21.05.2013

Lang

Kjell WestöKjell Westö

Kjærleik, død og kjendisliv, kan stå som stikkord for romanen "Lang" av den finske forfattaren Kjell Westö. Boka var nominert til Nordisk Råds litteraturpris i år, og er ei fornøyelig forteljing, meiner Marta Norheim:

Kjell Westö

Lang

Finland 2002

Romanen "Lang" opnar med eit mord. Vi veit kven mordaren er, men det er litt uklart kven han har teke livet av. Mot slutten av boka er den dødes identitet klar, men no er det uklart kven det var som tok livet av vedkomande. Og mellom opninga og slutten kjem bakgrunnen for både mordet og forvirringa. "Lang" er eit trekantdrama fortalt med stil og svart humor.

Lett, men god

Kjell Westös roman var nominert frå Finland til Nordisk Råds litteraturpris i år. Ein litt overraskande nominasjon, ettersom dette er ein roman av eit litt lettare slag enn vanleg er for vinnarar av denne prisen, trass i at forlaget vel å kalle boka for "mångbottnad".

Med fare for å oversjå nokon av dei mange botnane: Dette er historia om Christian Lang, mannen som hadde draget på damene allereie før han fekk si første kvise, han blir ein dyktig forfattar og etterkvart også talk-show-vert for det showet alle ser på TV kvar veke. Suksess så langt i livet, men så vil fjernsynskanalen ha eit litt yngre og friskare show. Lang er i ferd med å bli for gammal og bakpå, og den nye dama viser seg dessutan å ikkje vere så ferdig med tidlegare forhold som Lang har fått inntrykk av. Den vakre og gåtefulle Sarita ber på løyndommar som er langt frå vakre, og som dreg Lang inn i eit spel der han ikkje kjenner reglane.

Kompis blir eks-kompis

Problema står etterkvart i kø, altså, og søndagsbarnet Lang har ikkje særleg trening i å takle slike problem. Etterkvart går det altså på livet laus, og historia er ført i pennen av Christians kompis. Når boka er ferdig, er det nok heller snakk om ein eks-kompis, for Lang set ikkje pris på alle detaljar og spesielt ikkje på forteljarens hang til å analysere Langs personlegdom. Det er også all grunn til å tru at forteljaren har sitt å gjere opp med den før dette så vellukka Lang.

Men for lesaren er det heilt fint at forfattarkollegaen til Lang går grundig til verks i historia om TV-kjendisens vekst og fall. Det har blitt ei historie om eit kjærleiksforhold som det aldri burde ha blitt noko av, om det var slik at fornuften styrte slike ting. Og det har blitt ei ganske fornøyeleg og satirisk forteljing om det ikkje alltid like vakre spelet bak kulissane i ein TV-kanal.

Marta Norheim

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.