Hopp til innhold

Erna held 17. mai-talen i Bergen

– Det er eigentleg hemmeleg kven som talar på Festplassen 17. mai, men eg kan avsløre at det er meg, seier statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg

FEIRAR 17. MAI I BERGEN: Erna Solberg kjem til Bergen på 17. mai for å halde hovudtalen på Festplassen. I tillegg skal ho halde eit par talar i Fana.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Bergensarane får feire grunnlovsdagen sitt 200-årsjubileum saman med statsministeren. Ikkje berre skal ho halde hovudtalen på Festplassen i Bergen på 17. mai, ho skal også tale i Fana.

– Eg synest det er veldig fint å få lov å feire 200-årsjubileet av grunnlova i Bergen. Det er jo ingen by som feirar 17. mai så grundig som bergensarane gjer, seier Solberg til NRK.

Glad for å bli spurt

Buekorps på 17. mai-toget i Bergen i 2005

GRUNDIG FEIRING: – Det er ingen by som feirar 17. mai så grundig som bergensarane gjer, seier Erna Solberg.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Dagen startar i Fana på Wernersholm der Bjørnstjerne Bjørnson skreiv «Ja, vi elsker».

På Wernersholm skal Solberg halde tale før turen går vidare til Troldhaugen der ho på ny skal tale, denne gongen for Nina og Edvard Grieg. Frukosten blir saman med 17. mai-komitéen før turen går til sentrum og Festplassen.

– Det er eigentleg hemmeleg kven som talar på Festplassen på 17. mai, men eg kan avsløre at eg skal halde tale for dagen på Festplassen. Eg synest det er fint å bli spurt om å halde tale for dagen, for 200-årsdagen for grunnlova er ein stor og viktig dag, seier statsministeren.

Solberg pleier normalt å feire 17. mai i Bergen, og har heldt talen på Festplassen ein gong tidlegare, men i år trur ho det blir ekstra spesielt.

– Eg trur kanskje at i år kjem langt fleire til å huske på kvifor vi feirar 17. mai, og kanskje vere endå litt meir opptekne av grunnlova og nasjonaldagen vår enn det som har vore vanleg, seier Solberg.

– Ei ære å få Erna på besøk

Eivind H. Hermansen

– EI ÆRE: Eivind H. Hermansen i 17.mai-komitéen i Bergen tykkjer det er ei ære å få Erna Solberg til Fana på grunnlovsdagen.

Foto: Marita Skeie / NRK

For Fana betyr det svært mykje å få sjølvaste statsministeren på besøk for dagen.

– Vi skreiv ganske tidleg i år eit brev til statsministeren og presenterte programmet vårt for 17. mai, der ho var ein del av det, og vi skreiv at vi håpte at ho såg seg tid og moglegheit til å komme til Fana, seier Eivind H. Hermansen som er leiar av 17.mai-komitéen for Fana bystrøk.

– Eg synest jo det er ei stor ære for Fana at ho veljer å ha delar av grunnslovjubileet her. Det set vi veldig stor pris på, seier han. At ho skal halde hovudtalen i Bergen gjer han ikkje sjalu. Tvert om.

– Di meir tid Erna brukar i Bergen, di kjekkare er det for oss bergensarar.

– Ei flott setting

Hermansen fortel at Fana er ein spesiell plass når det gjeld 17. mai, særleg fordi nasjonalsangen vart skrive akkurat her.

– I år er det nøyaktig 150 år sidan den vart sunge første gongen, og den skal framførast på Wernersholm på 17. mai i tillegg til at Erna held tale. Så dette vert ein flott setting i høve grunnlovsjubileet, seier han.

– Eg gler meg voldsomt. Det blir mykje folk og veldig kjekt.

Og at det ikkje finnast betre folkeslag til å feire 17. mai, slik Solberg hevdar, det er han heilt samd i.

– Det har ho nok heilt rett i. Vi er stolte av Norge, vi er stolte av byen vår og kongehuset vårt. Makan til patriotisme finn ein vel ikkje elles i landet.