Politisk kvarter

Finn Gustavsen (SF), programleder Herbjørn Sørebø og Einar Gerhardsen (AP).
Foto: Thorberg/Ivar Aaserud/Inge Gjellesvik/ScanpixNRK startar i vår sending av ein gamal kjenning frå vårt programarkiv; Politisk kvarter. Det er eit oppegåande program som stadig er på lufta og er med på å sette den politiske dagsorden. Det finst fleire tusen ulike opptak med Politisk kvarter i NRKs arkiv.
Publisert 15.05.2012 11:41.
- Skriv ut
Vi går tilbake til 1968 og sender opptak som i aller høgste grad prega politikken. Store politiske stjerner er borte, og det er også dei som sat på den andre sida av bordet og mikrofonen. Men vi har dei i arkivet, og vi tilbyr no dette «radiogullet» for den generasjonen som har kome etterpå.
Gjenhør med kjente politikarar
Kvar tysdag frå 15.mai sender vi Politisk kvarter i NRK Gull. Her møter vi kjende politiske namn for dei som har levt ein del år. Gerhardsen, Røyseland, Borten, Bondevik, Lyng, Seip, Lionæs, Willoch, Brundtland, Austerheim, Korvald, Leirfall, Gustavsen, Garbo, Nordvik og Nordli for å nemne nokre av dei namna som mange kjenner att frå politikken i 60- 70 – 80- 90-åra. Mange av sakene har overlevt fram til vår tid – forholdet til Europa EEC,EF og EU som det no heiter. NATO har vore tema frå 1948 og er stadig på den politiske dagsordenen. Ulike regjeringsalternativ er aktuelle i dag som det har vore etter Arbeiderpartiet minste det solide fleirtalet partiet hadde dei fyrste åra etter 2.verdskrigen - sosialistisk eller borgarleg. Første «gamle» Politiske kvarter vi sender handlar om intern strid i regjeringa-Borten om utnemninga av Per Lønning til biskop i det nyoppretta bispedømet i Borg.

Einar Gerhardsen
Foto: Aage Storløkken/ScanpixGenerasjonsskifte av politikarar og journalistar
Det har vore eit generasjonsskifte i politikken i desse åra. Men det har det også vore blant journalistane. Mange politikarar og journalistar er døde eller har gått ut av den politiske arenaen. Her i NRK var Herbjørn Sørebø ein tungvektar som prega den politiske journalistikken i mange år. Det fyrste programmet vi sender er ei samtale Herbjørn Sørebø har med tidlegare statsminister Einar Gerhardsen og Odelstingspresident Bent Røyseland. Vi møter også mange andre kjende frå den politiske journalistikken. Politisk kvarter frå 60-70-åra viser ein annan språkbruk og tiltaleform enn det som er vanleg i dag. Politikarane og journalistane var ikkje dus slik det er vanleg i dag, eller kva seier De Herr statsminister.
Politisk kvarter er eit lyd-dokument av best slag. Høyr på NRK Gull så får du med deg siste nytt frå politikk som du kanskje har gløymt, eller som du aldri har høyrt om.
Skru på din DAB- eller Nettradio hver tirsdag kl. 07.45, 11.45, 15.45 eller 19.45 på NRK Gull.
Siste: NRK Gull
- Eurovision Song Contest-nostalgi
- Bokhylla fredag 10. mai
- Perler fra Platearkivet
- Bokhylla fredag 3. mai
- Nærbilder av krigen
- Søren Kierkegaard 200 år
- Bokhylla fredag 26. april
- Bokhylla fredag 19. april
- Gylne gjenhør
- Anna Karenina i Bokhylla
- Bokhylla fra fredag 5. april
- Programskaperen Yngvar Ustvedt
- P.I.L.S. er best!
- Revyvisa – Norges speil
- Påsken på NRK Gull
- ”Anne Pedersdotter” i NRK Gull
- ”Pelléas og Mélisande” i NRK Gull
- Radiodokumentaren 26/2 - 16/4
- Politisk kvarter
- Medea av Evripides
- ”Lille Eyolf” i NRK Gull
- Møt den nye kringkastingssjefen
- ”Oklahoma!” i NRK Gull
- ”Henrik IV” av Luigi Pirandello
- Fra Kalmarunionen til Nordisk råd
- Jeppe på Berget
- Salig blanding
- 20 spørsmål med Knut Borge
- Konkylie
- Draumkvedet
Siste: NRK Gull
- Eurovision Song Contest-nostalgi
- Bokhylla fredag 10. mai
- Perler fra Platearkivet
- Bokhylla fredag 3. mai
- Nærbilder av krigen
- Søren Kierkegaard 200 år
- Bokhylla fredag 26. april
- Bokhylla fredag 19. april
- Gylne gjenhør
- Anna Karenina i Bokhylla
- Bokhylla fra fredag 5. april
- Programskaperen Yngvar Ustvedt
- P.I.L.S. er best!
- Revyvisa – Norges speil
- Påsken på NRK Gull
- ”Anne Pedersdotter” i NRK Gull
- ”Pelléas og Mélisande” i NRK Gull
- Radiodokumentaren 26/2 - 16/4
- Politisk kvarter
- Medea av Evripides
- ”Lille Eyolf” i NRK Gull
- Møt den nye kringkastingssjefen
- ”Oklahoma!” i NRK Gull
- ”Henrik IV” av Luigi Pirandello
- Fra Kalmarunionen til Nordisk råd
- Jeppe på Berget
- Salig blanding
- 20 spørsmål med Knut Borge
- Konkylie
- Draumkvedet
