Hopp til innhold

Skulle finne høgda på Glittertind – vart overraska over det dei oppdaga

GLITTERTIND (NRK): Fjelltoppen har alltid hatt den ikoniske iskappa som har gjort at ein aldri har visst nøyaktig kor høgt fjellet er. No har breen smelta så mykje at ein kan ta på toppen.

Måler høgda på Glittertind

BORING: Liss Marie Andreassen i NVE borer seg gjennom snø og is for å treffe fjell. Med dette kan dei finne ut kor høgt fjellet er.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Her har vi'n! Det trur eg er stein altså! Eller er det is?

Liss Marie Andreassen i Noregs vassdrags- og energidirektorat borar seg gjennom islaget på tinden i Jotunheimen.

Med bor, radar og GPS-målar ville NVE og Kartverket finne den rette høgda på fjellet. Og samstundes finne ut kor tjukk iskappa på toppen er no.

Glittertind no
Glittertind, 1920

STOR ENDRING: Her ser ein korleis iskappa på Glittertind har minka frå 1910 til 2020.

ANDERS BEER WILSE/KARTVERKET

Iskappa har minka dramatisk

Glittertind var lenge Noregs høgaste fjell på grunn av den store iskappa. Men målingar i 1984 viste at isen hadde minka, og sidan har den vore veslebroren til Galdhøpiggen.

Isbreane i Jotunheimen var truleg på sitt største på 1700-talet. Frå 1931 til 2017 kappa på toppen minka med nesten 25 meter, ifølge kartverket.

Men etter å ha sjekka igjen no i 2020, fekk dei nesten hakeslepp. For på dei siste tre åra har ismassen smelta med heile fem meter.

Glittertind, måling

TOPPEN: Her kan ein sjå dei to høgaste punkta på fjelltoppen som vart måla no. Det ein kan sjå av fjell og toppen på iskappa. Skilnaden er så liten at ein frå no av opererer med ei høgde på Glittertind.

Foto: Sveinung Engeland / Kartverket

– Eg vart veldig overraska over at det var så mykje, seier Sveinung Engeland i Kartverket.

Liss Marie Andreassen i NVE var meir budd på den store minkinga. Ho har i fleire år gjort målingar på breen, Gråsubreen, ved foten av Glittertind. Den har også minka veldig mykje. Og ho har sett korleis fjelltoppen har endra seg.

– Eg har kikka opp og tenkt: «Er dette verkeleg Glittertind? Iskappa er jo om lag borte», seier ho.

Sveinung Engeland i kartverket

ISKAPPE: Dei må gjere målingane no, før snøen kjem og det blir vanskelegare å komme seg ned til fjellet under iskappa.

Foto: Even Lusæter / NRK

Andreassen ser ikkje vekk frå at heile iskappa er borte om nokre år.

– Vi får sjå kor lenge kappa varar. Om vi får slike somrar framover som vi hadde i 2018 og 2019 forsvinn den fort, seier ho.

Har aldri visst høgda

Den rette høgda på fjellet har vore eit mysterium. Til no har ein operert med to ulike høgder. Høgaste punkt på toppen av isbreen, og høgda på det ein kan sjå av fast fjell.

– Vi er interesserte i å finne ut kor høg Glittertind eigentleg er og kor mykje is det er. For no har den minka mykje dei siste åra, seier Liss Marie Andreassen i NVE.

Glittertind

HØGASTE PUNKT: Den tjukke iskappa som har vore kjennemerket til Glittertind er på veg til å forsvinne. No ser ein det høgaste punkt på toppen. Islaget er berre nokre millimeter høgare.

Foto: Even Lustæter / NRK

Dei målte ulike plassar på toppen. Toppen av isen og det ein kan sjå av fast fjell. Det skil nesten ingenting lengre.

Dei siste tala ein har brukt om Glittertind er 2457 moh. på toppen på iskappa og 2452 på det som var synleg av fjell.

Frå no av må alle karta skrivast om og ein kjem ein til å bruke eitt tal om høgda på fjellet i Jotunheimen:

2452 meter over havet.

– Det er godt å vite. Men vi må seie at høgda på Glittertind ikkje er det viktigaste vi jobbar med. Det er eigentleg mest for kviss-lag og fjellentusiastar, seier Sveinung Engeland.

Måler høgda på Glittertind

MÅLING: Med radar og GPS-målar kan dei endeleg finne ut kor høg Noregs nest høgaste fjell er.

Foto: Even Lusæter / NRK

Flere saker fra Innlandet