Slik er NRK organisert

NRK har 56 avdelingar rundt om i Noreg - og hovudsetet sitt på Marienlyst i Oslo. Rundt 2 000 arbeider i Oslo og 1500 andre stader i landet.
NRK
NRK er ei stor verksemd med om lag 3 500 tilsette og knapt fem milliardar i omsetning. Du finn NRK landet rundt. Her kan du lese korleis NRK er organisert.
Publisert 23.04.2009 16:15. Oppdatert 15.05.2013 15:25.
- Skriv ut
Se også:
Detaljert organisasjonskart
Slik er NRK styrt
NRK er ein offentleg eigd allmennkringkastar. Stortinget set rammene for verksemda til NRK. Kulturdepartementet er NRKs generalforsamling og vel NRK sitt styre.
Les mer: Eigare og styre
Styret avgjer kven som skal vere kringkastingssjef. Kringkastingssjefen er øvste sjef i NRK. Thor Gjermund Eriksen er noverande kringkastingssjef.
Les meir: Kringkastingsjefane i NRK
Fem divisjonar
NRK er inndelt i fem divisjonar.
Tilhøvet mellom divisjonane er slik:
• NRK Kringkasting – gir produksjonsoppdrag.
• Marienlystdivisjonen - produserer program.
• Distriktsdivisjonen - produserer program.
• NRK Sápmi - produserer program.
• Teknologidivisjonen - tener dei andre divisjonane.
Les meir: Dette er NRK
Kringkastarmodellen
Innad er NRKs divisjonar organisert i eit kunde- og leverandørforhold. NRK Kringkasting sit på eit stort budsjett og bestiller frå dei programskapande divisjonane.
Denne måten å organisere verksemda på kallas kringkastermodellen.
NRK Kringkasting
NRK Kringkasting bestiller og sett budsjettrammene for kvar produksjon. Oppdraga går så til dei programskapande divisjonane og til eksterne produsentar.
Nokre bestillingar skjer for lang tid. Noen på årsbasis, medan andre program eller produksjonar bestilles enkeltvis.
NRK Kringkasting har samstundes ansvaret for NRK si publiserings-, investerings-, og teknologistrategi.
NRK Analyse, forskningsavdelinga i NRK, finn du og her. Dei finn ut kor mange som høyrer og ser og kva brukarane synast om NRK sitt tilbod. Det er viktig bakgrunnsinformasjon når NRK Kringkasting skal bestille program og produksjonar.
Les meir: Så mange ser og høyrer
Avdelingar i NRK Kringkasting
TV: TV-kringkastar har ansvar for programsetting av tv-kanalane. Arne Helsingen er tv-sjef.
Radio: Radiokringkastar har ansvar for programsetting av radiokanalane. Hovudkanalane - P1, P2 og P3 - har eigne kanalsjefar. Marius Lillelien er radiosjef.
Nye medier: Nettet er ei stadig viktigare plattform for NRK. Eit breitt nettilbod er definert som ein del av NRK sitt allmennkringkastaroppdrag. Sindre Østgård er nettsjef.

Annika Biørnstad (født 1957) er direktør for NRK Kringkasting. Ho har studert jus og tatt medielinja ved Høgskulen i Volda. I NRK har ho arbeidd sidan 1981, både som produksjonsassistent, produksjonsleiar, redaksjonssjef og som fjernsynssjef.
Les meir: Dette er NRK sitt oppdrag
---

Hovudkontoret til NRK finn vi på Marienlyst i Oslo. Her held rundt 2 000 av dei rundt 3 500 medarbeidarane hus.
Foto: Nadia Frantsen/NRKMarienlystdivisjonen
NRK Marienlystdivisjonen er den største programproduserande divisjonen.
Marienlystdivisjonen samlar alle som held på med innholdsproduksjon på Marienlyst. Drøyt 1600 medarbeidarar fordelt på sju programavdelingar, ein produksjonsavdeling og flere stabseinheitar har sitt daglege virke her.
Programavdelingar:
- Nyhende
- Sport
- Super (for barn)
- Dokumentar og samfunn
- Kultur
- Underhaldning
- P3/Ung

Per Arne Kalbakk har lang erfaring frå NRK – anna frå faktaavdelinga, som nyheitssjef og som distriktsredaktør i Østlandssendinga. Han var og i eitt år redaktør i Dagbladet før han kom attende til NRK.
Distriktsdivisjonen
Distriktsdivisjonen er den andre store programskapande divisjonen. Den samlar storparten av produksjonen utanom Marienlyst.
Her finn ein dei 12 distriktskontora til NRK - tre av dei regionkontor - med til saman omlag 1100 medarbeidarar.
Kvar einaste dag produserer distriktskontora innhald for radio, tv og nett. Både for dei lokale radio- og tv-sendingane, nettet og mykje og for heile landet. Frå heile landet til heile landet, er distriktsdivisjonen sitt oppdrag.
Distriktskontora speglar Noreg både til kvardags, fest og når det skjer triste hendingar.

