16.05.2012
Postkort nummer 45:

Aurora og Gunn og Anne-Cath.

Boligblokk på Ammerud - drabantby i Oslo. (Foto: Illustrasjonsfoto: NTB Arkiv/SCANPIX)

Når du veks opp i ei veglaus bygd på Vestlandet er blokk eksotisk!

Foto: Illustrasjonsfoto: NTB Arkiv/SCANPIX

Tenk å vere fem-seks år og få fortalt om korleis det er å bu i blokk. Noke så eksotisk!

Vil du sende oss Postkort fra livet?

Postkort fra livet
Foto: Montasje: Tuva Tagseth/NRK

Avsender for dette postkortet er Gunn Henden fra Averøy.

Hør:Postkort fra livet: Aurora og Gunn og Anne-Cath.

...Snakk om motpolar. I alle fall når du veks opp i ei veglaus bygd ved ein fjord på Vestlandet.

«Heile verda»

Det som var «heile verda» for meg den gongen, er ikkje store stykket på kartet idag. Melkeruta - som gjekk til Stryn - (men der var eg berre eit par gonger til doktoren) var viktigast fordi den gjekk til Hopland, der det var butikk! Sandane - der kommunehuset var, og der vi reiste på julehandel - noke som tok heile dagen og vel så det.

Eg huskar store boksar med hermetiske knakkpølser som Besta bestilte frå han Bjarne på Hopland, sekkar med mjøl og sukker, margarin i kassevis. Samtidig fortalde Anne-Cath. om Aurora si mamma som sat på kontor, og ein pappa som var heime og kava med barnepass og klesvask og studiar.

Bandet som eg vov

Huskar eg syns han var artig, og litt lik min eigen far, som var fødd til å vere fiskar og nøydd til å vere bonde fordi han hadde odelen.

Eg huskar bandet som eg vov mellom Henjane og Tirilltoppen.

Aurora tok meg med til Holland og Lofoten, på køyretimar, til huset i skogen og på «sommarferie» om hausten. Det siste kunne eg godt forstå - vi hadde no slett ikkje tid til å reise på ferie midt på sommaren!

Enno idag kan eg glede meg over bøkene til Anne-Cath. Vestly, og kjenne så inderleg vel at den vesle jenta som vaks opp i Henjane framleis bur inni meg. Kvar gong eg høyrer den stemma i radioen, åpnar det seg ei dør til barndommens rike....

Ikkje lenge sidan

Og det synest ikkje som det er så lenge sidan, først neste år kjem 5-talet mitt på plass.

Alt dette er eg takksam for - kjære Anne- Cath.!

Med venleg helsing
Gunn Henden
(fødd og oppvaksen i Hennebygda i Nordfjord, som fekk veg til jul i 1980)

Siste fra Postkort fra livet