Hopp til innhold

Didrik avslørte at andre kan sitje heime og ta eksamenen hans

UIB (NRK): Didrik Sæther (26) avslørte korleis ein kan få andre til å ta eksamen for seg i det «sikre» systemet fleire universitet og høgskular brukar. Så fekk han jobbtilbod frå selskapet han hacka.

Didrik Sæther

FEKK JOBBTILBOD: Då UiB-studenten Didrik Sæther kontakta selskapet Inspera etter å ha avdekka feil i eksamenssystemet deira, fekk han eit overraskande svar. – Eg fekk faktisk eit sommarjobbtilbod, smiler Sæther.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ein av dei tinga vi fann, var at ein kunne ha eit delt dokument med ein som sit heime og løyser eksamen for deg. Du kan gi denne personen eksamensoppgåva, så kan han svare, før du kan sjå svaret hans att, fortel Didrik Sæther.

Norske utdanningsinstitusjonar går meir og meir over til å gjennomføre eksamen på PC i staden for papir. Berre ved Universitetet i Bergen (UiB) blir det no gjennomført 14.000 digitaleksamenar kvart semester.

Dataløysinga dei brukar er den same som ved fleire andre norske og svenske universitet og høgskular: Safe Exam Browser, gjennom leverandøren Inspera.

Det skal eigentleg hindre studentar som brukar sin eigen PC i å opne filar og nettlesarar under eksamen.

Safe Exam Browser

SKAL HINDRE JUKS: Gjennom programmet Safe Exam Browser skal Inspera levere ei sikker eksamensløysing. Studenten Didrik Sæther har imidlertid avslørt at det er mogeleg å lure systemet.

Foto: Skjermdump UiB

– Stor fare for juks

Men no har masterstudent Sæther avslørt alvorlege sikkerheitshol som gjer det mogeleg for andre enn eksamenskandidaten å løyse oppgåva.

– Dei må berre fikse det så raskt som mogeleg. Det er stor fare for at nokon bruker svakheitene til å jukse på eksamen, meiner han.

Sæther hevdar det ikkje trengst store datakunnskapar for å få det til, og påpeiker at ein dessutan kan be datakyndige medstudentar om hjelp til å hacke systemet.

– I verste tilfelle kan jo nokon starte ei bedrift der dei gjennomfører eksamen for andre, seier Sæther.

UiB: – Det er mogeleg å jukse

Oddrun Samdal

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Universitetet i Bergen innrømmer at det er mogeleg å lure systemet, men seier dei har fleire kontrollrutinar både før og etter eksamen.

– Det er vanskeleg å jukse på ein digital eksamen. Men det er ei utfordring for oss at det er mogeleg, og det jobbar vi med å løyse hundre prosent, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Men Inspera, som leverer eksamensløysinga, seier det i praksis er umogeleg å gardere seg fullt ut mot juks.

– Så lenge studentane blir smartare og smartare, og stadig finn nye hol, er det ein evig runddans, seier dagleg leiar Bjørn Rustberggaard.

Fekk sommarjobb

Då Didrik Sæther kontakta Inspera etter å ha avdekka feila, fekk han eit overraskande svar frå Rustberggaard og kollegaane.

– Eg fekk faktisk eit sommarjobbtilbod, smiler Sæther.

Rapporten han leverte til Inspera etter hackinga, gjorde også at dei lagde eit program som eksamensvaktene enkelt kan bruke for å avsløre studentar dei mistenker for juks.

Programmet blei lansert ved UiB i førre veke, og snart ved andre institusjonar, og avdekker om andre program køyrer på PC-en, fortel Rustberggaard.

Til universitetsavisa På Høyden, som først omtala saka, fortel Inspera at dei berre delvis visste om feila Sæther avdekka.

– Eg trur dei blei overraska over alvorlegheitsgraden, seier masterstudenten til NRK.