Hopp til innhold

Tre tenåringar arresterte for valdtekt mot jente

Politiet aksjonerte i natt i Fyllingsdalen, etter at ei jente under 16 år skal ha blitt utsett for overgrep.

Svein Føllesdal

ETTERFORSKAR: Saka vert etterforska som ei valdtekt, seier Svein Føllesdal i politiet.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Overgrepet skal ha skjedd i ei leilegheit i Fyllingsdalen søndag kveld.

Politiet etterforskar saka som ei valdtekt.

– Den fornærma tok kontakt med politiet kort tid etter, og ville melda frå om ei valdtekt. Ut ifrå det arresterte me tre personar, seier politioverbetjent Svein Føllesdal ved politiet i Bergen vest til NRK.

Det var BT som omtala saka først.

Avhøyra held fram tysdag

Dei tre arresterte, som ifølge Føllesdal er mellom 17 og 20 år, sit no i fengsla forvaring. Dei vil bli avhøyrde i løpet av dagen.

– Me har kjennskap til to av dei arresterte frå før av, seier Føllesdal.

Det er så langt ikkje avgjort om nokon av dei skal varetektsfengslast.

Måndag ettermiddag opplyser Føllesdal i ei pressemelding at dei arresterte vert sitjande over natta. Dei tre tenåringane har forklart seg, men politiet ynskjer å gjera fleire avhøyr tysdag.

Dei mistenkte og den fornærma jenta skal ha hatt kjennskap til kvarandre frå før av, ifølge politiet.