Hopp til innhold

Vil la næringsliv sponsa forsking i Arktis

Norskleda EU-prosjekt kan la turisme og oljeboring finansiera forsking i dei sårbare nordområda. Det skapar sterke reaksjonar hos Naturvernforbundet.

Forskingsskipet Lance

POLHAVET: Norsk Polarinstitutt sitt forskingsskip Lance på 83 grader nord vinteren 2015.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Trass betre og betre data frå satellittar er ikkje informasjonen om dei store arktiske områda tilstrekkeleg for forskingsmiljøa.

Ei stadig raskare issmelting i Arktis vil gje store endringar i økosystema. Meir kunnskap om det nordlege Barentshavet og Polhavet kan på sikt gjera det mogleg å forstå globale klimaendringar

Manglar data om Arktis

Men i det meste av indre Arktis er det nesten total mangel på målestasjonar og observasjonsdata på isen, på land, og nede i havet. For å byggja opp stasjonar og samla informasjon om økosystem og klimaeffektar, er forskinga avhengig av finansiering.

Det kan koma frå industri og anna næringsliv som ønskjer å utnytta ressursane i Arktis.

Stein Sandven

TRENG AKTØRANE: Professor Stein Sandven ved Nansensenteret i Bergen skal leia det store EU-prosjektet Intaros.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er eit paradoks for å få gjort klimaforsking. Det er Arktis som har størst global oppvarming akkurat no og me treng meir data for å forstå klimasystemet betre. Men kven skal investera i forskinga? Kven skal betala for desse observasjonssystema? spør professor Stein Sandven ved Nansensenteret.

Dei neste fem åra skal klima- og forskingssenteret i Bergen koordinera EU-programmet Intaros. Sandven er prosjektleiar for programmet som i korte trekk skal auka miljø- og klimaobservasjonane i indre Arktis.

Prosjektet vil bli eit viktig bidrag til internasjonale samarbeid i og om Arktis.

– Farleg utspel av ein professor

I den samanheng er næringsinteresser minst like viktige som klimaforsking, meiner prosjektkoordinator Sandven. Nettopp fordi vidare forsking er avhengig av betalingsvillige aktørar.

– Me ventar auka aktivitet frå næringsaktørar i det indre området av Arktis og treng difor meir data. Dette er aktørar som treng informasjon om istilhøva og vêret for å operera trygt i Arktis, seier professoren.

Døme på næringar som kan betala for forskinga er skipsfart, fiskeri, mineralutvinning, arktisk turisme og ikkje minst petroleumsutvinning. Alle desse er sektorar som i framtida vera viktige interesser i nordområdet.

Maren Esmark

SKUFFA: Generalsekretær i Naturvernforbundet Maren Esmark er forundra over at klimaforskar Sandven meiner næringsaktørar er eit nødvendig vonde. – Eg er skuffa over at ein forskar kan føreslå noko sånt.

Foto: Naturvernforbundet

Forslaget får Naturvernforbundet til å stegla.

– Dette er svært kontroversielt. Eg opplever det som farleg når ein forskar kjem med denne type utsegn. Forsking må vera uavhengig og i Arktis har vi eit økosystem som er svært sårbart. Ingen aktivitet skal gå føre seg her av aktørar som kan skada miljøet, seier generalsekretær Maren Esmark.

Næringsinteressene står i kø

Store næringsinteressentar har allereie peika seg ut polområdet. Sjølv om berre fem land har kontinentalsokkel som strekkjer seg mot Nordpolen, ligg alt til rette for interessekonflikt.

Arktis

KLIMAINDIKATOR: Ein isbre som sakte, men sikkert veltar ut i havet på Svalbard. Arktis er det område i verda kor klimaendringane først blir merkbare.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Sandven meiner det difor er naudsynt å nytta moglegheita til å slå to fluger i ein smekk: Næring og forsking.

– Ein må også tenka business for å få til satsing. Det er kanskje endå viktigare for Noreg som satsar på å vera leiande på ressursutnytting. Men også andre land er interesserte i næringsutvikling i Arktis.

Maren Esmark i Naturvernforbundet er overraska over at Sandven meiner næringsaktivitet kan bana veg for forsking.

– Det er ein farleg veg å gå. Forskinga må vera betalt av statane og gjerast heilt uavhengig av næringsaktørar. Ein risikerer at næringa blir pådrivaren av aktivitet i eit svært sårbart område.