Trass i gråvêr og dystre vêrmeldingar, kan turistvertane i fjellet rapportere om at starten på påska har vore betre enn venta.
Så langt i påska har fleire tusen påsketuristar vore innom ei betjent DNT-hytte.
Samanlikna med i fjor er det snakk ein liten oppgang, melder turistforeininga.
Siri Storstein Hytten, kommunikasjonssjef i DNT, melder skjærtorsdag om ein strålande start på påska.
– Foreløpig ser det fint ut. Mykje folk og mange stader har det vore betre vêr enn meldinga skulle tilseie, seier ho.
Litt lenger ned i saka finn du ei oversikt over dei mest populære hyttene i påska.
Ei ny og populær hytte
Den vesle auka skuldast i hovudsak ei ny og populær hytte.
– Vi har hatt ei auke i nokre fjellområde samanlikna med i fjor. I 2023 talde vi ikkje Leirvassbu som hadde første år som DNT-hytte. Med tal frå Leirvassbu er det i år oppgang i antal gjester, seier kommunikasjonsansvarleg i DNT, Andreas Blaauw-Hval.
I fjor kjøpte Sparebankstiftelsen DNB den populære turisthytta Leirvassbu i Jotunheimen. Ho er nå drifta av DNT og inngår i hyttenettverket deira.
Med rundt 60 tilgjengelege 2000 meterstoppar, er hytta svært populær for dei som vil plukke høge toppar i Jotunheimen.
Dette er den viktigaste årsaka til at DNT melder om auka påsketrafikk i Jotunheimen.
– Det har vore fullbooka kvar dag, men det kjem også nokre avbestillingar, så vi har litt ledig kapasitet nokre dagar, seier styrarane på Leirvassbu, Terje og Gitte Sølna.
Dei ti mest populære
Så langt har Leirvassbu hatt over 800 påskegjester, noko som gjer ho til den nest mest populære hytta i DNT-systemet. Berre slått av Finsehytta med sine over 900 gjester.
– Vi har 170–180 personar her kvar dag, og det er berre breie påskesmil å sjå når dei kjem inn att om kveldane, seier Terje Sølna på Leirvassbu.
Ifølge DNT er dette dei ti mest populære hyttene hittil i påska:
- 1. Finsehytta
- 2. Leirvassbu
- 3. Haukeliseter
- 4. Fondsbu
- 5. Krækkja
- 6. Gjendesheim
- 7. Glitterheim
- 8. Rondvassbu
- 9. Sandhaug
- 10. Geiterygghytta
Denne hytta har størst auke
Øystein Garden har si fyrste påske som styrar på Gjendebu i Jotunheimen, og har nær dobla talet på gjestedøgn samanlikna med fjoråret.
– Her i Gjendebu har det vore veldig bra besøkt samanlikna med tidlegare år, men det er mest unge vaksne og vennepar, seier turistvert på hytta Øystein Garden.
Gjendebu ligg inst ved fjellsjøen Gjende, og er den eldste hytta i DNT-systemet.
Han har meldt inn 158 gjester i palmehelga. Det er 80 fleire enn i fjor, og gjer Gjendebu til hytta som auka mest denne påska.
– Eg trur at mange av våre tidlegare gjester på Rondvassbu har følgt med oss hit til Jotunheimen, og så har vi pussa opp mykje her i vinter, seier Garden, som tidlegare drifta Rondvassbu i Rondane.
Øystein Garden har håp om at fleire skal få auga opp for sjarmen med å gå frå hytte til hytte på fjellski.
– Hytte til hytteturismen er ikkje død. Vi kjem til å satse meir på det framover, og det verkar som at folk har oppdaga på nytt sjarmen med stikkaløyper og fjellski, seier styraren på Gjendebu.
Meiner påskevanane har endra seg
Men trass i auka, merkar nokon at påskevanane til folk er endra.
– Mange av våre gjester har private hytter som dei også ynskjer å bruke i påska, seier turistvert Øystein Garden.
Mange av dei fjellglade turistane har nå skaffa seg eigne fjellhytter som dei ynskjer å nytte i påsken.
Garden meiner at den enorme auka i privathyttemarknaden har ført til at folk har endra påskevanar, og har nå kortare opphald på turisthyttene.
– Vi hadde ein del gjester her før påske som sa dei ville ha med seg sjarmen med å gå frå hytte til hytte, men at dei ville vera på familiehytta i påsken, seier han.