Hopp til innhold

Fleire ukrainarar til Noreg – akuttmottak blir no permanente

Det er forventa ei auke i ukrainske flyktningar til Noreg. På Drevsjø står mottaksleder Ralf Edstrøm klar til å hjelpe.

Leder på akuttmottaket på Drevsjø, Ralf Edstrøm

NORGES ELDSTE: Mottaket på Drevsjø kan huse 200 personer. No blir det igjen liv i husa etter at UDI ga grønt lys for ordinær mottaksdrift. Mottaksleder Ralf Edstrøm er letta.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Den siste tida har det vore ein betydeleg auke i talet på ukrainarar som kjem til Noreg.

Ifølge Utlendingsdirektoratet (UDI) kom det 1008 flyktningar i løpet av sju dagar i september. Dei fleste frå Ukraina. Det betyr at det så langt ser ut som det kjem fleire i september enn det gjorde i august.

Dermed er det også behov for fleire mottaksplassar.

No blir fleire av akuttmottaka gjort om til ordinære mottak.

Eit av desse er Drevsjø statlege mottak i Engerdal.

– Det har ekstremt mykje å seie. Det trengst jo fleire i jobb alle plassar; i barnehage, på skule, lege, tannlege og ikkje minst på mottaket då, seier Signe Storsnes.

Ho jobbar som barne- og miljøarbeidar i kommunen.

Signe Storstrøm og Ralf Edstrøm ved Drevsjø mottak i Engerdal.

GLADE: Barne- og miljøarbeidar Signe Storsnes, og mottaksleiar Ralf Edstrøm, er fornøgde med situasjonen. Dei beskriv det som skjedde da mottaket vart lagt ned, for ei slags sorg.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Kjem fleire ukrainarar

Mottaket på Drevsjø var landets eldste og hadde vore i drift i over 30 år da det vart lagt ned i 2021.

Ein viktig arbeidsplass forsvann frå bygda med 400 innbyggarar. Hele bygdemiljøet vart påverka av nedlegginga.

Grø Gløtvold foran hyller med mat i Joker-butikken på Drevsjø.

LIV I BYGDA: Gro Gløtvold ser fram til meir aktivitet og liv i bygda med et permanent mottak på Drevsjø.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Då dei la ned var det nesten ei sorg på eit vis. Du trefte ikkje folk på vegen viss du var ute og gjekk, seier Gro Gløtvold, som bor på Drevsjø og driv matbutikk i grenda.

Nå gler ho seg til samhaldet, kulturkveldar, aktivitetar på skulen og anna som følger med å ha et mottak i bygda.

UDI sin oversikt over ankomster uke for uke siste 3 mnd. Ankomstene så langt i september (siste kolonne) tilsier et nivå moderat høyere enn i august. De fleste ankomne er ukrainske flyktninger.

ØKNING: Antallet ankomne flyktninger har økt de siste tre månedene, viser tall fra UDI. De fleste ankomne er fra Ukraina.

Foto: Utlendingsdirektoratet (UDI)

UDI hadde i utgangspunktet rekna med, og planlagt for, at det ville komme om lag 32.000 frå Ukraina i år. No oppjusterer dei talet.

– Vi ser ein auke av asyl-innreiser no. På bakgrunn av auken har vi justert prognosen vår til 37.000 innkomstar dette året, seier Siv Kjelstrup, som er regiondirektør i UDI.

Les også Galina (81) budde to månader i kjellaren: – Eg vil heim så snart krigen er over

Galina Dmitrieva

Behov for enda fleire mottak

UDI vurderer behovet for asylmottak fortløpande.

Førebels er åtte av akuttmottaka som vart oppretta etter Ukraina-krigen blitt omgjort til ordinære mottak. I tillegg er det etablert andre nye mottak, og det kan bli behov for fleire.

Portrettbilde av Siv Kjelstrup.

AUKE: UDI har oppjustert talet på Ukrainske flyktningar til Noreg. Regiondirektør Siv Kjelstrup.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Då hadde vi behov for veldig mange innkvarteringsmoglegheiter som vi kunne etablere raskt. Men det er ikkje det vi kan satse på, så vi har hatt ein konkurranse der vi no etablerer fleire ordinære mottak, seier Kjelstrup.

Akkurat no kjem det flest flyktningar frå Ukraina, men mottaka er ikkje reservert utelukkande for ukrainarar.

Les også Norge bruker 1,2 mrd. på akuttmottak – 65 prosent står tomme

Mottaksleder Henie Dalseide står foran hotellet på Storslett, klar til å ta imot flykninger.

Akuttmottaket i Nesna kommune i Nordland er også blant dei som blir verande no. Dei vart lagt ned i 2017. Dei var i ein ny prosess for å få opprette mottak då dei fekk opne akuttmottaket i mars i år.

Frode Ulriksen er driftsleiar der og er glad dei no får halde fram med mottaket sitt.

– Vi har heile tida jobba for å drive mottak. Det betyr mykje for oss som kommune. Vi meiner vi har det som skal til for å drive eit godt mottak, seier Ulriksen.

Mottaket på Drevsjø kan i dag ta imot 200 personar. Avtala med UDI gjeld for dei neste fem åra. Mottaksleiar, Ralf Edstrøm, har tru på forlenging og viser til at UDI i anbodsrunden trakk fram deira lange erfaring som mottaksdrivarar.

– Og så har vi heile kommunen og befolkninga bak oss. Det er klart at det og er viktig når ein skal ut og konkurrere om mottaksdrift, seier Edstrøm.

Les også Ukrainarar gir folkevekst i Noreg – Nina (31) vil gi noko tilbake

Nina Isaieva og sonen