I Bergen, Trondheim og Tromsø har NRK store regionsentralar med eit utvida verksemd. Distriktsdivisjonen har sitt hovudsete på Tyholt i Trondheim.
Direktøren
Grethe Gynnild-Johnsen har arbeidd i NRK sidan 1993, dei siste ti åra som leiar. Ho har blant anna vore sportsredaktør og nyheitsjef.
Les meir: NRK sine distriktskontor
NRK Sápmi
NRK Sàpmi har ansvar for å lage eit breidt samisk tilbod både for radio, tv og nett.
NRK Sàpmi har om lag 100 medarbeidarar og hovudkontor i Karasjok.
Dette er samstundes den største samiske medieinstitusjonen i Norden og NRK samarbeider tett med allmennkringkastarane både i Finland og Sverige om eit samisk programtilbod.
Ved sidan av hovudkontoret i Karasjok har NRK Sàpmi lokalkontor Kautokeino, Kåfjord, Skånland, Snåsa, Tana, Tromsø og Tysfjord og Oslo.
Det meste av det samiske programtilbodet blir presentert på nordsamisk, men NRK Sàpmi har og eit tilbod på lule- og sørsamisk forutan på norsk.

Nils Johan Heatta (født 1954) byrja programingeniørutdanning i NRK i 1974. Han har og utdanning frå Forsvarets Høyskole. Han har arbeidd som programingeniør både i norsk og svensk sameradio. Seinare ble han journalist og sidan 1985 har han vore sameradiosjef.
Les meir: Med Sami som livsoppgåve
Les meir: Dette er NRK Sápmi
Teknologidivisjonen
Teknologidivisjonen har som oppgåve å få få sendt NRKs innhald slik at alle I Norgeg via radio, tv og nye plattformar kan ta del i det. Det er er ei svært samansatt og komplisert oppgåve.
Ansvarsområda til Teknologidivisjonen omfattar difor både ansvar for infrastruktur, teknologi og servicetenester.

I tillegg til fire stabar for økonomi, personal, beredskap og tryggleik, er divisjonen inndelt i tre større avdelingar: Publisering, produksjonssystem og IT.
Teknologidirektør
Nils Bjarne Foss (f. 1960) overtok som Teknologidirektør 1. januar 2011. Då kom han frå stillinga som utviklingssjef i Distriktsdivisjonen.
---
Sentrale stabar
Direkte under kringkastingssjefen ligg dei sentrale stabane. Dei tener heile organisasjonen.
Administrasjon- og finans-avdelinga har ansvar for service og sikkerheitstenester, økonomi og regnskap. Den er er leia av Jan Espen Lohne.
Lisensavdelingen som krev inn kringkastingsavgifta eller lisensen frå alle som har eit fjernsynsapparat i Noreg er ein del av denne avdelinga.
Dei rundt 100 medarbeidarane sit i Mo i Rana og tek kvart år i mot nærare fem milliardar kronar. Så å seie alle NRKs pengar kjem frå kringkastingsavgifta.
Les meir: Alt om lisensen

I Karasjok, Tromsø, Mo i Rana, Trondheim og Bergen har NRK ekstra store avdelingar. I Mo i Rana har både NRK Nordland lokalkontor, NRKs Publikumsservice er her og Lisensavdelingen med sine om lag 100 medarbeidarar er her.
Foto: Mo Industripark
Juridisk avdeling har i oppgåve å sjå til at NRK følger dei lovar og reglar som set rammene for NRK si verksemd. Den er leia av Olav Nyhus.
Les meir: NRKs juridiske avdeling
Informasjonsavdelinga har ansvar for informasjon om NRK internt og eksternt. Publikumsservice og Dokumentarkivet inngår i avdelinga. Tommy Hansen er kommunikasjonsdirektør.
Ris, ros og spørsmål - ta kontakt: NRKs Publikumsservice
Innsyn: Sjå NRK sin offentlege postjournal
Organisasjonsavdelinga har ansvar for å utvikle strategiar og tiltak innanfor personal- og organisasjonsarbeidet for heile NRK. Solveig Jølstad er organisasjonsdirektør.
Kringkastingsorkesteret
NRK har sitt eige orkester - Kringkastingsorkesteret. Musikken til orkesteret kan du høyre titt og ofte i NRK sitt breie programtilbod. Orkestret blir brukt til å spele musikk i ei rad ulike samanhengar.
Kringkastingsorkesteret (KORK) har eksistert sidan 1946. KORK har og eigne konsertar, samarbeider gjerne med Norges fremste musikarar og dreg på turnear landet rundt. Orkesteret har også gitt ut cd-ar og bøker.
I vedtektene for NRK står det at NRK skal halde eit fast orkester som dekker eit breidt repertoar frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk.
Les meir: Dette er Kringkastingsorkesteret

NRK har eit eige orkester - Kringkastingsorkesteret.
Foto: Nyhetsspiller
NRK si kommersielle verksemd
NRK har samla den kommersielle verksemd si i datterselskapet NRK Aktivum.
NRK eig og delar av NTV, RiksTV og Norsk Mobil-TV.
Les meir: Forretningsverksemda til NRK
Les på andre språk: Om NRK på engelsk, tysk, fransk, urdu, polsk og finsk
Mer om organisasjonen
Mer NRK-fakta
- Dette er NRK
- NRKs brede medietilbud
- Dette er allmennkringkasting
- Distriktskontorene
- NRKs historie
- NRKs strategi 2012 - 2017
- NRKs årsrapport og årsregnskap
- Årsrapporter 2000 - 2012
- Årsregnskap 2001-2012
- Allmennkringkastingsrapporten 2011
- Hvor mange ser og hører?
- Profilundersøkelsen 2012
- Alt om Kringkastingsrådet
- Alt om TV-aksjonen
- Med lisens til å sende - NRK gjennom 75 år
- Kulturdepartementets NRK-side
- Alt om medier i Norge (offentlig kunnskapsbase)
- Medietilsynets nettsider
