Hopp til innhold

Kalla Stoltenberg krapyl - får att jobben som politi

Stein-Robin Kleven Bergh fekk sparken etter at han kalla Jens Stoltenberg for eit "krapyl". Nå har politiet sitt sentrale tilsetjingsråd bestemt at han får att jobben.

Stein-Robin Kleven Bergh

Stein-Robin Kleven Bergh fekk sparken i august. Nå får han att jobben.

Foto: NRK

Tidlegare i haust fekk politibetjent Stein-Robin Kleven Bergh i Eidskog sparken på grunn av krasse innlegg på sin Facebook-profil.

Han omtala mellom anna daverande statsminister Jens Stoltenberg som eit "krapyl".

Politimester Tormod Bakke i Hedmark politidistrikt fortalde den gongen at Bergh vart avskjediga på grunn av forma og bruken av Facebook.

– Ytringsfridomen har visse grenser, særleg for offentlege tenestemenn. Det må vere ei form og eit innhald som er innanfor folkeskikken sine grenser, sa Bakke.

Politimannen Stein-Robin Kleven Bergh fikk sparken fra politiet, blant annet fordi han kalte Jens Stoltenberg et krapyl på Facebook.

Politimann Stein-Robin Kleven-Bergh vart oppsagt fordi han kalla Stoltenberg eit krapyl.

Suspensjonen oppheva

Nå har politiet sitt sentrale tilsetjingsråd oppheva suspensjonen og avskjedinga av Bergh, skriv avisa Glåmdalen.

– Dei meiner vi har gjort formelle sakshandsamingsfeil. Vi har gjort feil i prosessen som betyr at dei ikkje kan behandle grunnlaget for avskjedigelsen, seier kommunikasjonsrådgjevar ved politiet i Hedmark, Kari-Anne Dobloug.

Ho seier til NRK at det betyr at rådet ikkje har vurdert sjølve avgjerda om å gje Bergh sparken.

– Det er opp til politimeisteren å vurdere kva som skjer vidare. Det er ei moglegheit at vi kan starte saka opp att og gjere formalitetane på nytt.

Dobloug seier at når vedtaket nå er oppheva så kan politimannen i teorien kome attende i teneste med ein gong.

Positivt overraska

Stein-Robin Kleven Bergh sjølv er særs tilfreds med avgjerda, og meiner saka nå er lagt død.

– Dersom politimeisteren vil prøve å køyre saka ein gong til så avslører han at han er ute etter å ta meg. Eg har vorte orientert om at dette er ei endeleg avgjerd, seier han til NRK onsdag kveld.

Bergh er positivt overraska over at tilsetjingsrådet har landa på denne avgjerda.

– Det var ikkje noko sjølvfølge for meg at dette skulle skje.

Bergh avviser ikkje at han vil halde fram med å vere aktiv på Facebook også i framtida, men seier at han kanskje vil roe språkbruken litt.

– Vi har ytringsfridom i Noreg, og det står eg for. Men eg kjem ikkje til å kalle Jens Stoltenberg for krapyl på Facebook.