Øystein Rushfeldt
Foto: Ksenia Novikova / NRK

Gruvegründeren

Han lever på 100 000 kroner i året for å kunne realisere målet om eit nordnorsk gruveimperium. Miljørørsla og Sametinget kjempar imot, men for Øystein Rushfeldt gjeld det å komme inn i fjellet før pengane tar slutt.

– Her har eg soveposen, peiker direktøren medan sitronte-posen går runde nummer to i koppen.

På Skaidi i Finnmark har Nussir ASA-direktør, Øystein Rushfeldt, gjort om eit gammalt Vegvesen-lager til eit provisorisk kontor.

Verdiar til minst 35 milliardar kroner ligg og glinsar under gråsteinen. Det viser prøver som han har henta opp frå fjellet. 70 millionar tonn malm vil gi om lag ein million tonn omrekna kopar. Koparførekomsten i Nussir-fjellet i Vest-Finnmark er sjeldan i verdssamanheng, og reinare enn nokon annan kjent koparførekomst i Norge.

Kobber

Nussir er rikt på mineral. I møte med overflata får koparen eit grønt overflatebelegg.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Planane til Øystein Rushfeldt, om ei ny kopargruve i Kvalsund, er den blant dei største industrisatsingane i Finnmark i nyare tid. Det er òg tiårets store miljøkonflikt. For Rushfeldt er det eit spørsmål om uthald.

Mellom Rushfeldt og koparmalmen står miljøvernarar og Sametinget, men den største utfordringa er å få kapitalen til å strekke til.

Det er eigentleg berre eit spørsmål om kven som har mest uthald.

Øystein Rushfeldt

Det er nær ti år sidan han først tenkte tanken. Sidan han ble engasjert i selskapet. Bil og hus er selt. Kvart år går pengar til prøveboring og anna drift. Og kvart år må Rushfeldt gå til investorane og be om meir.

– Om eg bruker pengar på kontor med glasfasade eller firmabil, så er ikkje det noko eg kan vise til for investorane - dét er prøveboring og geologiske undersøkingar.

Øystein Rushfeldt

I feltsenga på Skaidi-kontoret drøymer Rushfeldt om sitt fremtidige gruveimperium. – Nussir er prøvesteinen på at ein kan få det til å fungere, at ein kan lukkast med dialogen med reindrifta. Lukkast ein med det, så kan ein ta med seg kunnskapen til neste prosjekt.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Men så er det jo det med miljøet

Tusenlappane går unna når det skal borast i fjellet. Kvar meter med prøver frå fjellet kostar 1000 kroner. Eitt prøvehol kan gå så djupt som 1000 meter.

På veg opp på fjellet opp frå Repparfjorden, treff vi på borar Stein Are Hætta frå Kautokeino-firmaet Arctic drilling. Han har akkurat har gjort seg ferdig med dagens boring.

– Kva kom ut av prøveboringa i dag?

Øystein Rushfeldt 2

Det blei etter kvart ein fyldig frisyre for Nussir-direktør Øystein Rushfeldt. Han nekta å klippe håret før regjeringa hadde avgjort gruvesaken i Kvalsund. I to år lot han håret gro, før han i april 2014 kunne la lokkene falle.

Foto: André Bendixen/NRK

– Gull og grøne skogar, spøker han.

– Nei, det må du nesten høyre med Rushfeldt'n om. Vi ser ikkje sånt. Stein er stein.

Rushfeldt veit godt kva prøvene vil vise. Boringa som no blir gjort er ikkje for å undersøke, men for å understreke kva som finst av kopar i fjellet. Fleire prøver gir større tryggleik for investorar og eventuelle lånegivarar.

No skal borar Hætta flytta borerigg og utstyr til Ulveryggen, der det står att eit par undersøkingar.

Sjølv har han jobba i Sydvaranger Gruve i Kirkenes, og trur prosjektet betyr viktige arbeidsplassar for Kvalsund og Finnmark. Han kan tenke seg å jobbe på anlegget når det er i drift.

– Eg har jo erfaring innan gruvedrift, så eg blir nok å søke, seier han.

– Det er jo arbeidsplassar. Men så er det jo det med miljøet. Men det er kanskje ikkje eg den rette til å svare på, seier Hætta.

Hætta foran Repparfjorden

Stein Are Hætta framfor Repparfjorden, som kan komme til å bli brukt til sjødeponi.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Den største miljøkonflikten ved Nussir-prosjektet er knytt til spørsmålet om sjødeponi. Repparfjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar, og Naturvernforbundet med fleire er sterkt uroa for kva gruveavfallet vil gjere med livet i fjorden.

Nussir ASA har fått løyve av Miljødepartementet til å sleppe 5000 tonn gruveavfall per døgn ut i Repparfjorden, til store protestar frå miljørørsla - og frå Sametinget, som har klaga på vedtaket. Og der står saka. Klima- og miljødepartementet må no ta stilling til klaga.

Er du redd for at det å ha fjorddeponi er feil avgjerd, at du skader fjorden?

