Hopp til innhold

NRK på omdømmetoppen

NRK har det beste omdømme blant norske medieverksemder, viser ei undersøking.

NRK mP3 - populær ungdomsradio

Berre Tine har betre omdømme hos norske bedrifter enn NRK, viser ei ny undersøking Ipsos MMI har gjort.

Totalt sett tek NRK andreplassen på Ipsos MMI si profilundersøkinga.

Tine toppar lista, følgt av NRK blant dei 112 bedriftene som er med i undersøkinga. I 2013 var det NRK som låg øvst.

Les mer: Godt fornøyd med NRK

Stabilt NRK-omdømme

I fjor svarte 80 prosent at dei hadde eit "meget godt eller ganske godt" inntrykk av NRK, i år har 81 prosent svart dette.

Kristin Rogge Pran ved Ipsos MMI seier til Aftenposten at forskjellane mellom resultata frå år til år er marginale og at resultata er stabile.

36 prosent har "meget godt inntrykk av NRK": Det er høgst av alle 112 målte bedrifter innanfor ulike område, skriv Aftenposten.

I fjor svarte 10 prosent at dei hadde eit negativt, eller svært negativt inntrykk av NRK. Denne gruppa går tilbake med to prosentpoeng, i år er det 8 prosent som svarer dette.

Mediebedriftene

TV2 følgjer på andreplass etter NRK med 77 prosent, og Aftenposten er nummer tre med 64 prosent som seier dei har eit " meget godt eller ganske godt" inntrykk av bedrifta, i følgje Aftenpostens artikkel om undersøkinga.

Dagbladet, følgt av TV3 og VG har dårlegast omdømme av mediebedriftene.