Hopp til innhold

Butikktilsette trappar opp streiken i dag

I dag trappar butikktilsette opp streiken. Samstundes blir konflikten mellom partane stadig meir tilspissa. – Butikksjefane driv streikebryting, seier Tor André Bremnes i streikeutvalet.

Varehandelstreik

TRAPPAR OPP: Sju nye verksemder i handel-kontorbransjen blir tatt ut i streik i dag. Fleire bakeri og blomsterbutikkar er alt råka av streiken. På biletet ser ein streikevakter utanfor Musegatens Blomster i Stavanger. Susanne Gundersen (til venstre), Åse Kvinnesland og Eva Hasle.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tilsette i gullsmedar, blomsterbutikkar, slaktarforretningar og bakeri, som er organisert i fagforeininga Handel og Kontor, er i streik. Frå i dag blir streiken blant dei butikktilsette utvida, og organiserte hjå sju nye verksemder blir tatt ut.

Yngve Hågensen støtter streikende

FEKK STØTTE FRÅ HÅGENSEN: Streikevakter i Bergen fekk i går støtte frå LO-kjempa Yngve Hågensen.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Sju nye butikkar og 61 medlemmer i Handel og Kontor takast ut i streik frå i dag og i dagane framover (sjå faktaboks).

Samstundes spissar konflikten seg til mellom partane NHO og Handel og Kontor. Butikkeigarar i Bergen driv streikebryting i stor stil, meiner Tor André Bremnes i streikeutvalet i Handel og kontor.

– Svært alvorleg

– Sjefane tek inn uorganisert arbeidskraft der dei streikande skulle ha jobba. Dette ser me svært alvorleg på. Det slår beina under heile den norske modellen.

Den engasjerte streikevakta står på post utanfor ein blomsterbutikk på Tårnplass i Bergen

– Her har dei gjort det som er rett. Dei har stengt butikken.

Men ved fleire bakeriutsal i byen har det motsette skjedd. Der tilsette har gått ut i streik, skal deira plass ha vorte fylt opp med uorganiserte.

– Dette er ikkje streikebryting

Sigbjørn S. Mygland

IKKJE STREIKEBRYTING: Sigbjørn S. Mygland i NHO meiner butikksjefane er innanfor lovverket når dei held opent under streiken. – Ein kan flytte uorganiserte butikktilsette frå ein arbeidsstad til ein anna utan at dette kan kallast streikebryting.

Foto: Moment Studio

Advokat i forhandlingsavdelinga hjå NHO, Sigbjørn Mygland, er rivande ueinig med Bremnes i Handel og Kontor. Han meiner uorganiserte tilsette i kjeder som Baker Brun og Lie Nilsen fritt kan flyttast rundt frå butikk til butikk.

– Ein kan flytte uorganiserte butikktilsette frå ein arbeidsstad til ein anna utan at dette kan kallast streikebryting.

NHO har vore i kontakt med Lie Nielsen og Baker Brun. Dei meiner verksemdene ikkje har gjort noko gale.

– Det vil vere usemje i konfliktsituasjonar om kva som er streikebryting. Eg oppfattar det som om at me har jussen på vår side, medan det blir peika på her meir er moralsk streikebryting.

– Godtek de moralsk streikebryting?

– Nei, me godtek det som er riktig. Det er at våre bedrifter opererer innanfor dei rammene som er sett.

– Nærmar seg det ein kan kalle streikebryting

Fram til i dag har 48 ulike butikkar som sel bakarvarer, blomar, gull eller slaktarvarer vore råka av streiken. 23 av dei ligg i Hordaland. I dag blir sju nye verksemder tatt ut i streik.

Berre eigar kan gjera jobben til dei streikande, og ingen andre, seier FAFO-forskar og ekspert på arbeidsrett, Kristin Alsos.

– Brukar ein vikarar eller andre tilsette som normalt ikkje ville ha gjort den jobben, så er ein raskt inne i det me vil kalle streikebryting.

– Dette vil i alle fall forsure forholdet mellom partane, seier Alsos.