– Utsleppsverdiane er under det som er tillate. Repparfjordelva slepp ut meir kopar i fjorden enn det gruva vil gjere.

«Ja» eller «nei» er sjeldne svar frå Rushfeldt. Spørsmål blir møtt med tal og fakta. Slik håpar han på å overtyde motstandarane av prosjektet.

Rushfeldt og Hætta

Rushfeldt og Hætta håper det igjen blir gruvedrift i Kvalsund.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Turen går vidare opp fjellsida på Ulveryggen, så vidare til Nussir-feltet på ATV gjennom goldt terreng ispedd nokre bjørketre som har stått imot vinden som alltid bles her.

Rushfeldt kjenner området godt, både det synlege terrenget, og det under bakken. For kvart stopp kjem geofakta - om forhistorisk tropeklima som har gitt grunnlag for kalklaget i grunnen, om kløfter djupare enn Riftdalen i Aust-Afrika, og ikkje minst, om kor kopar-førekomsten ligg.

– Her går den i ei smal stripe fleire kilometer oppover, roper han gjennom ATV-hjelmen.

– Den går tvers igjennom det vatnet du ser der. Det er heilt klårt på grunn av koparen.

Øystein Rushfeldt på Nussir-fjellet

Rushfeldt kjenner området på Nussir-fjellet godt, både det synlege terrenget, og det under bakken.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Når Rushfeldt ikkje bur på Skaidi-kontoret, bur 51-åringen som ein typisk student. I Alta, i huset til ein kamerat, leiger han eit 10 kvadratmeter stort rom, med seng og klesskap.

Øystein Rushfeldt på Alta-kontoret

HYBELKONTOR I ALTA: Gjestesenga blir brukt til geologar og andre besøkande på oppdrag for Nussir ASA.

Foto: Kristin Forland / NRK

I naborommet har han Nussirs hovudkontor, òg det med feltseng - i tilfelle geologen kjem på besøk.

Lønna hans er på romslege 1,5 millionar kroner, men i eit selskap som ikkje har starta å tene pengar er det ikkje mykje rom til å ta ut kontantar. Store deler av lønna blir difor tatt ut i aksjar.

– Men eg må likevel skatte av den lønna, så det meste eg tar ut i kontantar går til skatt. Eg prøver å halde privatforbruket på rundt 100 000 kroner, seier han.

Aukande koparbehov

Det er ingen aktive kopargruver i Norge i dag. På 1800-talet opna mange små kopargruver, og det var mykje utanlandsk kapital som gjekk inn. Etter krigen blei det igjen interesse for koparen, men på 80-og 90-talet var gruvene umoderne og sleit med

Tom Heldal, avdelingsdirektør NGU

Tom Heldal, avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse. (NGU).

Foto: Norges geologiske undersøkelser

å halde produksjonen lønsam.

Du kan ikkje komme her og komme her. Det kan du kanskje ikkje nokon stad i Norge, men spesielt ikkje i Nord-Norge

Øystein Rushfeldt

Forbruket av koparmetall er sterkt aukande. Avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse (NGU), Tom Heldal, seier miljøskiftet vi er inne i no vil krevje mykje kopar på verdsbasis.

– Alle skifter i historia er metallkrevjande. Grønn energi vil gjere at koparbehovet aukar sterkt. Batteri og leidningsnett treng kopar, seier han.

– Vi må bruke ganske mange mineral for å få til den verda vi vil ha, seier Heldal.

Rushfeldt og Nussir ASA er ikkje dei første som har prøvd å vinne ut Finnmarks mineral i nyare tid. To av verdas største gruveselskap har prøvd, men gitt opp. Rio Tinto på 90-talet, og Anglo American på 2000-talet.

Kva lærte du av feila dei gjorde?

– Du kan ikkje komme her og komme her. Det kan du kanskje ikkje nokon stad i Norge, men spesielt ikkje i Nord-Norge, seier Rushfeldt.

Han har skjønte tidleg at det var ein veldig dårleg idé og komme brasande inn og seie - høyr her, vi har tenkt sånn og sånn.

– Jo tidlegare du kjem og forklarer om dine interesser og spør kva dei trur, fortel kva dei kan bidra med, sånn at dei kan delta i reisa heile vegen, jo betre.

Nussirs prøver

Steinprøvane på lageret til Nussir ASA viser at fjellet er rikt på mineral. Likevel har utanlandske selskap gitt opp gruvedrift i Finnmark.

Foto: Ksenia Novikova / NRK
Kobber

Koparverdiane i Nussir-fjellet er blant dei beste i verda. Den samansettinga av kalk og kopar som ein finn i Nussir er sjeldan, og mykje reinare enn dei fleste koparførekomstane i verda.

Foto: Ksenia Novikova / NRk

– Kva held deg gåande når Sametinget seier dette vil øydeleggje for reindrifta, når miljørørsla seier dette vil øydeleggje livet i fjorden, når det tar år å få svar på søknader?

– Motivasjonen er at vi skulle gjere det. Då eg byrja å sysle med dette så forma tanken seg om at det er mogleg. Dersom ein skal lukkast med ein idé så må ein ta fokuset heilt ut.

