Hopp til innhold

Vurderer framtida til trykkeria i Bergen og Stavanger

Schibsted skal sjå på moglegheita for å klare seg med berre eitt trykkeri på Sør-Vestlandet.

Schibsted gjør det godt i tredje kvartal, men salget av papiraviser går nedover

Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen er mellom avisene som blir trykka på trykkeria i Stavanger og Bergen.

Foto: Kyrre Lien / NTB

Dei tilsette ved trykkeriet på Forus i Stavanger vart fredag informert om vurderinga som leiinga i Schibsted Trykk no skal gjera, skriv Stavanger Aftenblad.

NRK får opplyst at det i morgon blir allmøte om det same på Schibsteds trykkeri i Drotningsvik utanfor Bergen sentrum.

På grunn av fallet i avismarknaden vurderar Schibsted no om dei kan klare seg med berre eitt av trykkeria i Stavanger og Bergen. I verste fall kan kring 40 personar i Stavanger, eller over 70 personar i Bergen miste jobben sin.

Avgjerd i løpet av mai

– Vi ser at papirvolumet fell og at vi kjem til å ha overkapasitet på trykkeria. Vi har starta eit prosjekt for å sjå på konsekvensane ved å ha eitt trykkeri i staden for to, bekreftar styreleiar Harald Jacobsen i Schibsted Trykk til NRK.

Han trur resultatet av moglegheitsstudien vil ligga føre i mai.

Det er langt frå første gong at Schibsted ser på nedskjeringar i trykkeria sine rundt om i landet. For to år sidan vart trykkeriet i Kristiansand nedlagt, medan trykkeriet på Flesland i Bergen vart avvikla frå 1. januar 2016.

No kan det andre trykkeriet i Bergen altså vera i fare.

Harald Jacobsen

Harald Jacobsen er styreleiar i Schibsted Trykk, som no skal sjå på moglegheita for å klara seg med kun eitt trykkeri på Sør-Vestlandet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Skal sjå på deadline-konsekvensar

Skulle det skje ei nedlegging i ein av byane, kan det få store konsekvensar for når avisene må sendast til trykk.

I Stavanger vert mellom anna Aftenbladet og Fædrelandsvennen trykka, medan dei i Bergen mellom anna trykkjer Bergens Tidende. Begge stader vert også dei store nasjonale avisene som skal distribuerast i Hordaland eller Rogaland trykka.

Og nettopp levering og deadline blir eitt av dei viktigaste scenarioa som Schibsted-leiinga no skal vurdere.

– Overskot eller underskot ved trykkeria er ikkje noko tema. Det viktigaste for oss er korleis vi kan utnytte kapasiteten best mogleg med lågast mogleg kostnad per trykte avis, og deretter sjå kva konsekvensar det vil få for deadline og levering av avisene, forklarar Jacobsen.

– Om nedlegging i Stavanger betyr at Aftenbladet må trykkast klokka 18.00 og i praksis lage avisa ferdig klokka 14.00 om ettermiddagen, betyr det langt på veg kroken på døra for papiravisa, seier Samuel Høines, leiar for grafisk klubb ved trykkeriet på Forus, til Aftenbladet.