Hopp til innhold

Ny NRK-kanal for unge vaksne

NRK opprettar ein ny radiokanal for dei som har vakse frå P3, og som ikkje føler seg heilt heime i P1 og P2. Stikkordet for den nye kanalen er musikk og humor.

Tore Sagen

Tore Sagen er blant radioprofilane som er med på å meisle ut profilen til den nye radiokanalen, som skal fylle gapet mellom P2 og P3.

Foto: NRK

Ein ny digital radiokanal skal fylle tomrommet som kan oppstå for dei som føler dei er for gamle for ungdomskanalen P3, og som føler det manglar ein mellomstasjon før dei gir seg hen til innhaldskanalen P2.

Skal fylle eit gap

– I dag er det eit langt innhaldsmessig sprang mellom desse kanalane, og også eit langt sprang i publikum, seier radiosjef i NRK, Marius Lillelien.

Den nye radiokanalen skal vere ein humoristisk musikkanal med referansar frå både P1, P2 og P3, men målet er å lage noko nytt for ei musikkinteressert målgruppe som i dag fell litt mellom to stolar.

– Det er eit musikkinteressert publikum som er eldre enn P3-lyttaren vi primært ser på som målgruppa. P1 og P2 spelar bra musikk dei også, men dei har andre viktige innhaldsmessige berebjelkar som nyheiter og forskjellige formar for fordjupning, seier Lillelien.

Marius Lillelien

– I dag er det eit langt innhaldsmessig sprang mellom P2 og P3, og også eit langt sprang i publikum, seier radiosjef i NRK, Marius Lillelien.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Den nye kanalen vil kun være digital, og er klar om eitt års tid. Kjende NRK-namn som Tore Sagen, Kari Slaatsveen, Totto Mjelde og Espen Thoresen har vore med på å meisle ut den nye kanalprofilen.

I tillegg skal NRK videreutvikle den allereie eksisterande kanalen NRK Gull med fleire ressursar enn i dag.

Ny musikk utanfor topplistene

– Litt av meininga er å skape eit større mangfald i radiomarknaden så musikken i den nye kanalen vil i stor grad bli musikk som du i liten grad høyrer på radio i dag, og kjem med eksempel:

– Det kan vere mykje av det beste frå rockehistoria, meir alternative sjangrar, kombinert med ny musikk som ligg godt utanfor topp 20-lista.

Lillelien legg til at humor vil vere eit stikkord i tillegg til musikken.

NRK utfordra oss men skapte også eit monster: Kresne lyttarar.

Sigvald Sveinbjørnsson og Anette Garpestad

– Vi skal dyrke fram utforutsigbar radio og markante radiopersonlegdomar, og vi skal få til ein smart form for underhaldning kombinert med musikk.

«P3 ikkje lengre ein heim»

I april 2012 skreiv Sigvald Sveinbjørnsson, redaktør i Digi.no, og Anette Garpestad, marknadssjef i Cappelen Damm Forlag, ein kronikk i Aftenposten der dei etterlyste ein kanal for dei som har vakse ut av P3. I kronikken stod det:

«(..)stadig flere av oss føler at P3 ikke lengre er et naturlig sted. For alle oss som ikke lengre er eksistensielt opptatt av seksualliv, som ikke er levende opptatt av å vite hvilken musikk som topper listene,(...) som i det daglige er mer opptatt av å få ungene til å spise, ikke hvilke følelsesmessige problemer Beyonce sliter med, så er P3 ikke lengre et hjem.»

«P1 er ikkje ein stad for oss»

Vidare skriv dei at å kome inn i P2 med bagasjen frå P3 blir for kjedeleg:

«NRK vil gjerne at vi skal ha vokst rett inn i P2. Vi er voksne nå og bør ha interesse for kulturstoff presentert på en mer saklig måte, spritet opp med Hallo i Uken. (..) Kanalen fremstår ikke fra morgen til kveld som et hjem – et sted man trygt kan ha radioen stilt inn på. Til det er den for uberegnelig. (..) P1 er definitivt ikke et sted for oss. De kommersielle radiokanalenes minste motstands vei blir for kjedelig.»

– Då dette blei skrive, hadde vi starta på jobben og denne utviklinga internt, seier radiosjef Marius Lillelien om bønneropet frå Sveinbjørnsson og Garpestad.

Sigvald Sveinbjørnsson, redaktør for Digi.no

Redaktør Sigvald Sveinbjørnsson for Digi.no har etterlyst ein kanal for dei som har vakse ut av P3. – No blei eg positivt overraska. Dette trur eg kan slå an, seier han.

– Positiv kritikk

– Vi syns det var interessant og bra, og eit godt teikn når dei der ute ønskjer det same som oss i NRK. Vi tok det som ei stadfesting på at ideane vi hadde er noko å gå vidare på, held han fram.

Nyhenda om den planlagde kanalen blei godt motteke av Sigvald Sveinbjørnsson, som var medforfattar av hjartesukket «Dette er alvor, NRK!» i Aftenposten i april.

– No blei eg positivt overraska. Dette trur eg kan slå an, seier han.

– Eg var tenåring då P3 byrja, og det var midt i blinken for meg og den trefte generasjonen min veldig hardt, men når ein veks ut av P3, byrjar å få born og framleis er musikkinteressert, så dukkar det opp eit vakuum, seier han.

– Eg syns P2 har blitt litt freshare og meir interessant dei siste åra, men det er framleis ikkje heilt rett for målgruppa. Men eg skjønar at kanalen har mykje arv å ta vare på. DIfor er det godt nytt med denne nye kanalen, seier han.

Har høge forventningar

– Vi er ei viktig aldersgruppe som eg meiner NRK må ta på alvor. At NRK prøvar å fylle det gapet med ein ny radiokanal er kjempeviktig. Eg ser fram til å sjå kva det blir til, no har eg høge forventningar, seier han.

Radiosjefen i NRK seier at målet er å lage noko nytt, men at kanalen hentar inspirasjon frå alle dei eksisterande kanalane som er i dag.

– Programmessige referansar kan vere Helgeland på P1, radioselskapet på P2 og Pyro på P3. Vi har mykje av dette innhaldet, men det er spreidd litt meir i dei andre kanalane. No skal det samlast i ein kanal 24 timar i døgnet, seier han.

Det er sendt inn søknad til Medietilsynet for førehandsgodkjenning, og planen er å vere på lufta i januar 2014.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP