Hopp til innhold

Professor om Snapchat-hacking: – Eit utrykk for kvinnehat

– Det er menn som stel og spreier nakenbilete som har skulda, ikkje jentene som tek desse bileta.

To jenter tar bilde av seg selv med en iPhone
Foto: Snapchat

Fredag kom nyheita om at 200 000 Snapchat-bilete er blitt hacka, og mange av desse har ein svært intim karakter.

NRK har fått tilgang til deler av ein database med bilete av avkledde norske jenter i tidleg tenåringsalder og oppover. Bileta kjem både frå delingstenesta Snapchat og private bilete lasta opp på nettskya iCloud.

Nettverket består av fleire hundre norske gutar og menn som stel og deler desse nakenbileta. Dei samarbeider også for å få identifisert jentene på bileta.

Nyheita sjokkerer Jill Rettberg, professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen.

– Dette er eit utrykk for kvinnehat, ein måte å angripa kvinner på, der ein skal sette kvinner på plass, seier Rettberg til NRK.no.

Jill Walker Rettberg

Jill Rettberg meiner hacking av nakenbilete er ein måte å angripa kvinner på.

Foto: Jill Walker Rettberg

Ho understrekar at bileta det er snakk om, er private bilete som er blitt sendt til ein mottakar eller lagra på mobiltelefonen.

– Dette er tjuveri. Å skulda på jentene liknar på «slutshaming» – å skulda på offeret i staden for overgriparen, seier Rettberg.

- Reaksjonær haldning

Etter avsløringa har debatten gått om kven som har ansvaret når private nakenbilete kjem på avvege.

Heikki Holmås, stortingsrepresentant for SV, skreiv på Twitter at «Nok en gang er det vist at det er dumt å sende nakenbilder via sosiale medier.»

Laster Twitter-innhold

Heikki Holmås presiserer overfor NRK:

– Hackarane er overgriparane. Å stele private bilete fra folk og publisere dem er eit overgrep som eg håpar politiet tek med det største alvor. Eg tenkjer alltid på at alt som delast på sosiale medie vil kunne bli offentleg. Det viser seg diverre at det har skjedd nok ein gong.

«Den sikreste måten å få bedre sikkerhet knyttet til nakenbilder er bare å være naken og ikke ta bilder i det hele tatt!» twitra Roar Thon, fagdirektør ved Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

Laster Twitter-innhold

Det provoserer webredaktør i Computerworld, Aslak Borgersrud.

Det viser ei reaksjonær haldning som minner meg om når menn fortel kvinner kor dei må gå om kvelden for å vere trygge. Det kan vera godt meint, men det plasserer skulda hjå dei som vert utsett for overgrep, seier Borgersrud.

Roar Thon seier til NRK.no at han berre ber folk om å vera realistiske.

– Dette handlar ikkje om moral, men om å forstå at det er ein risiko i å dela nakenbilete. For dei fleste vil det vere kinkig om slike bilete kjem ut, derfor bør dei i alle fall tenke seg om to gonger før dei deler slike bilete.

I jobben for Nasjonal sikkerhetsmyndighet gjev han råd til bedrifter og norske myndigheiter om datatryggleik.

– Min bodskap er at ein ikkje bør bli overraska over at folk finn informasjon på nettet som eigentleg skal vera hemmeleg, seier Thon.

– Ikkje typisk for hacker-kulturen

Aslak Borgersrud har kjennskap til det norske hackermiljøet.

Aslak Borgersrud

- Spreiinga av nakenbilete har ingenting med hackerkulturen å gjera, seier Aslak Borgersrud, webredaktør i Computerworld.

Foto: Kim Jansson / NRK

– Å dela nakenbilete utan samtykke er råtten oppførsel og har ingenting med hackerkultur eller dataferdigheiter å gjere. Det er nok mange som er med på å spreia desse bileta utan å forstå at det dei gjer kan øydelegga andre sine liv, seier Borgersrud.

Han meiner spreiing av nakenbilete utan samtykke er eit alvorleg seksuelt overgrep, og bør etterforskast av politiet.

Kripos seier til NRK.no at dei førebels ikkje har noko med saka å gjera, men at det kan vera aktuelt å etterforska saka om dei får opplysningar om at nordmenn er involvert.

Eitt tips om du sender nakenbilete

Jill Rettberg vil ikkje råda jenter til å slutta å ta nakenbilete av seg sjølve.

– Det er naivt å tru at dei ikkje gjer det, det er blitt heilt normalt å ta og dele nakenbilete.

Ho viser til ei undersøking frå Pew Resarch som viser at 22 prosent av alle amerikanarar mellom 25 og 34 år har sendt seksuelle bilde.

– Å ta og sende nakenbilete er ein naturleg del av seksualiteten i dagens samfunn, og kan samanliknast med å ta av seg skjorta når du er tent. Dessutan tok folk også nakenbilete før, bileta vart berre ikkje delte på grunn av at det ikkje var teknologisk mogeleg.

Rettberg har eitt råd til alle som vil ta og dele nakenbilete av seg sjølve:

– Ikkje del bilete der du kan bli identifisert, som bilete der ansiktet eller tatoveringar synest. Unngår du det, så får ikkje desse folka makt over deg.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober