bli med oljelobbyen så langt inn i maktas korridorar med kamera, er spesielt. Eg tar plass i ein svart skinnstol under ein yuccapalme. Eg er musestille. Som journalist er eg van med å bli kasta ut av møter i det dei blir interessante.

Dei andre tar plass rundt eit mandelforma eikebord. Det er stille. Litt kleint. Så vaknar vi alle. Buzek slår i bordet og seier at han er klar til å lytte.

VIDEO: Leiar for energikomiteen i EU-Parlamentet, Jerzy Buzek, tar regi og ber Schjøtt-Pedersen smile pent til kamera.

Schjøtt-Pedersen tar ordet og varmar opp med å fortelje om sine ministerpostar. Buzek fortel om sitt besøk til Norge då han var statsminister. Dei er begge gode på small talk. Dei ler, men under ligg alvoret. Så dreier samtalen seg over til «hard talk».

Schjøtt-Pedersen seier han vil ha eit godt strategisk partnarskap med EU. Han fortel at Norge er ein påliteleg gassleverandør. At norsk olje og gass skapar arbeidsplassar i Europa. At gass er reinare enn kull. At gass kan vere ankeret når fornybar energi ikkje fungerer. Når vinden ikkje bles og sola ikkje skin.

Så bryt Buzek inn.

– Eg har eit veldig alvorleg spørsmål til deg. Det kan høyrest ut som ein spøk, men det er alvorleg meint.

Nordmennene på andre sida av bordet flakkar med blikka. Kva kjem no?

Buzek held fram:

– Meiner du at vårt partnarskap om olje og gass står i fare? Ventar du noko spesielt i framtida? Noko nytt?

Schjøtt-Pedersen forsikrar om at samarbeidet er godt og sterkt. Det han fryktar er den offentlege debatten om kor vidt fossile brennstoff skal ha ein plass i framtidas energimiks i det heile teke.

– Det er essensielt for oss at EU gjentek at de vil ha eit strategisk partnarskap med Norge, at de gjentek at de vil kjøpe norsk gass. Grunnen er at vi skal opne aktivitet i Barentshavet. Det er langt unna, og det vil bli store investeringar. For at så store investeringar skal bli mogelege, må oljeselskapa og den norske stat vite at EU vil fortsette å kjøpe gass frå Norge.

Buzek ser poenget om at norsk gass kan vere i fare på grunn av dekarbonisering.

– Vi kan ikkje sjå for oss fornybare ressursar utan støtte frå gass. Norsk gass vil vere viktig for EU også i framtida, seier han.

Ut på gangen

Det er ein blid gjeng som seier farvel. Mission completed – one more to go!

Miguel Arias Cañete og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Schjøtt-Pedersen liker det han høyrer når EUs klimaminister Miguel Arias Canete seier at Norge skal fortsetje å være ein viktig gassleverandør til EU.

Foto: Erik Lindbom / NRK

Ny taxitur. Ny inngang. Ny heis. Ein enda mektigare politikar ventar. EUs klima- og energiminister, Miguel Arias Cañete, ynskjer velkomen inn i eit romsleg kontor i Kommisjonsbygningen, med utsikt over heile Brussel.

Ein kvinneleg sekretær ber delegasjonen ta plass i dei kvite designstolane rundt eit ovalt glasbord. Eg set meg forsiktig ned i ein oransje skinnsofa, litt i bakgrunnen. Håpet mitt er at fotografen og eg skal få vera til stades på også dette møtet.

Eg ser at Cañete og Schjøtt-Pedersen stiller seg opp framfor kameramannen i andre enden av rommet. Dei smiler og ser rett i kamera slik ein gjer på stillbilete. Det ser litt underleg ut.

Så kjem Schjøtt-Pedersen mot meg. Eg forstår at vår tid er ute. Vi blir bedt om å trekke ut på gangen under dette møtet.

Norge upåliteleg klimapartnar

Då eg sat under dei skrå takvindauga på klimaorganisasjonens E3Gs Brussel-kontor, vart ryktet Norge har som klimanasjon diskutert.

Direktør Jonathan Gaventa, som driv med lobbyverksemd for fornybar energi, og Schjøtt-Pedersen som lobbyerer for gass, meiner dei har fakta på si side. Gaventa meiner Norge er i ferd med å miste truverdet som klimanasjon.

