Hopp til innhold

Lær å lappe holet i yndlingsbuksa

Aldri sydd før? Ingen problem. Sjølv for nybyrjarar er det lett å gjere den gamle buksa eller puta ny.

Denne veka syr deltakarane i Symesterskapet ei t-skjorte med applikasjon. Her syner Tine Solheim ein enkel applikasjon utført ved hjelp av vliesofix, som er ein type vliselin med limbelegg på begge sider.

STEG FOR STEG: Her lærer du å sy på ein applikasjon.

Du treng ikkje kvitte deg med hettegenseren som har følgt deg dei siste fem åra, eller pakke bort puta du plutseleg blei så lei av.

Marius Symesterskapet

FOKUS: Her er Marius i full gang med applikasjonen.

Foto: Tore Zakariassen

Med ein applikasjon kan du raskt gjere plagget nytt, redde den nye buksa du var så uheldig å rive hol på, eller gjere ei billeg veske meir spennande.

Denne teknikken brukar deltakarane i Symesterskapet denne veka. Du kan gjere som nokon av dei og velje eit komplisert mønster, eller du kan løyse det veldig kjapt og enkelt.

Her syner me ein lett applikasjon utført ved hjelp av vliesofix, som er ein type vliselin med limbelegg på begge sider.

Slik gjer du det:

1. Stryk vliesofix på baksida av stoffet du vil feste på plagget. Limsida av vliesofixen skal ligge ned mot applikasjonsstoffet.

Applikasjon trinn 1

2. Teikn og klipp ut det motivet du vil ha.

Applikasjon trinn 2

3. Ta av papiret, og plasser applikasjonen med den andre limsida ned mot plagget.

Applikasjon trinn 3

4. Stryk på applikasjonen for å lime den på plagget

Applikasjon trinn 4

5. Sy rundt kanten med for eksempel sikksakksaum.

Applikajson trinn 5

6. Og, vips så har du ein fin applikasjon.

Applikasjon trinn 6

Se Symesterskapet her:
Norsk realityserie. Åtte av Norges fremste amatørsyere skal konkurrere om tittelen Norges beste amatørsyer. De må takle knallharde tidsfrister, utfordrende oppgaver og strenge dommere. Hver uke må en av dem forlate konkurransen, helt til en vinner står igjen til slutt. Kjendisdesigner Tine Solheim og Savile Row-skredder Andreas Feet er dommere. I første episode skal syerne lage en hettejakke til P3morgens Ronny Brede Aase. Programleder Christine Hope. Sesong 2 (1:7)