Hopp til innhold

No vil UNE behandle Taiman-saka på nytt

I dag bestemte utlendingsnemda (UNE) at dei vil behandle saka til Taiman Agid Fatah (27) på nytt. Det betyr at rettssaka i neste veke er stansa.

Taiman Fatah

SENDT UT: Taiman Agid Fatah blei frakta ut av landet i februar i år.

Foto: TIPSER.NO / Daniel D.Laabak

Det har vore ei urimeleg forskjellsbehandling i denne saka. Her er det snakk om ein ung mann i ein særs vanskeleg situasjon.

Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i NOAS

– Dette er heilt fantastisk. No kan han endeleg få ein ny sjanse, seier Taimans bror, Fatah Agid til NRK.

Regjeringsadvokaten kontakta i dag Taimans advokat og melde at UNE vil behandla saka til Fatah på nytt, for full nemnd. Som ein konsekvens av dette er rettssaka som skulle vera i neste veke, stogga.

– Kan få fram nye opplysningar

I 2008 fekk Taiman Agid Fatah endeleg avslag på asylsøknaden sin. I januar bestemte myndigheitene seg for å tvangsutsende Fatah. 10. februar i år vart Fatah sendt ut av Noreg, og sidan det har 27-åringen oppheldt seg i Irak.

– No får me moglegheita til å få fram nye opplysningar i saka. Mellom anna helsetilstanden til Taiman. Den delen som omhandlar familiegjenforeining blir det full gjennomgang av. Dette er utruleg positivt, seier Fatahs advokat, Asgeir Thomassen.

– Dersom me hadde vunne i tingretten hadde saka blitt tatt opp på ny i UNE. No skjer derimot dette med ein gang.

Skal forklare seg på Skype

noas

FORSKJELLSBEHANDLA: Generalsekretær i NOAS, Ann-Magrit Austenå, seier ho er letta over at UNE vil behandle saka på nytt. Ho meiner saka vitnar om forskjellsbehandling.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Advokaten har førebels ikkje snakka med Fatah, men seier at Fatah skal ha fått den gledelege beskjeden frå familien sin tysdag kveld.

– Eg trur UNE må ha sett at det er ein del ting i denne saka som gjer at det er verdt å ta den opp på nytt. Særskilt den delen som handlar om familiegjenforeining. Og no får Taiman forklare seg sjølv for UNE på Skype.

Ann-Magrit Austenå, Generalsekretær i NOAS, seier det er viktig at Fatah får forklare seg på nytt.

– Det er veldig, veldig bra at UNE no vil behandle saka på nytt. Det har vore ei urimeleg forskjellsbehandling i denne saka. Det er utruleg bra at Taiman no får forklare sin situasjon, seier Austenå.

– Dette er snakk om ein ung mann som har hatt ein vanskeleg situasjon i mange år. Han fortener å få fortelje si historie.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med UNE.

– Endeleg ein ny sjanse

Taimans bror fortel at han snakka med bror sin på telefon tidlegare i dag. Det var tydeleg at Taiman var letta over beskjeden.

– Han vart veldig glad. Han ville takke alle som har stått på for han. Eg håpar UNE skjønar at dei har gjort noko feil. Kanskje dei har insett at ein ikkje kan behandle menneske på denne måten, seier Fatah Agid.

Engasjementet for Taiman har vore stort i Bergen. I ei støttegruppe for Fatah på Facebook takkar venene til Fatah alle som har engasjert seg i saka.

«Kjære alle saman. Takk til alle som er med å støtter Taiman og hans familie. Dette viser at det nyttar å stå opp mot urettferdighet og umenneskeleg behandling!».

Advokaten legg vekt på at dei ikkje vågar å trekke konklusjonar for tidleg.

– Men i staden for å vente på ein lang rettsleg prosess, får me no fortgang i saka, seier Thomassen.

– Sjølv om saka no blir behandla på nytt er det jo ingen garanti for eit positivt svar, men no har vi fått ein ny moglegheit.