Hopp til innhold

233 barn i Bergen utan barnehageplass i ønska bydel

Haustens barnehageopptak er klart i Bergen kommune. Totalt står 233 barn utan plass i den bydelen familien søkte om.

Barnehage

233 BARN UTAN ØNSKA PLASS: Totalt 233 barn og familiane deira har fått tilbod om barnehageplass i ein annan bydel enn dei helst ville ha. Barnehagebyråd i Bergen, Harald Victor Hove, seier likevel at det framleis er mogeleg å få oppfylt førsteønsket i løpet av sommaren, ettersom fleire barnehagar har ledige plassar òg etter at hovudopptaket er klart.

Foto: Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Tysdag offentleggjorde Bergen kommune året hovudopptak til byens barnehagar.

Alle søkjarar som bur i bydelane Fana, Ytrebygda, Laksevåg, Fyllingsdalen og Åsane har fått tilbod om plass i sin eigen bydel, dersom dei har ønskt seg der.

I bydelane Arna, Bergenhus og Årstad bur det derimot 233 barn som ikkje har fått familiens ønske oppfylt.

Byråden: – På rett veg

Harald Victor Hove

FORSTÅR AT FOLK ER SKUFFA: Trass i at han meiner kommunen er på rett veg, forstår Harald Victor Hove, byråd for skule- og barnehage i Bergen, at folk som har fått tilbod om barnehageplass i andre bydelar enn sin eigen er skuffa. Samtidig forsikrar han om at dei er på rett veg.

Foto: Runa Victoria Engen

I tillegg har alle barn over tre år som bur i Bergenhus og har ønskt seg plass i eigen bydel, fått det.

Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove, er nøgd med situasjonen.

–Vi er glade for at fleire og fleire søkjarar får tilbod om plass i den bydelen der familien bur eller jobbar.

Forstår at folk er skuffa

Samtidig forstår han at dei som står utan ønska plass i nærområdet eller nært arbeidsplassen, ikkje er like nøgde med årets opptak.

– At vi er stadig nærare vårt eige mål er likevel ei fattig trøyst for dei foreldra som får plass i ein annan bydel og barnehage enn der dei har søkt.

Alle med lovfesta rett har fått

Alle med lovfesta rett, totalt 2845 søkjarar, har fått plass i kommunen. I tillegg har 217 barn som er fødd etter 1. september 2013 fått plass, trass i at dei ikkje har lovfesta rett til det.

78 prosent av søkjarane har søkt om plass i ein barnehage i sin eigen bydel som første prioritet.

Hove legg til at det heile tida går føre seg eit suppleringsopptak til barnehagar med ledig plass utanom haustens hovudopptak.

–I år har vi fleire ledige plassar etter at alle tilboda i hovudopptaket har gått ut. Dermed håpar vi at fleire av dei som ikkje har fått innfridd første-ønsket sitt, skal få de ti løpet av sommaren, avsluttar byråden.