Hopp til innhold

– Bagatellar kan snu det til ein høgrisikokamp

Når Brann møter Sogndal søndag, står mykje på spel for begge laga. – Her blir det ein del kjensler i sving, seier sikkerheitssjefen.

I morgon står slaget om Tippeligaplass mellom Brann og Sogndal.

ALT Å TAPE: Brann må vinne eller spele uavgjort mot Sogndal søndag dersom dei skal unngå direkte nedrykk. Biletet er frå kampen mellom Sogndal og Brann 20. mai i år.

Eg er så nervøs at eg må stå med hendene i lomma, for det sprutar sveitte ut.

Dag Frode Algerøy, salsjef SK Brann

Søndag blir det avgjort: Rykker Brann ned i 1. divisjon eller ei? Med kring 14.000 selde billettar per i dag, blir kampen truleg utseld og tribunane fulle. Sikkerhetssjefen er ikkje spesielt uroa, men er likevel på vakt.

– Det blir ein del kjensler i sving på søndag. Det er jo små bagatellar som kan snu situasjonen frå ein vanleg kamp til ein høgrisikokamp, seier sikkerheitssjef i SK Brann, Knut Iversen.

Knut Iversen

FØLGJER MED: Sikkerhetssjef dag Frode Algerøy er ikkje spesielt uroa, men er likevel på vakt før søndagens kamp. – Det blir ein del kjensler i sving på søndag., seier han.

Foto: NRK

– Det kan vere ein straffe to minuttar på overtid. Det kan snu stemninga totalt. Men i utgangspunktet er det ein heilt vanleg kamp.

Men å kalle kampen på søndag for eit heilt vanleg oppgjer er i beste fall ei kraftig underdriving. For første gang på 29 år risikerer Brann å rykke ned til 1. divisjon. Brann bør helst vinne på søndag. Tapar dei rykker dei direkte ned. Spelar dei uavgjort er det fordel Sogndal før siste serierunde.

LES OGSÅ: «Dei store byane ser litt ned på oss bøndene frå Sogn. Då er det ekstra kjekt å ta dei litt»

– Aldri noko problem med sogndølene

Nærmare 1000 sogndøler er venta til Brann Stadion. Sikkerheitssjefen har berre gode ord å seie om bortesupporterane.

Dag Frode Algerøy

SPENT: – Eg må nesten ha nitroglyserin intravenøst. Det er forferdeleg spennande, seier salssjef i SK Brann, Dag Frode Algerøy.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Dei syng og trommar og lagar god stemning. Det er aldri noko problem med dei.

Salssjef i SK Brann, Dag Frode Algerøy, har hatt ei travel veke bak seg. Billettsalet til søndagens kamp går som det susar.

– Det er fantastisk. Eventyrleg bra. Historisk sett har me sett at folk engasjerer seg voldsomt i Brann når me er i toppen av tabellen og når me er i botn.

Supporteren i salssjefen er mildt sagt nervøs.

– Eg er så nervøs at eg må stå med hendene i lomma, for det sprutar sveitte ut. Eg må nesten ha nitroglyserin intravenøst. Det er forferdeleg spennande.

– Draumescenarioet er jo i andre enden av tabellen, der me kjempar for eit gull med fullsette tribunar. Men etter det så får me seie at dette er draumescenarioet, viss me var garantert å vinne dei siste kampane og greie oss, seier Algerøy.

LES OGSÅ: – Norling rir metaforane heile vegen til himmel eller helvete