Hopp til innhold

Bønder sperra E6 i protest: – Det er mange som er frustrerte

Det var lange køar på E6 då bøndene aksjonerte tysdag kveld.

Traktorer sperrer E6 i Gudbrandsdalen

STENGT: E6 i Sør-Fron i Gudbrandsdalen var stengt som følgje av protestaksjonen. Ifølgje vegtrafikksentralen går trafikken som normalt igjen no.

Foto: Nord-Fron Bondelag

– Det er mange som er frustrerte og tel på knappane, seier Øyvind Sandvold.

Han er gardbrukar og driv med mjølk- og kjøtproduksjon på Vinstra i Innlandet.

Tysdag aksjonerte han saman med fleire andre bønder i Nord-Fron bondelag.

Aksjon på E6 i Gudbrandsdalen

Det var ein liten spontan aksjon bondelaget hadde tysdag. Det er venta større aksjonar i heile landet seinare i veka.

Foto: Nord-Fron Bondelag

Aksjonen, som var ein såkalla køyr sakte-aksjon, førte til lange køar på E6 ved Fryasletta i Gudbrandsdalen.

– No fekk folk føle på kva det vil seie å bruke 20 prosent lengre tid heim frå jobb eller dit dei skal. Det er nemleg det staten ber oss om å gjere.

– Dei ber oss springe 20 prosent fortare enn andre folk. Vi skal jobbe 100 prosent, men berre få betalt for 80, seier Sandvold.

Sperra E6

– Vi har fått melding om mykje traktorar i vegen. Køen er relativt lang, seier Jannicke Silseth Eide, operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt til NRK klokka 18.30.

Rundt klokka 19.00 meldte Vegtrafikksentralen at trafikken gjekk som normalt.

Silseth Eide fortel at dei ikkje har oppretta sak etter aksjonen. Politiet vurderer no om dei skal opprette sak.

Aksjonen var ved E6 ved Fryasletta i Sør-Fron kommune, like ved Hundorp-tunnelen.

Sandvold fortel at aksjonen vart til på sparket. Det var sju personar som deltok.

Aksjonen tysdag, blir ein slags oppvarming til det bøndene skal dei neste dagane.

– No skal vi til Oslo i morgon for å demonstrere, og på torsdag står slaget.

– Då skal Stortinget stemme over talgrunnlaget vårt. Då blir det massedemonstasjon framfor Stortinget, seier Sandvold.

Ny landbrukspolitikk

Bøndene har lenge venta på ein oppdatert måte å rekne inntektene deira på.

Forventningane var difor store då regjeringa la fram ei ny stortingsmelding om korleis dei skulle auke sjølvforsyninga og inntektene i landbruket.

Men bøndene vart ikkje nøgde.

Bønder aksjonerer på E6

Det var lange køar på E6 under aksjonen tysdag. Aksjonen var kortvarig.

Foto: Nord-Fron Bondelag

Då planen vart lagt fram, sa Bjørn Gimming, leiar i Noregs bondelag, at planen ikkje var god nok.

– Økonomien på mange norske gardar er dårleg, og det trengst verkeleg ein opptrappingsplan for korleis inntekta skal bli løfta dei neste åra, sa han.

Det er dette forslaget Stortinget skal stemme over torsdag.

– Folk sluttar å vere gardbrukarar fordi dei ikkje får endene til å møtes. Det er jo ikkje riktig, seier Sandvold.

Han og dei andre bøndene sitt krav er eit ærleg talgrunnlag når løna deira skal bli rekna ut.

Øyvind Sandvold i Nord-Fron Bondelag

Ærlege tal, det er det Øyvind Sandvold i Nord-Fron Bondelag og dei andre bøndene krev.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Pollestad: – Stort engasjement

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) ser på aksjonen som eit uttrykk for at det som no skjer i landbrukspolitikken er svært viktig for mange.

– Det er eit stort engasjement for å påverke den avgjersla som Stortinget skal ta på torsdag om inntektsplan for bøndene og auka sjølvforsyning av mat, skriv han i ein SMS til NRK.

Landbruks og matminister Geir Pollestad

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han vil ikkje seie noko om kva han synest om aksjonsforma bøndene i Gudbrandsdalen hadde tysdag.

– Regjeringa har eit mål om å auke lønsemda og tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet innan 2027.