Hopp til innhold

Hove vil ikkje bli byrådsleiar

Harald Victor Hove ynskjer ikkje ta over etter Monica Mæland som byrådsleiar i Bergen. Han vil ha moglegheita til å gjera noko anna enn politikk dei neste åra.

Skulebyråd Harald Victor Hove

SEIER NEI: Harald Victor Hove vil ikkje ha jobben som byrådsleiar om noverande leiar Monica Mæland hamnar i

Foto: Siri Løken / NRK

– Når dykk stadig masar om kven som blir den neste byrådsleiaren, så kan eg no seia at det ikkje vert meg, seier Harald Victor Hove til Bergensavisen tysdag.

Byrådsleiar Monica Mæland er ein heit ministerkandidat i den nye regjeringa. Internt i Høgre heiter det at den 45 år gamle juristen er høgaktuell som Noregs neste justisminister.

– Dette er ikkje noko eg har tatt stilling til. Eg trivast veldig godt med den jobben eg har no, har Mæland tidlegare sagt til NRK.

Mykje erfaring

Dei fleste reknar med at Mæland blir statsråd, og då blir det omrokeringar i byrådet i Bergen. Mange meiner det står mellom Harald Hove og Ragnhild Stolt-Nielsen.

Hove har jobba heiltid med politikk sidan 1999, og er no skulebyråd. Tidlegare har 30-åringen vore finansbyråd og kultur- og næringsbyråd.

– Eg har ikkje gjort noko anna enn å arbeide med politikk. Skulle eg latt meg vera aktuell til byrådsleiarjobben, måtte eg ha hatt eit perspektiv på seks til åtte år. Då byrjar eg å nærme meg 40 år utan å ha hatt anna arbeidserfaring, held Hove fram til BA.

Vil ha moglegheita til å sei nei

Han forklarar at han gjerne vil ha ein opning for å forlate politikken når han ynskjer det.

– Som byrådsleiar kan du ikkje det.

Hove presiserer til avisa at han ikkje takkar nei til eit liv i politikken, men at han vil ha ein opning for å nettopp kunne takke nei.

Sjølv meiner han at Ragnhild Stolt-Nielsen kan vera ein god kandidat til jobben.

– Som leiar i Bergen Høgre skal eg vera litt forsiktig med kva eg seier, men Stolt-Nielsen er eit godt namn å spekulera i.