Hopp til innhold

– Ekstremt viktig å lage nye stykke for barn

Det er ei knapp veke til den populære barneboka "Vaffelhjarte" får sin teaterdebut. – I staden for våre gamle barndomshistorier, må vi gi dagens barn deira eigne, seier regissøren.

Trille og Lena på scena under framsyning av Vaffelhjarte

URPREMIERE: Det er Sulekha Ali Omar som spelar Lena (t.h.) medan Preben Hodneland spelar Trille i Den Nationale Scene si oppsetjinga av 'Vaffelhjarte'.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Cecilie Mosli

OPPTATT AV SERVERE NYE HISTORIAR: Regissør Cecilie Askeland Mosli.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er fredag 10. oktober at det er urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen si oppsetting av barneboka "Vaffelhjarte". Forfattaren Maria Parr si forteljing om dei to niåringane Trille og Lena som bur i den fiktive bygda Knert-Mathilde på Sunnmøre, har blitt umåteleg populær i både Norge og i utlandet.

Også NRK sin tv-serie som rulla på norske skjermar hausten 2011 vart ein suksess og har vunne fleire prisar. No er altså forteljinga for fyrste gong klar for teaterscena.

Regissør Cecilie Askeland Mosli er glad for å presentere eit heilt nytt teaterstykke.

– Vi har ein god kultur med Thorbjørn Egner og Astrid Lindgren, men vi må tore å skape nye historier for barn. Her er forfattar Maria Parr utruleg viktig for oss, for ho lagar fantastiske forteljingar for barn, seier Mosli til NRK etter å ha synt fram delar av stykket til pressen i Bergen i dag.

– Viktig at barna får sine eigne historier

Maria Parr

FORFATTAREN AV VAFFELHJARTE: Maria Parr.

Foto: Siri Juell Rasmussen

Ho seier det ofte blir foreldra som vel historiene som barn skal sjå.

– Då endar ein ofte med å velje noko ein kjenner godt. Men der viktig for barna å vere med i sin samtid og får historier som gjeld her og no.

– Så verkelegheita som Anne-Cath Vestly presenterte på 60-talet er annleis enn den er i dag?

– Ja. Det er nostalgisk men gode historier er jo universelle og tidlause. Likevel må vi tørre å opne opp for historier laga i dag, smiler regissøren.

Teaterstykket "Vaffelhjarte" vert sett opp i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, og vil gå fram til laurdag 6. desember. Etter jul reiser framsyninga på turné med Den Kulturelle skolesekken i Sogn og Fjordane.

Rekord i talet på urpremierar

Nettopp å tørre ting, er noko som karakteriserer DNS i 2014 på ein god måte. "Vaffelhjarte" blir teateret i Bergen sin sjuande urpremiere i år. Det er ny rekord.

– Vi har eit samfunnsoppdrag som også går ut på å ta risikoar og laga ny dramatikk. I år tar vi det på alvor og vi er stolte over å ha eit så vågalt program. Ein veit aldri kva ein får før premieren og teppet går opp, seier teatersjef Agnete Haaland.

I tillegg til "Vaffelhjarte" har DNS hatt premiere på "Reksten – firmaets mann" og Amalie Skrams "Hellemyrsfolket". Sistnemnde har gått for fulle hus i haust, og ledige billettar får du ikkje før i romjula.

No håpar teatersjefen at nokre av urpremierane endar opp som klassikarar i framtida.

– Ein klassikar har eingong vore heilt ny, alle har debutert ein gong. Skal det bli ein klassikar må stykket gjentakast og gjentakast på nytt. Vi håpar at mange av dei urpremierane vi har i år endar opp som ein del av vårt klassikerrepertoar, avsluttar Haaland.