Hopp til innhold

Med bøker og kjendisar til sjøs

RADIODOKUMENTAREN: Vestlandet har ein av verdas veldig få flytande bibliotek. I 50 år har Bokbåten Epos gått frå bygd til bygd, og livet om bord er noko for seg sjølv.

Epos 3

Bokbåten 'Epos' til kai.

Foto: Maria Svåsand / NRK

For reporter Maria Pile Svåsand, var bokbåten ein barndomsheim og dei beste barndomsminnene er frå eit tomt bibliotek med bølgeskvulp og motordur. Med ein familie som dreiv bokbåt i 40 år, blei den avgjerande for store delar av livet.

– Eg trur eg faktisk eg vart laga om bord på den båten, seier ho.

Men barndom tek slutt, og Maria reiser tilbake til si trygge havn for Radiodokumentaren, mange år etter ho sist var om bord.

– Det er der eg har mine aller finaste barndomsminne frå, men båten er jo ikkje i familien lenger, og livet der har hatt sine konsekvensar for oss, så eg var spent på om det kom til å bli vemodig å komme tilbake. Heldigvis var mykje slik eg hugsar det, og bokbåtmagien var der framleis.

Frihavn

– Der kjem bokbåten! Jippi!

Stemmene er høge og spente frå barnehagedressane på kaien, i det båten kjem til syne utpå fjorden.

Gjennom eit halvt århundre mellom fjordar og fjell i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har Bokbåten Epos blitt ein institusjon.

Bibliotekarar og kunstnarar har vore om bord år etter år, og hatt nokre veker i frihamna Epos. Men for nokon var båtlivet på heiltid, og då kan ei frihavn fylt med latter, vin og song få konsekvensar.

Tonnevis med bøker

Det er 50 år sidan M/S Epos byrja som bokbåt, og dei som budde inst i tronge fjordar eller ytst på ei øy i havgapet fekk tilgang på både bøker og kulturprogram.
I jubileumsåret er det om lag 160 plassar som får besøk av båten. 3 tonn med bøker og kulturprogram i form av tryllekunstnarar, barneteater, forfattarar og musikk.

Kursetgjerde 1

Vidar Kursetgjerde henter fram nokre av dei 6000 bøkene ombord i Epos.

Foto: Maria Svåsand / NRK

– Det er i hovudsak for borna vi har underhaldninga, men det er jo moro for dei vaksne og, seier bokbåtbibliotekar Vidar Kursetgjerde frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

Han har hatt sine årlege bokbåtturar sidan 1976. Og sjølv om han nokre gongar må bu på ein lugar der senga er kortare enn han sjølv, og det hender at dyna frys fast i skottet, er ikkje det til hinder for at han vil fortsetje.

– Det er jo veldig spesielt, ein møter folk ute i bygdene, og dei får komme om bord og sjå program og låne bøker. Og for oss som jobbar her, det er jo som å vere på eit litt sånn primitivt cruise, seier han.

Eiga stemning

Bokbåten har vore ein populær plass å få mønstre på, både for bibliotekarar og for dei såkalla kulturane, som er musikarar, skodespelarar, forfattarar eller klovnar som står for underhaldninga på bokbåtstoppa.

– Ein får jo maten servert, og har veldig kort veg til jobben. Og så får vi sjå desse flotte plassane og treng ikkje styre med så mykje like kvardagslege ting som på land, fortel Kursetgjerde.

Når mannskapet på 6-7 personar er ferdige med jobben for dagen, er det ofte lite tilbod i bygdene båten overnattar i.

– Før var det vel ei frihavn. Vi tok eit glas vin eller to om kvelden, og i helgane var det jo kanskje bygdedansar rundtom, så det skjedde alltid noko. Det har dabba litt av med åra, men stemninga om bord er noko eige enda, seier han.

Kjendisar om bord

Når bokbåten kjem, står stort sett heile barnehagar og skuleklassar klare på kaien. Kassar med bøker vert tekne om bord og innhaldet vert skifta ut.

– Det er jo veldig moro å møte alle desse ungane, og ofte er dei med foreldre og besteforeldre som sjølv gjekk på bokbåten då dei var små, og fortel om kor stort det var då den kom til bygda, seier Kursetgjerde.

Kulturinnslaga på båten, har alltid vore populære, og det har vore fleire profilerte personar om bord.

– Det har jo vore veldig populært med litt kjendisar om bord. Me har hatt både Anne-Cath Vestly, Olav Stedje, Jan Eggum og langt fleire om bord. I fleire år var barnetimeonkel Ingebrigt Davik med, og han var veldig populær, fortel bokbåtbibliotekaren.

Einaste i verda

Han har enda til skrive ein eigen song om bokbåten, det same har Geirr Lystrup. I 1988 skreiv Stig Holmås bok om bokbåten, og det har vorte ei rekke avisartiklar og radio- og TV-innslag.

Det fins ein liknande bokbåt utanfor Stockholm, og nokre mindre flytande bibliotek rundt i verda. Men ifølge fylkesbiblioteka, er den norske den einaste i verda med ei så lang rute og så lang fartstid.

Bokbåttilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesbiblioteka i dei tre fylka, og har fleire gongar vore truga av nedlegging. Kvar gong fører det til sterke reaksjonar, og til no har båten klart seg.

– Det er jo ein sånn evig kamp, for om eit av fylka vel å legge ned drifta, er det ikkje mogleg for dei andre to å holde det gåande heller, seier Kursetgjerde.

– Med all sentraliseringa og nedlegging av skular på små plassar, vert det eit mindre publikum som kjem om bord. Men den turen vi hadde i februar i år, var omtrent ein jubeltur, med masse folk og stort utlån, seier han.

Fest på gang

Bokbåten vart kåra til årets bibliotek i 2012 av bibliotekforeningen i Møre og Romsdal. På jubileumsturen til hausten, er det planar for ymse markeringar av 50-åringen.

– Vi må jo invitere til litt fest, og håpar å få om bord kulturministeren og andre kulturpolitikarar for å få vist fram kor viktig dette tilbodet er. Og så skal vi få vist fram bilete frå båten oppigjennom og gjort litt stas på det heile, seier Kursetgjerde.

For radiodokumentaristen vart turen tilbake på det flytande biblioteket ein tur rett tilbake i barndomen.

– Luktar og lydar er akkurat dei same, og eg kunne setje meg på det same blå teppet og leite fram favorittbøkene i hyllene. Og so søv eg aldri så godt som til Epos sin motordur, seier ho.

Med opptakar på slep, har ho dokumentert Bokbåten Epos og si eiga sistereis.