Hopp til innhold

Søvnmangel er blodig alvor

- I verste fall kan liv gå tapt, seier Olav Kjellevold Olsen ved Sjøkrigsskolen. Han står bak forsking som viser at lite søvn svekker moralen.

Soldater

Ein blir meir regelorientert og mindre i stand til å ta sjølvstendige og gode moralske val når ein manglar søvn.

Foto: Skjermdump fra Puls-innslag / NRK

Tenk deg ein soldat som flyr over Afghanistan med ordre om å bombe eit mål. Men han er litt usikker på om informasjonen han har fått om målet er nøyaktig nok.

Magekjensla seier at noko er gale, og at uskyldige liv kan gå tapt. Om soldaten er utkvilt eller ikkje, kan avgjere om han slepper bombene.

Les også: Slik sover du bedre

Moralske val

Olav Kjellevold Olsen

Olav Kjellevold Olsens.

Foto: Tarald Aaby / NRK

- Ein blir meir regelorientert og mindre i stand til å ta sjølvstendige og gode moralske val når ein manglar søvn. Det er konklusjonane i orlogskaptein Olav Kjellevold Olsens forsking.

I studien vart 71 offiserar ved Sjøkrigsskolen i Bergen og Krigsskolen i Oslo sett i moralske dilemma både teoretisk og i praktisk øving.

For eksempel om dei under eit operativt oppdrag ville ta seg tid til å hjelpe flyktningar drivande på ein flåte.

Dei vart først testa i utkvilt tilstand. Så etter fem døgn utan skikkelig søvn.

Ta testen: Sover du bra?

Dramatisk

- Forskjellen var dramatisk, seier Kjellvold Olsen.

Der utkvilte soldatar viser god moralsk dømmekraft, og gjer det dei bør gjere og ikkje nødvendigvis det dei har lyst til å gjere, ser ein at soldatane i søvnig tilstand følgjer reglar og ordrar rigid.

Og i tilfellet med flyktningane, er det mindre sannsynleg at trøtte offiserar vil ta seg tid til å hjelpe, sjølv om oppdraget dei er på i seg sjølv ikkje er tidskritisk.

Cathrine Brodahl

Cathrine Brodahl.

Foto: Tarald Aaby / NRK

- Eg merka sjølv av eg vart veldig umotivert. Eg var irritert på situasjonen meir enn eg ville løyse den, seier Cathrine Brodahl, som er kadett på Sjøkrigsskolen og var med på eksperimentet.

- I situasjonen følte eg meg vaken. Eg følte meg påskrudd. Men eg ser jo i ettertid at det var eg slett ikkje.

Vi har vel alle har ein tanke om korleis mangel på søvn påverkar oss. Nokre innser at dei blir litt sure. Andre meiner dei blir kreative.

Enkelte meiner til og med dei blir modigare. Det er veldig få som tenker over at den moralske dømmekrafta deira blir endra når dei misser søvn.

- Men vi har jo studier som viser at det er akkurat det som skjer, seier Kjellevold Olsen. Og det er ikkje berre soldatar som blir meir firkanta og egoistiske i konfliktfylte og søvnlause situasjonar.

- Vi kjenner oss vel alle igjen i at, om vi er i konflikt på eit vis, går det ut over nattesøvnen.

Les også: Duppeditter stjeler søvn

Negativ spiral

Då er vi inne i ein skummel, negativ spiral. For søvnmangel vil også forsterke konflikten.

- Enten det gjeld konflikt i ekteskapet eller på arbeidsplassen, kan det tenkast at søvnmangel får konflikten til å eskalere. For den moralske dømmekrafta går ned, og på den måten også vår evne til å ta omsyn til andre.

Interessant er det også å merke seg at det er dei som i utgangspunktet er flinkast til å gjere moralske vurderingar, som er mest sårbare for søvnmangel.

Dessverre kan det vise seg å vere lite å gjere med problemet. For det er svært vanskeleg å trene opp evna til å tenke klårt når du er trøtt. Og for soldatane sin del er det berre å innsjå at i krig er god søvn sjeldan vare.

Men litt hjelp kan det i alle fall vere i å gjere soldatane merksam og ydmyk for effekten av søvnmangel. Det er dei opptekne av på Sjøkrigsskolen.

- Då blir soldatane kanskje flinkare til å kvile seg, når det er ei opning for det. Og i tillegg kan dei bli flinkare til å kontrollere kvarandre, og sjå teikn på dårlege avgjerdsler som skuldast søvnmangel.

Les også: Vi får ikke sove

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)