Hopp til innhold

Politiet: – Du kan ikkje stole på naudpass

Han trudde alle papir var i orden, men måtte kjøpe naudpass og e-visum i siste liten. Likevel vart familien nekta å reise til Tyrkia. – Det enda med at me måtte returnere, seier Oddvar Brekke.

Nødpass

IKKJE NOK: Til nokre reisemål er ikkje naudpass gyldig.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Oddvar Brekke

NEKTA UTREISE: Oddvar Brekke og familien kom seg ikkje til Tyrkia. - Informasjonen må bli betre, slik at andre ikkje kjem i same situasjon som oss.

Foto: Privat
Vigdis Hundven

OPP TIL DEN REISANDE: Vigdis Hundven i politiet seier det er opp til den reisande å sjekke om det er mogeleg å reise med naudpass til reisemålet.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK
Passkontoret

KAN NEKTE UTREISE: Sjølv om Oddvar Brekke hadde naudpass og elektronisk visum vart han nekta utreise til Tyrkia.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Eg trudde eg var klar for å reise på ferie med familen min til Tyrkia. Men så enkelt var det altså ikkje, seier Oddvar Brekke.

Han skulle til Tyrkia med kone og to barn, og trudde alt var i orden fordi han hadde pass som gjekk ut tre månader etter heimreise.

Ei veke før avreise fann han ut at ved reiser til Tyrkia må passa vere gyldige i seks månadar etter heimreise. Brekke skjøna han måtte ha naudpass.

– Eg nytta verkeleg den veka til å forsikre meg om at dei papira eg då skaffa var OK å bruke, og fekk totalt fire stadfestingar på at det var det. Men, så var det ikkje det greitt likevel, seier han.

– Fleire og fleire godtar ikkje naudpass

Brekke er ikkje den første som har gått i den fella. Stadig fleire tyr til naudløysingar når det vanlege passet er for gamalt. Ifølge politiet kan ein likevel ikkje stole på at naudpass reddar ferien.


– Me ser at fleire og fleire land ikkje godtar norske naudpass. Det endrar seg frå dag til dag, nesten, så me kan ikkje gå god for kven som godtar naudpass, seier Vigdis Hundven som er leiar for kontrollseksjonen i Hordaland politidistrikt.

Dersom du reiser med naudpass til USA eller Tyrkia kjem du deg til avgangshallen, men ikkje lenger. Dei norske naudpassa kan også gjere det vanskeleg å komme inn i Kina og Dubai.

– Det er opp til den reisande å undersøkje om du kan reise med naudpass til reisemålet ditt, seier Hundve.

Trudde alt var i orden

Brekke hadde planlagt avreise til Tyrkia på ein laurdag. Tysdagen før gjekk Oddvar Brekke til politiet for å få naudpass.

– Eg sa eg skulle til Tyrkia og at passa måtte vere gyldige i seks månader etter heimreise. Eg fekk naudpass, og så gjekk eg heim og kjøpte e-visum fordi eg vart fortalt av politiet at naudpass skulle vera eit fullverdig pass, seier Brekke.

Elektronisk visum til alle passa, inkludert til naudpassa til barna vart fiksa.

– Før eg gjorde det, hadde forsikra eg meg gjennom Ving at det var OK med naudpass og e-visum når ein skal reise til Tyrkia. Eg fekk beskjed om at så lenge eg hadde kjøpt e-visum så var det ingen problem, seier Brekke.

Stadfesta fleire gonger

Torsdag før avreise las Brekke i nyheitene at det ikkje gjekk å reise med naudpass til Tyrkia.

– Eg kontakta Ving igjen fredag morgon, og fekk nok ein gong stadfesta at så lenge eg også hadde elektronisk visum, så var det ikkje noko problem. Eg fekk forklart at det var dei som berre hadde naudpass og skulle prøve å kjøpe visum der nede som fekk problem, seier Brekke.

Laurdag reiste Brekke med familie til Flesland i god tru om at naudpass og e-visum skulle vere nok, men slik blei det ikkje.

– Politiet i passkontrollen der meinte at eg ikkje kunne reise inn, men at eg kunne snakke med dei i gaten. Dei var heilt klare på at me ikkje kunne reise, seier Brekke.

Trass i at Brekke fekk ferien sin øydelagt, tar han sjølv ansvar for heile episoden.

– Eg er heilt klar på at eg burde ha sjekka på eit mykje tidlegare tidspunkt at eg hadde papira mine i orden. Det tar eg fullt og heilt på mi kappe, seier Oddvar Brekke.

Fekk refundert delar av summen

Etter nokre samtalar med Ving fekk Oddvar Brekke til slutt refundert delar av summen reisa til Tyrkia kosta. Sjølv om familien ikkje fekk reise til Tyrkia, så vart det ferie veka etter.

– Eg fann nokre billege billettar til Hellas med avreise veka etter, så det blei ei veke ferie. Men eg trur ikkje at eg kjem til å bruke naudpass igjen.

Brekke meiner problemet oppstod som følge av mangelfull og feilaktig informasjon frå reiseselskap og til dels frå politiet.

– Her må det gjerast ei forbetring, slik at andre ikkje kjem i same situasjon som me gjorde, avsluttar Brekke.

  • Sjå sak om naudpass her:
    Fleire land godtek ikkje nødpass. I fylgje politiet kan ein ikkje lenger stole blindt på nødløysinga - for du risikerer faktisk at du ikkje får komma inn i landet du skal besøkja. Og det er ditt ansvar å finna ut om nødpasset gjeld i landet du skal til.

    Sjølv om mange tyr til naudpass før ferien, så kan det vere at det ikkje er nok.