– Alle lovbrot er uheldige og alvorlege. Tvangsbruk overfor barn og ungdom som er i ein vanskeleg og sårbar situasjon skal skje innanfor lova, seier Øystein Breirem Jacobsen, seksjonsleiar hos Fylkesmannen i Hordaland.
I desember avdekka Fylkesmannen at Bergen ungdomssenter braut lova i behandlinga av klagene frå bebuarane.
Institusjonen som behandlar ungdom mellom 14 og 18 år med åtferdsvanskar, har tidlegare fått kritikk for ikkje å vareta rettstryggleiken til bebuarane. Dei fekk klar beskjed om å rydde opp.
Tilsynet i desember synte at dette ikkje var gjort.
Har ikkje forklart årsaka til bruken av tvang
Sidan eit tilsyn hos institusjonen i 2013, har fylkesmannen mottatt 19 klager frå bebuarar på ungdomssenteret etter bruk av tvang. Det er behandlinga av desse klagene ungdomssenteret no har fått refs for:
- Bebuarar har klaga på bruken av tvang, men klagene har ikkje blitt sendt over til fylkesmannen før etter lang tid.
- Ungdomssenteret har i fleire av sakene ikkje forklart kvifor dei brukte tvang overfor bebuarane.
– Blir rettstryggleiken til ungdommane varetatt?
– Me har avdekka ei mangel på dette, som institusjonen har fått pålegg om å rette opp i tidlegare, seier Jacobsen.
LES OGSÅ:
Vurderte å be om stenging
Etter tilsynet i 2013 vurderte Fylkesmannen å be Bufetat stenge institusjonen. Sidan den gong har Bergen ungdomssenter gjort endringar som gjer at stenging ikkje lenger er noko dei vurderer på det noverande tidspunktet, seier Jacobsen.
Dagleg leiar ved Bergen ungdomssenter, Frank Atle Olsen, seier dei tek alle pålegga frå Fylkesmannen alvorleg. Han meiner rettstryggleiken til bebuarane vert varetatt.
– At me sende over klagene til fylkesmannen for seint skuldast at me ikkje fekk signatur frå ungdommane som klaga. Det er ikkje alltid ungdommane ønskjer å signere, så nokre gonger har det tatt litt tid. Etter å ha snakka med Fylkesmannen om det, sender me no inn klaga etter to dagar sjølv om me ikkje har fått signaturen.
– Me har endra rutinane, og avvika er no lukka, seier Olsen.
Han understrekar at ungdommane ikkje har fått medhald i klagene hos Fylkesmannen.