NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Fekk førerkortet beslaglagt etter å ha køyrd i grøfta

    Politiet fekk i 16-tida melding om ein bil som hadde køyrd i grøfta i Studaleni Ytre Leirvik på Stord. Sjåføren, ein mann i tenåra, var uskadd, og fekk førarkortet beslaglagt.

    – Det er 30-sone på staden og det er mistanke om køyring i høgare hastigheit, melder Sør-vest politidistrikt.

  • Fri ferdsel att på E39 Vadheimsvegen i Sunnfjord

    Trafikken går som normalt att på E39 Vadheimsvegen i Sunnfjord etter at vegen har vore redusert og tidsvis stengt grunna trafikkulukke. To bilar var involvert, og ambulanse har sett til dei involerte personane.

  • To bilar i trafikkulukke i Sunnfjord

    Trafikken går sakte på E39 Vadheimsvegen ved Skilbreivatnet i Sunnfjord etter at to bilar var involvert i ei trafikkulukke. Det skal vere fire-fem personar i bilane. Naudetatane er på veg. Det er ikkje så langt meldt om alvorleg personskade, men nokon skal ha nakkesmerter, opplyser Vest politidistrikt.

    – Det er snakk om påkøyrsel bakfrå, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

  • Kolonnekøyring på Hardangervidda og Haukelifjell

    Det er kolonnekøyring på strekningane E134 Haukelifjell og Rv 7 Hardangervidda.

    Begge stader er det vinterforhold med snø og snøfokk som legg seg i vegbanen. Bilar med sommardekk bør ikkje køyre på strekningane.

    Nedsnødd riksveg 7 ved Skulevika over Hardangervidda
    Foto: Skjermdump Statens vegvesens webcamera