– Som eg veit, så vil det vere andre som har eit anna syn på gruvedrift enn det vi har.

– Dersom det andre synet bygger seg opp og organiserer seg, så utgjer jo det ein motkraft. Då er det eigentleg berre eit spørsmål om kven som har mest uthald og sterkast forankra fokus.

Motkrafta finst, og den er organisert

Natur- og ungdom har lenge vært blant miljøorganisasjonane som har jobbet mot gruvevirksomhet ved Repparfjorden. Allerede i 2014 var flere titalls ungdommer samlet i Kvalsund. De øvde på å danne lenkegjengar.

– Det var Nussir-saka som gjorde at eg blei aktiv i Natur og ungdom for to år sidan. Då var eg berre 14 år gammal og var på aksjonscamp i Repparfjord, seier Kamilla Elene Samuelsen, som er leiar i Finnmark Natur og ungdom.

For Samuelsen og miljørørsla er det først og fremst planane om sjødeponi som gjer dei til motstandarar av prosjektet.

Fylkesleder Natur og ungdom Finnmark

Kamilla Elene Samuelsen (16), leiar av Finnmark Natur og Ungdom.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Det er utruleg at det kan halde på så lenge, men samtidig er det bra at det blir nøye vurdert. At det ikkje er hastesaker som blir sleppt gjennom.

At saka drar ut så lenge skaper frustrasjon blant miljøaktivistane.

– Engasjementet dabbar kanskje litt av når det einaste ein kan gjere er å skrive i avisa. Det blir til at folk spør om vi ikkje skal gjere noko snart.

For Natur og Ungdom har ei liste med flere tusen navn. Det er folk som er klare og villige til å lenke seg fast dersom Rushfeldten en dag kommer dit han vil.

Samuelsen har aldri møtt gruvegründeren ansikt til ansikt, men har fått eit inntrykk av han gjennom mediedekninga av Nussir-prosjektet.

Øystein Rushfeldt foran Repparfjorden.

Tillatelse til sjødeponi i Repparfjorden vil få fart på Rushfeldts gruveplaner. Miljørørsla er sterkt i mot en slik tillatelse.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det eg har sett frå avisa er at han er veldig på det å snakke med folka i området. Og å få dei på si side.

– Han gjer alt i rett rekkefølge, han gjer det slik som ein burde gjere det. Eg skjønner at han har den eigeninteressa han har. Eg forstår kvar han kjem frå. Men det billigaste er ikkje alltid det beste, når det kjem til løysingar.

Samuelsen trur miljørørsla står igjen til sist. Ho seier at saka har fått større internasjonal merksemd den siste tida.

– Berre sidan skulestart har det vore filmteam frå Frankrike og Sveits her og filma om saka, som har lyst å vekke interesse for det i sine land. Det viser at det spreier seg lenger til å bli ein større sak enn den vesle fjorden i Kvalsund.

Samuelsen trur likevel det enda kan ta mange år før dei får eit svar på om prosjektet blir realisert eller ikkje.

– Natur og ungdom og Sametinget kan framleis stikke kjeppar i hjula på Nussir. Og då kan ein ta saka lenger, seier ho.

Med lenker, kamprop og plakater skal Natur og Ungdom stoppe gruveplanene i Repparfjord. Lørdag var et 50 talls ungdommer samla for å trene på sivil ulydighet.

Nussir er prøvesteinen

Årets boreprogram er ferdig i denne omgang. Før sommaren er det igjen tid for å spørje investorane om meir kapital. Kor mykje direktøren får inn, vil avgjere neste års aktivitetsnivå.

Rushfeldt ser for seg to år til på feltsenga, før gruva i Kvalsund kan vere i drift. Då med drift både på Nussir-førekomsten, og i den gamle Ulveryggen-gruva like ved.

Moderne utstyr, og lange transportband som strekk seg kilometerlangt inn i gruva - Rushfeldt har eit klart bilde av korleis bedrifta skal sjå ut.

– Det har eg hatt heile tida. Sjølv om det konstant endrer seg, så har eg frå første dag tenkt at det må vere mogleg å sette sammen ein selskapsstruktur i Nord-Norge, som skal bestå av fleire prosjekt.

Gründeren ser på Nussir som prøvesteinen på at ein kan få til gruververksemd i nord, at ein kan lukkast med dialogen, lukkast med reindrifta. Og lukkast ein med det, så kan ein ta med seg kunnskapen til det neste prosjektet.

– Då er det ikkje eit kontor i Oslo som styrer det heile. Då er det Repparfjord eller Kvalsund som styrer seg sjølv, men det vil oppstå ei gruppe med dyktige folk som jobber i alle bedriftene.

Øystein Rushfeldt

Rushfeldt i den nedlagte Ulveryggen-gruva som ligg eit steinkast unna Nussir. Folldal Verk dreiv Ulveryggen Kobbergruve mellom 1971 og 1978.

Foto: Ksenia Novikova / NRK