Hopp til innhold

Ventar brot på parlamentariske reglar

Skulle Martin Smith-Sivertsen bli nominert til Høgre sin byrådsleiarkandidat i Bergen ved valet neste år, så har Ragnhild Stolt-Nielsen gitt beskjed om at ho straks vil gå av som byrådsleiar. Om det vert utfallet ventar professor Frank Aarebrot seg brot på parlamentariske reglar.

Frank Aarebrot

VENTAR REGELBROT: Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot ventar brot på parlamentariske reglar dersom den sitjande byrådsleiaren går av.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det er ingenting som vil overraske meg når det gjeld utfallet av dette, når det gjeld å bryta elementære parlamentariske reglar, for det har dei spesialisert seg i bergenspolitikken etter kvart, seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot til NRK.

Tysdag kveld skal det avgjerast kven som blir Høgre sin byrådsleiarkandidat i Bergen ved valet neste år, den sitjande byrådsleiaren Ragnhild Stolt-Nielsen, eller utfordraren Martin Smith-Sivertsen.

– Dei har jo fått eit dilemma, for Stolt-Nielsen treng ikkje gå av fordi om ho tapar voteringa, for denne voteringa gjeld for kven som skal vere byrådsleiar i den neste perioden og ikkje i denne perioden, seier Aarebrot.

Heile byrådet må gå

Frank Aarebrot forklarer at dersom Stolt-Nielsen går av som byrådsleiar, så må heile byrådet gå av, etter parlamentarismen sine reglar.

– Ein enkeltbyråd kan gå av og bli erstatta av ein annan, men viss byrådsleiar går av, då går heile byrådet av, seier Aarebrot.

Aarebrot understrekar at ein byrådsleiar må sitte i bystyret, og at han lurar på om det er reflektert over at Smith-Sivertsen ikkje sit i bystyret.

– Kven skal vera byrådsleiar viss Ragnhild Stolt-Nielsen går av? Smith-Sivertsen kan ikkje vera det, for han sit ikkje i bystyret, seier han.

– Skansen kunne vore det, for han sit i bystyret, men eg fryktar jo at høgre kjem til å late som om det er heilt i orden at ein berre skiftar ut Stolt-Nielsen med Smith-Sivertsen, og så la byrådet fortsette. Men, det bryt alle parlamentariske prinsipp, seier han.

– Så du meiner Smith-Sivertsen ikkje kan gå inn som byrådsleiar?

Ja, for han sit ikkje i bystyret, seier Aarebrot.

– Veljarane skal bestemme

Aarebrot meiner at det at Høgre eventuelt nominerer Smith-Sivertsen er nok til at han kan sjåast på som kommunestyrerepresentant, og at det er opp til veljarane om han skal bli bystyrerepresentant.

– Det er faktisk slik at dei bergenske veljarane skal bestemme om dei likar Smith-Sivertsen eller ikkje, før han blir bystyrerepresentant. Du kan ikkje kople ut veljarane i ein demokratisk prosess og seie at dette er berre Høgre sin business, og ingen andre sin, seier Aarebrot.

– Det er ikkje Høgre som bestemmer kva som er parlamentarismen, det må eit samla bystyre gjere, det må jo vera ei samla forståing om kva som er spelereglane. Og spelereglane er heilt krystallklare

Dersom Stolt-Nielsen tapar nominasjonsvalet i dag, og går av, og ordføraren ber Martin Smith-Sivertsen om å danne eit nytt byråd, eller bli byrådsleiar, korleis bør då opposisjonen reagere?

Dei bør reagere med å protestere vilt, og seie at dette ikkje har noko med parlamentarisme å gjere, fordi ordføraren ikkje har mandat til å be eit menneske som ikkje sit i bystyret om å danne byråd, under parlamentarismen, seier Aarebrot.

– Ordføraren må spørje Skansen eller ein eller annan person til å sitte ut perioden slik at Smith-Sivertsen overtar etter at han er blitt bystyremedlem. Det er den einaste korrekte prosedyren, legg han til.