– Det grøne, naturelskande bildet av Norge er i ferd med å falme, seier han. Den siste tidas lobbyverksemd frå norske styresmakter og oljelobbyen har fått mange til å stille spørsmål ved om Norge vil bli ein påliteleg partnar som ein pro-klima-nasjon, eller om agendaen først og fremst er å selje og brenne meir og meir gass.

Også i den britiske avisa The Guardian har Norge fått kritikk for å vere dobbeltmoralsk. I ein artikkel eg las før eg reiste til Brussel, vart Norge kritisert for å oppfordre andre land om å la kull og olje bli liggande i bakken, samtidig som vi planla å auke vår eigen olje- og gassproduksjon.

Norsk gass ingen klimaløysning

Før Brussel-turen møtte eg også klimaforskar Bjørn Samset. Han har doktorgrad i partikkelfysikk og jobbar ved Cicero, senter for klimaforsking.

Meiningane om klima og olje er mangfaldige, kompliserte og sterke. Målet med mitt besøk hos Samset, var å finne dei vitskapelege svara.

– Det er betre for klima å bruke gass i dag enn det er å bruke olje, og enda betre enn å bruke kull, fordi utsleppa totalt sett er litt mindre. Men det er framleis utslepp, og vi må ned på netto null utslepp, forklarer Samset.

– Da må du enten ha karbonfangst, reinseanlegg, eller så må vi over på alternative energiformer. Å seie at norsk gass skal redde klima stemmer ikkje. Bruk av norsk gass gir også utslepp til atmosfæren.

Bjørn Samset

– At norsk gass skal redde klima stemmer ikkje, seier klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero.

Foto: NRK

Vil nå Paris-avtalen

I åttande etasje i Kommisjonsbygningen er møtet over og ein smørblid Schjøtt-Pedersen i fylgje med klima- og energiminister Miguel Arias Cañete, har kome ut på gangen og vil bli intervjua.

– EU ser etter trygge gassleverandørar og den heilt klart mest pålitelege i vårt nabolag, er Norge. Norge vil bli verande som ein svært viktig leverandør for europeisk gass i nær framtid, seier energiministeren.

Schjøtt-Pedersen står ved sidan av og smiler og nikkar. Han likar det han høyrer.

Cañete held fram.

– Vi vil nå Paris-avtalen. Vi vil utvikle fornybar energi, men vi blir også nøydde til å bruke gass som ein «backup» til fornybar energi i framtida. Gass vil vere ei bru mellom kull og fornybar energi.

Cañete fortel at han planlegg for 15 år fram i tid, men då bryt Schjøtt-Pedersen inn i intervjuet og seier at det også i 2050 vil vere behov for gass.

Men for Cañete og EU er planane foreløpig fram til 2030.

VIDEO: Klima- og energiminister Miguel Arias Cañete liker ikke NRKs spørsmål.

«Don`t be naughty»

Å vere både klimaminister og energiminister i EU kan vere utfordrande. Cañete skal jobbe for eit klimavedtak der målet er 40 prosent reduksjon av CO₂ innan 2030, samtidig er CO₂-verstingen kull ei viktig inntektskjelde for fleire medlemsland.

Per i dag kjem ein firedel av elektrisiteten i Europa frå kull. Ved årsskiftet var i underkant av 300 kullanlegg i drift i EU. Eg stussar over at ministeren ikkje har nemnt kull i intervjuet. Så spør eg han om gass vil erstatte europeisk kull i EU.

Dette er eit vanskeleg spørsmål for ein som er minister for både klima og energi. Han blir hektisk og understrekar at kvart land i EU sjølv bestemmer sin eigen energimiks. Så seier han takk for seg, og strener forbi kamera rett mot meg.

– Ikkje still spørsmål som tvingar meg til å svare at vi skal fortsetje med kull, seier Cañete.

Han smiler til meg og fortset: «Don`t be naughty».

I mitt stille sinn tilskriv eg den siste ordbruken til spanjolen for språkleg forvirring.

Svart senkar natta seg

Mørket har senka seg i Brussel. Kommisjonsdørene sklir opp og ut kjem ein blid, norsk gjeng. Dei har gjort jobben sin. Dei kan puste letta ut. EU vil ha norsk gass i framtida, også etter Paris avtalen. No skal Schjøtt-Pedersen og gjengen løyse på stramme slipsknutar, bord er bestilt, dagens møter skal summerast opp. Sola har gått ned i EU. Kull, fornybart, kjernekraft og norsk gass sørger for at det ikkje er bekmørkt på kontinentet.