Hopp til innhold

Då språkstriden nådde Andeby

Våren 1963 blei Donald Duck & Co forvist frå Deichmanske bibliotek. Nynorsken i 'Eggemysteriet' fekk det til å koke over for målfolket.

Donald Duck
Foto: Scanpix / Scanpix

Mandag 29. april 1963 trykte VG denne overskrifta:

«Donald Ducker opp igjen på Deichman»

Firkanta språk

Rabalderet starta knapt to veker tidlegare, då Donald Duck & Co nr. 16 kom i salg.
I historia 'Eggemysteriet' møter Donald eit isolert folkeslag i Andesfjella som snakkar Vossamål!

Midt i den heite, norske språkstriden valde omsetjar Vivi Aagaard å fylle firkantfolket sine snakkebobler med ein underleg, gammalmodig nynorskvariant.

Faksimile, Aftenposten 24. april 1963

Den underlege nynorsken i 'Eggemysteriet' skapte voldsom debatt våren 1963. Faksimile, Aftenposten 24. april 1963.

Foto: Faksimile, Aftenposten 24. april 1963

Debatten rasa i norske aviser. Historia om språkstriden nådde til og med lesarar i Danmark og England.

Nynorskbrukarar landet rundt tok det som ein provokasjon.

Kva tenkte Vivi Aagaard sjølv?

Me har leita i NRK sitt arkiv, og i Språkteigen søndag les me Donald Duck med 60-talsbriller på.

Du finn oss òg på Facebook , på Twitter og som podkast .

Kva skjer med byråkratspråket?

- Byråkratspråket skal vekk!

Ragnhild Simenstad

Ragnhild Simenstad vaskar språk i Utenriksdepartementet.

Foto: Gøril Grov Sørdal

Dette krigsropet høyrer me kjem titt og ofte frå både fornyingsminister og språkråd, men får det byråkratane til å skjelve i buksene?

- Intimidering, diaspora, benchmarks, indikasjon, totaliteten og overforsvømmelse!

Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad les frå ei fy-liste med ord ho har høyrt eller lest i Utenriksdepartementet.

Her skal alle tekstar innom kommunikasjonsavdelinga for språkvask før dei når utviklingsminister Erik Solheim sine nettsider og pressemeldingar.

Bli med på språkvask i P2, søndag 9.30, eller mandag 23.30.

Fy-liste over byråkratspråk

Ragnhild Simenstad samlar inn ord ho helst ikkje vil sjå igjen i UD.

Foto: Gøril Grov Sørdal