Hopp til innhold

Malin (37) får psykologhjelp heime: – Har vore eit vendepunkt

I Sjukehuset Innlandet er ein av fire behandlingar digitale. Ventelistene er kortare og pasientane nøgde, viser tilbakemeldingar.

Malin Kristiansen

DIGITAL BEHANDLING: Malin Kristiansen har i mange år levd med ein svært alvorleg fysisk sjukdom. Og ho har mista bror sin, som stod henne svært nær. Frykt for om ho skulle overleve sjukdommen, og sorga over tapet av broren har gjeve henne fleire periodar med angst og depresjonar.

Foto: Frode Meskau / NRK

Malin Kristiansen veit korleis det er å ikkje orke å gå ut av døra.

Eller knapt orke å ta ein telefon for å seie at ho ikkje kjem til avtalt time hos psykologen.

– Men denne gongen funkar det så bra. Det er fint at eg kan halde fram med behandlinga, sjølv om eg er for fysisk eller psykisk dårleg til å møte opp, seier Kristiansen.

Ho går i ein form for terapi der kontinuitet er heilt avgjerande.

Distriktspsykiatrisk senter på Hamar har kvar gong vore staden ho har fått hjelp. Her har dei lukkast med å få fleire til å bruke timane dei har fått, fordi dei kan velje å ta behandlinga på video eller telefon på tunge dagar.

– Om eg blir fråverande i fleire av timane, da er heile terapien forgjeves, seier Malin.

Difor bruker ho innimellom videokonferanse til timen med behandlaren sin.

Malin Kristiansen

Malin gler seg over sommar og plantetid. Å så og plante er ei stor interesse.

Foto: Frode Meskau / NRK

Fleire møter til avtalt tid

Psykologspesialist Emil Aamlid Carlson, er behandlaren til Malin. Han er også leiar ved den psykiatriske politiklinikken på DPS Hamar. (Malin Kristiansen har sagt det er heilt greitt at det er kjent at han er behandlaren hennar)

– Det bør ikkje blir for lange avbrot i terapi. Det er jo nesten som trening det, skal det nytte må du gjere det jamt. Video- eller telefonkonferanse er med på å sikre det, seier Aamlid Carlson.

Emil Carlson DPS Hamar

Psykologspesialist og leiar ved ein psykiatrisk poliklinikk ved DPS Elverum Hamar, Emil Aamlid Carlson. Han meiner fleksibilitet i behandling gjer det enklare for pasientar å møte til avtalt time.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Saman med sine kollegaer har han lykkast i å få fleire til å møte til avtalt time. Både fordi dei får oftare varslingar om når dei skal møte. Og fordi det er mogleg å få behandlinga på telefon eller videokonferanse.

– Det er viktig at folk bruker timen sin. Både for dei som er inne i eit behandlingsløp, og for dei som står i kø. Ubrukte timar tar viktig behandlingstid frå folk som treng hjelp, seier Aamlid Carlson.

Mangel på behandlarar

Digital behandling tok seg veldig opp under pandemien. Og framleis utgjer det om lag ein fjerdedel av den polikliniske verksemda i psykiatrien.

Det viser tal frå Helsedirektoratet, dei siste samla tala er frå 2022.

Sjukehuset Innlandet er eit svært desentralisert sjukehus, med mange avdelingar i ulike regionar i fylket. Med mellom anna 10 distriktspsykiatriske klinikkar for vaksne og åtte for barn og unge.

Klinikkane tilbyr poliklinisk psykiatrisk behandling.

Og ca. 25 prosent av den går føre seg på video eller telefon. For Sjukehuset Innlandet utgjorde det i 2022 ca. 30.000 møte mellom pasient og behandlar.

Les også Rus­klinikk legg ned etter 32 år

Morten (til høgre) og dagleg leiar Grethe Hoviosen ved Valdresklinikken (til venstre)

Spesialistmangel

På enkelte av poliklinikkane har det vore problematisk å få nok psykologspesialistar og legar. Da er det kritisk om dei som er der, ikkje får utnytta arbeidstida si fordi pasientar lar vere å møte til time.

Divisjonsdirektør for psykisk helsevern, Benedicte Thorsen-Dahl seier at dei difor må tilby best mogleg og mest mogleg behandling for dei ressursane sjukehuset har.

– Og nå ser vi på ventelistene, at vi har greidd å få det til, dei går litt ned. Digitale tilbod er ein del av utviklinga av faget, for å få hjelpt flest mogleg.

Benedicte Thorsen-Dahl

Divisjonsdirektør for psykisk helsevern i Sjukehuset Innlandet, Benedicte Thorsen-Dahl, seier at det kjem til å komme fleire digitale program for behandling i psykiatrien. Program som er tilrettelagt for folk som er fortruleg med den digitale verda, med oppgåveløysing og chatting med behandlar.

Foto: Sykehuset Innlandet

Til pasientens beste

Leiar i Brukarutvalet i Sjukehuset Innlandet, Bjug Ringstad, har lenge vore oppgitt over at så mange lar vere å møte til oppsett time utan å varsle. Nå ser han lysare på det.

– Det er så bra at dette har betra seg. Når behandlarar blir «gåande å sparke i grusen» utan å få gjort det dei skal, går det ut over pasientane.

Bjug Ringstad

Leiar for Brukarutvalet i Sjukehuset Innlandet, Bjug Ringstad har lenge bedt sjukehuset om å sikre betre at pasientar møter til time. – At folk varslar om dei ikkje kjem eller ikkje treng timen – det er avgjerande, seier Ringstad.

Foto: Ruth Barsten

Best til utgreiing

Psykolog Trine Vestad jobbar på DPS på Hamar. Ho tar imot pasientar både på kontoret og på telefonen. Men vil helst ha pasientane hos seg.

– For det første er det viktig at begge ser kven vi skal møte. Vår behandling krev tillit, seier Vestad.

– Og for det andre kan terapi vekke sterke kjensler, da er det viktig at eg er der for pasienten min,

Trine Vestad meiner video og telefon fungerer aller best i utgreiing.

– Til dømes i ADHD-utgreiingar. Da bruker vi intervju og spørjeskjema, og det går akkurat like bra på telefon som om vi møtast.

Trine Vestad DPS Hamar

Psykolog Trine Vestad liker best å møte pasienten sin. Men ho meiner video eller telefon kan vere veldig bra for å greie ut pasienten, t.d. for å

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Meiner behandlinga er eit vendepunkt

Kristiansen har i mange år levd med ein svært alvorleg fysisk sjukdom. Ho har cystisk fibrose og har fått transplanter begge lungene for å overleve.

Og ho har mista bror sin, som stod henne svært nær. Frykt for om ho skulle overleve sjukdommen, og sorga over tapet av broren, har gjeve henne fleire periodar med angst og depresjonar. Og ho har traume ho treng å få behandling for.

Men for Kristiansen har kombinasjonen av å møte Emil Carlson på Hamar og å få behandlinga på videokonferanse hatt mykje å seie.

– Denne behandlinga har vore eit vendepunkt for meg, seier Malin.

Malin Kristiansen
Foto: Frode Meskau / NRK

Flere saker fra Innlandet

planovergang

Toppår for nestenulykker: Her var det nære på flest ganger

Bønder i Stange. Dyrker hvitløk.

Snart kommer det norsk hvitløk i butikkene, takket være disse fire