Hopp til innhold

– Eg kan døy av å farge håret

Linn Steinsland (24) er hyperallergisk og vart lagt inn på intensivavdelinga etter å ha farga håret.

Linn Steinsland

På biletet til Høgre har Linn Steinsland reagert på ein mild hårfarge.

Foto: FOTO: PRIVAT

Linn Steinsland

Ansiktet og halsen til Linn Steinsland var hovent under dåpen til sonen, seinare vart ho innlagd.

Foto: FOTO: PRIVAT
Linn Steinsland hovnar opp av små mengder hårfarge.

Linn Steinsland hovnar opp av små mengder hårfarge.

Foto: Linnsteinsland.blogg.no
Linn Steinsland

- Folk kjende meg ikkje att i dåpen, fortel Linn Steinsland om hårfargereaksjonen.

Foto: FOTO: PRIVAT

For rundt sju år farga Linn Steinsland håret før dåpen til sonen sin.

– Fredagskvelden vart huden i nakken lyserosa og byrja å klø. Tilstanden forverra seg på laurdag, og det verka som om eg hadde store ballar bak på hovudet. På søndagen, då sonen min skulle døypast, var hovudet og halsen min dobbel storleik, fortel Linn Steinsland til Nrk.no.

Tobornsmora bloggar aktivt og oppfordrar der alle lesarane sine til å teste om dei er allergiske før dei fargar håret.

Særs sensitiv

Steinsland, som er busett på Voss, såg seg til slutt nøydd til å kontakte legevakta. Kort tid etter vart ho lagt inn på intensivavdelinga på Voss sjukehus.

Tilsette ved sjukehuset kontakta salongen for å finne ut kva stoff hårfargen hennar innehaldt, men ho vart ikkje allergitesta. Det måtte ei natt på sjukehus til før tilstanden var stabilisert, i tillegg måtte ho medisinerast i ei veke.

Steinsland fann ut at ho var allergisk mot hårfarge allereie på ungdomsskulen. Då hovna ho opp rundt auga etter å ha farga augebryna i salong. Seinare har ho forsøkt mange ulike hårfargar, både heimefargar og i salong, som skal vere tryggare for allergikarar.

– Eg er så allergisk at eg kan døy av å farge håret. Eg reagerer på alt unnteke bleiking og ein spesifikk allergivennleg hårfarge, seier Steinsland.

Kundekontrakt

Dagleg leiar ved Norsk frisørskole i Trondheim, Ellen Støen, har sett at frisørelevar har reagert på hårfarge undervegs i studia, men seier dette har vorte mindre av dei seinare åra. Dette som følgje av færre farlege stoff og eit auka fokus på sikkerheit, gjennom hanskebruk og betre ventilasjon.

Ellen Støen

Ellen Støen, dagleg leiar ved Norsk frisørskole i Trondheim, oppfordrar alle sine elevar til å spørje om kunden har farga håret før.

Foto: FOTO: PRIVAT

– Frisørar skal spørje om kunden har farga håret før, har dei ikkje det testar me produktet på eit lite område fyrst. Etter å ha venta eit døgn kan ein då farge håret til kunden, seier Ellen Støen, daglig leiar ved Norsk frisørskole i Trondheim, til NRK.no.

– Ein bør vere særskilt forsiktig med ammoniakk, seier Støen.

Ho anbefalar folk å gå til frisør for å få gode råd og anbefalingar, framfor å farge håret heime.

– Når ein kjøper ein hårfarge på butikk eller nett kan ein ikkje vere heilt sikker på kva han inneheld, seier frisørlæraren.

Sjølv ville ho ikkje ha utført hårfarging på ein kunde som har opplevd allergiske reaksjonar tidlegare.

– Eit alternativ kan vere å skrive ein kontrakt om at kunden fargar håret på eige ansvar.

Nye reglar

Julie Tesdal Håland

- Dei mest alvorlege kosmetikksakene me får inn kjem frå hårfarge, fortel Julie Tesdal Håland i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Nokre hårfargar inneheld dei allergiframkallande stoffa PPD og PTD, som kan gje kraftige reaksjonar hjå allergikarar.

Julie Tesdal Håland i Mattilsynet fortel at i Bivirkningsregisteret står hårfarge for dei mest alvorlege innrapporteringane.

I desse dagar held EU på å utarbeide ei ny positivliste over kva stoff som skal vere lovlege i hårfargar. Denne lista skal etter planen vere klar sommaren 2013. I tillegg vart det påbode med strengare faremerking frå november 2012.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)