Hopp til innhold

Avviser sjåarstorm mot Halvbroren

NRK avviser sjåarstorm, men tek klagane på lydnivået på TV-serien Halvbroren alvorleg.

Arnold Nilsen - Halvbroren

KLAGE: På VG Nett har fleire lesarar klaga på dårleg lyd i NRK-serien Halvbroren.

Foto: NRK

– Det er ikkje sjåarstorm i det heile tatt, seier Gro Stenvik i NRKs publikumsservice, som opplyser at om lag 20 klager dei har teke imot som gjeld Halvbroren, tek opp lydproblem.

– Ein sjåarstorm vil typisk vere mange hundre eller opp mot tusen, seier ho.

Saka held fram under biletet

– Misnøye rundt dialekt og lydkvalitet

Halvbroren

FÅR KRITIKK: Ifølgje VG er det fleire lesarar som ikkje får med seg kva skodespelarane i Halvbroren seier. Serien har over ein million sjåarar.

Foto: promo

VG skriv i dag at sjåarar slit med å høyre kva skodespelarane i «Halvbroren» seier i serien. Dei refererer til sin eigen lesarprotokoll, der det er kome inn fleire kommentarar om at lyden ikkje er optimal, og at fleire har problem med å oppfatte kva skodespelarane seier.

Ifølgje avisa meiner ei rekkje sjåarar at innhaldet blir øydelagt av dårleg lyd, dialektbruk og mumlande skodespelarar.

Éin million sjåarar, 1300 kommentarar

Camilla

KLAGAR: Camilla Bjørn i VG Rampelys seier ei rekkje lesarar klagar på både dialekt og lydkvalitet på serien.

Foto: Eik, Robert S. / VG

Halvbroren hadde 915.000 sjåarar søndag kveld. VG Nett har fått om lag 1300 kommentarar om Halvbroren i framkant av artikkelen, og gitt både positive og negative tilbakemeldingar. Etter at VG-artikkelen om lyd blei publisert er det kome inn nesten 500 nye kommentarar der fleire vedkjem lydkvaliteten.

Fleire kommenterer også at dei aldri har sett serien.

På spørsmål om kva VG meiner kvalifiserer til å bruke ordet sjåarstorm, svarar fungerande avdelingsleiar Camilla Bjørn i VG Rampelys dette:

– I vår TV-journalistikk er vi opptekne av lesardialog og meiningar som rører seg i sosiale medium, og har i samband med «Halvbroren» plukka opp misnøye og debatt rundt dialekt og no sist lydkvaliteten på serien.

Ho viser også til ei avrøysting med 7000 stemmer, der i underkant av 60 % meiner lyden er for dårleg.

Klagestormen har ikkje nådd NRK

Medan klagestormen bles i retning VG sine nettsider, har ikkje NRK høyrt særleg mykje av denne kritikken.

– Sett i forhold til sjåartala på Halvbroren, som er rundt ein million, er det veldig få som har kontakta oss for å klage på lyden, seier Gro Stenvik i NRKs publikumsservice, og viser til dei i alt 22 klagene dei har teke imot som omhandlar lydkvaliteten.

Gro Stenvik

INGEN STORM: Gro Stenvik i NRKs publikumsservice avviser sjåarstorm.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Ho nemner oppstarten av Trekant i hausten 2010 som eit eksempel på ein sjåarstorm, då hadde dei over 8000 saker.

– Det har vi aldri vore i nærleiken av, verken før eller seinare. Nesten alle klagene kom i tillegg før serien var sendt, truleg på grunn av ein pågåande kampanje, seier ho.

Eit anna eksempel er starten av VM på ski i Oslo 2011, då NRK1 sendte Førkveld i staden for opningsseremonien. Då kom det inn 450 klager.

Døve klagar ikkje på «Halvbroren»

Generalsekretær Bjørn A. Kristiansen i Norges Døveforbund er sitert i VG-artikkelen på at mange av medlemane har reagert på lydkvaliteten i Halvbroren på Facebook-sida deira, men til NRK.no seier han at dette er feil.

Bjørn A. Kristiansen

INGEN KLAGAR: Generalsekretær i Døveforbundet, Bjørn A. Kristiansen, seier han ikkje har fått noko tilbakemelding på dårleg lyd eller teksting i Halvbroren.

Foto: Norges Døveforbund

– Eg sa feil til VG. Eg meinte å ha sett det på Facebook, men eg må ha blanda saman, Det eg fann var berre generelt kritikk mot dårleg teksting av norske program, ikkje noko spesifikt om Halvbroren.

– Vi får så mange tilbakemeldingar knytt generelt til teksting, seier han, og avviser at nokon har klaga på Halvbroren verken direkte til han eller gjennom facebooksida.

– Eg leitte på Facebook-sida vår i ettertid av intervjuet med VG, men fann ingenting om Halvbroren. Det som ikkje kjem fram i VG er at tekstinga i NRK er OK, men det er til dømes Get eller Altibox som ikkje klarer å formidle tekstesignala frå NRK, det er der problemet ligg, så det var generelt eg meinte, seier han.

– Så i motsetning til det VG skriv så har du aldri høyrt noko frå medlemmer om dårleg lyd eller teksting på serien Halvbroren?

– Riktig, det har eg ikkje.

VG seier dette til NRK.no etter at Kristiansen fekk forklare seg.

– VG intervjua generalsekretæren i Døveforbundet på vanleg journalistisk vis, dette inkluderer også researchprosessen. Etter at NRK gjorde oss merksame på at Døveforbundet hadde fått ny informasjon i saka, valde vi i samarbeid me dei å korrigere utspela i vår sak.

Tek kritikken på alvor

Tone C. Rønning

BEKLAGAR: Prosjektsjef Tone Rønning seier ho saman med Monster skal gå gjennom serien.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Tone Rønning er prosjektsjef i eksternredaksjonen og den som har kjøpt inn serien frå monster til NRK. Ho seier han tek kommentarane på VG Nett på alvor.

– Uansett om det er sjåarstorm eller ei, er dette eit problem som publikum oppfattar, og det er vår oppgåve å levere god lyd. Folk skal ha full nyting, og dette beklagar eg, seier ho.

Rønning skal saman med Monster gå gjennom serien.

– Eg høyrer at det er forskjell på den lyden eg godkjende i lydstudio og den lyden eg høyrer heime på min eigen TV. No må vi identifisere kva som er skjedd, og om det faktisk er ein forskjell, seier Rønning.

Kva kan de gjere om det viser seg at lyden ikkje er optimal?

– Vi kan i så fall løfte dialogen lengre fram i lydbiletet. Men det med lyd er så mangefasettert, både musikk, kontentum og replikkar. Men dette er ein svær jobb som må diskuterast med spesialistar, seier han.

Kulturstrøm