Hopp til innhold

Erstattar arbeidarane med fjernstyrt plattform

NORDSJØEN (NRK): På sjølvaste julaftan startar gassproduksjonen på Valemon-feltet i Nordsjøen. Om få år er målet til Statoil at plattforma blir ståande ubemanna.

Valemon-plattformen
Foto: Andre Osmundsen / Statoil

Eg trur ikkje dette betyr slutten for offshore-arbeidaren

Geir Nodeland, plattformsjef

Det har i haust vore full aktivitet på Valemon-feltet i Nordsjøen, kring 160 kilometer vest for Bergen. Gass- og kondensatfeltet skal endeleg byrja å produsera for Statoil, og målet er oppstart på sjølvaste julaftan.

Tett i tett ligg Valemon-plattforma, Floatel Superior og boreriggen West Elara. 370 personar er involvert i prosjektet og jobbar no på spreng for å bli ferdige til oppstartsdato.

– Det har vi god tru på at vi skal klare. Det er utfordrande med så mange personar involvert men det er også veldig spennande, fortel byggeleiar Nils-Helge Boge medan han syner NRK rundt på plattforma.

Blir ståande tom i ein månad

Byggeleiar Nils-Helge Boge på Valemon-plattformen

HAR OPPSTARTSDATOEN I SIKTE: Byggeleiar Nils-Helge Boge har trua på at Valemon frå 24. desember produserer gass.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Prosjektet er prestisje for Statoil. I tillegg til at Valemon-plattforma er den første som i sin heilskap er bygd ved eit verft i Sør-Korea, blir det også selskapets første som skal fjernstyrast frå land, nærare bestemt Sandsli i Bergen.

Statoil kallar denne modellen «normalt ubemanna». Det går ut på at 15 personar reiser ut og gjer vedlikehald i to veker – i dei fire neste blir plattforma ståande heilt tom. Ei slik løysing krev ein del teknologi.

– Teknisk sett er det fullt mogleg. Vi har utrusta plattforma med mykje overvakingsutstyr, både på instrumenta men også med kamera, forklarer Boge.

Det er kring 140 kamera på plass og saman med alt utstyret på instrumenta, kan Statoil følge med på den minste ting som måtte skje på plattforma frå hovudkontoret i Bergen.

– På offshore-plattformer av denne størrelsen, så er dette framtida. Eit utnyttar det teknologiske framspringet, samstundes som ein sparar kostnadar på å redusere bemanninga, seier Boge.

Trur ikkje det er slutten for offshore-arbeidaren

Plattforma vil altså gå med ein tredjedel av normal bemanning. I staden for tre skift med 15 personar på kvar, skal plattforma greie seg med det eine vedlikehaldsskiftet.

– Eg ser ikkje mange ulemper med dette. Fordelen er at vi får ein meir kostnadseffektiv drift av sjølve plattforma. Med tanke på tryggleiken er det også positivt, for når vi ikkje har personell her er det heller ikkje fare for skade på menneske, seier plattformsjef Geir Nodeland.

– Men betyr dette slutten for offshore-arbeidaren?

– Nei. Vi har mange prosjekt på gang som krev bemanna plattformer. Valemon er ein liten plattform og det vil komme nye store prosjekt. Eg trur ikkje unge menneske i dag skal vera redd for å satse på oljenæringa, for vi kjem til å vere her i mange år framover, svarar Nodeland.

Saka held fram under videoen

TV-sak frå Vestlandsrevyen

SJÅ TV-REPORTASJEN: Til venstre på biletet ser du Floatel Superior, Valemon-plattformen i midten og boreriggen West Elara til høgre. Reporter Jon Bolstad | Foto/redigering: Ingfrid Fossåskaret

Snart klare for oppstart

Men inntil vidare og fram til 2017 vil Valemon ha ei bemanning på 59 personar på dagskift og 14 på nattskift. Sjølv om produksjonen startar på julaftan, skal det framleis borrast frå West Elara.

Alt frå 12. desember byrjar Statoil å nedbemanna arbeidsstokken på 370 som er involvert i prosjektet.

Ein av dei som blir verande ei stund til er Caroline Jacobsen. 27-åringen frå Bergen har jobba som kranoperatør på Valemon-plattforma sidan i sommar, og skal vera her til august neste år.

Ho har nesten ti år bak seg på norsk sokkel.

– Eg skal vidare til ein anna plattform når mitt arbeid her ferdig her, smiler Jacobsen, som kanskje har den beste utsikta av alle på Valemon.

Kranførar Caroline Jacobsen på Valemon-plattformen

STYRER KRANA: Kranoperatør Caroline Jacobsen har ein heilt grei utsikt frå arbeidsplassen sin på Valemon-plattforma.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er noko vi snakkar om

Oljeprisen fell og Statoil stupar på børsen. Fleire tusen har mista jobbane i oljebransjen i haust og fleire går ei usikker tid i møte. Men Jacobsen fryktar ikkje for si framtid.

– Det er jo noko vi snakkar om, men samstundes kjem det fleire store prosjekt på norsk sokkel. Og då må vi jo vere her.

Plattformsjef Geir Nodeland seier det er vanskeleg å svare på kva Statoil sparar på å ha plattforma ståande utan mannskap i ein heil månad om gangen.

– Vi må huske på at oljeprisen har falt betrakteleg. Det er viktig at vi skapar robuste prosjekt som vi klarar å bygge ut. Då kan ein ubemanna plattform vera eit godt alternativ til det å ikkje få bygd ut eit felt fordi kostnadane er for høge, avsluttar plattformsjefen.