Prisen vart delt ut under Christiekonferansen onsdag. Rieber får prisen for nyskapande samarbeid med Universitetet i Bergen og omverda gjennom CG Rieber Fondene, der han er styreleiar.
– Å få Christieprisen er ei stor overrasking, ei ære og ein inspirasjon. Dette ville gledd bestefaren min G.C. Rieber, som oppretta fondet i 1929. Han var framtidsretta og ville at pengane skulle brukast til å byggje bru mellom næringsliv og forsking, seier Christian Rieber.
Juryen trekkjer fram at Rieber sjølv og fondet har stått sentralt i å byggje opp klimaforskningsmiljøet i Bergen gjennom Nansensenteret, GC Rieber Klimainstitutt og Bjerknessenteret. Han bidrog også med ei betydeleg investering då Senter for alders- og sykehjemsmedisin vart etablert i 2012.
Christieprisen er på 250.000 kroner. Pengane gir vinnaren vidare til Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, som skal dele ut stipend til studentar i musikkterapi dei neste fem åra.
Prisen har namnet etter Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849), som vart valt til stortingspresident hausten 1814 og var ein brubyggjar innan politikk og samfunnsliv.