Hopp til innhold

– Ein fantastisk historie

Amatørkryptograf Petter Amundsen trur han veit kven som eigentleg skrev William Shakespeares verker. Sjå dokumentaren her i kveld.

Video nsps_upload_2009_11_30_13_38_50_209.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå ein smakebit frå dokumentaren «Shakespeares skjulte koder».

Shakespeare er ikkje Shakespeare, men berre ein frontfigur i eit kollektiv av forfattarar leidd av filosofen Francis Bacon, hevdar den norske amatørkryptografen Petter Amundsen.

Intervju med Petter Amundsen fra Nitimen

– Det er ein fantastisk historie. Eg forstår at folk er skeptiske, men eg vil be dei åå slenge seg med, for det vert verdt det, seier han i eit intervju i Nitimen i dag.

I sju år har Amundsen forska på ukjende kodar i skodespela til Shakespeare. I kveld vert dokumentaren, «Shakespeares skjulte koder», om Amundsen si jakt vist på NRK.

Du kan sjå fyrste avsnitt i dokumentaren i vår nett-tv. Sendinga blir aktiv 21.30.

Hemmeleg brorskap

Dokumentaren tek utgangspunkt i boka Organisten frå 2006, skrive av Amundsen og Erlend Loe. Der kjem det fram korleis organist og amatørkryptograf avdekkjer eit skattekart av kodar i litteraturen til Shakespeare.

Petter Amundsen

Petter Amundsen er organist og amatørkryptolog.

Foto: Fredrik Arff / NRK

Kodane avslører blant anna at skodespelarane ikkje er skrive av Shakespeare, men at han var ein betalt frontfigur i eit frimurarprosjekt leidd av filosofen Sir Francis Bacon.

- Det nye her er at vi peikar på eit broderskap, ein hemmeleg organisasjon frå 1600-tallet, som dukkar opp utan at vi kan kome vekk frå det. Dei signerer heilt konkret den store samleutgåva til Shakespeare som kom ut 1623.

Koda meldingar

Ingen har stått for eit større bidrag til det engelske språket enn William Shakespeare, men han har etterlete seg nokon manuskript. Men kodesporet til Petter Amundsen tyder på at dei tapte manuskripta er bevarte.

Ifølgje Amundsen har brorskapet koda inn løynde meldingar i Shakespeare-tekstane, som leier til eit religiøst skattekammer på Oak Island utanfor Canada. Men korleis skattejakta enda ville han ikkje avsløre (i forrige veke da dokumentaren vert vist fram for publikum, journ. anm.), det får vi sjå i episode tre og fire, seier Amundsen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Shakespeare-kode

Amundsen har funne koda meldingar i Shakespeare-tekstane.

Foto: AS Videomaker / NRK

- Eg kan seie at arbeidet på Oak Island på ingen måte er sluttført. Det er det veldig gode grunnar til, som vil kome fram i programmet. Dette er blodig alvor. Verda toler ikkje at det vert funne, vi snakkar om «big time verdsfredutfordring», seier Amundsen.

Loe ville ikkje lage filmen

Erlend Loe var forfattar av boka Organisten. Han var den som først skildra teoriane til Petter Amundsen, og prøvde å gjere dei forståelege for folk flest. Trass i lang erfaring både med film og med teoriane til Amundsen var han ikkje involvert i denne filmen.

Erlend Loe

Erlend Loe har skrive boka, men ville ikkje lage filmen.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK

– Historia vart veldig rotete av at eg som skreiv ho, det sa eg også til Petter (Amundsen, journ. anm). Eg ville at han skulle velje nokon andre, for folk tok ho ikkje alvorleg. Denne filmatiseringa gjer stoffet mykje meir tilgjengeleg, og no vil folk måtte ta ho på alvor.

– På den andre sida er det mykje som ikkje kjem fram i filmen som eg hadde med i boka. Men uansett er det eit solid stykke arbeid, seier Loe til nrk.no.

Visning for Shakespeare-kjennarar

I sju år har Petter Amundsen jobba med funna, og neste veke vert dokumentaren vist på NRK. Medlemmane av Det norske Shakespeareselskap, og folk frå teatermiljøet fekk ein sniktitt i ei eiga visning i forrige veke.

- Sjølvsagt har eg ein viss skepsis. Det har vore lansert mange teoriar om kven som eigentleg har skrive Shakspeare sine skodespel, dette er ikkje den første. Men eg er veldig spent på å sjå denne biten, seier Ola B. Johannesen, leiar av Det norske Shakespeareselskap.

Johannesen var spesielt spent på å sjå resultatet av oppgravinga ved Nova Scotia i Canada.

- Morosamt nonsens

Skodespelar Kim Haugen, sjølv ein framtredande Shakespeare-tolkar, var imponert etter visninga i forrige veke.

Skuespiller Kim Haugen

Skodespelsar Kim Haugen trur ikkje heilt på teoriane til Amundsen.

Foto: NRK

– Ein veldig morosam, interessant og velprodusert produksjon. Topp skodespelarar, og ein fornøyeleg teori, eg gler meg over arbeidet, seier Haugen.

– Men du er ikkje overtydd?

– Ikkje overtydd, men underhelden.

– Kva skjer dersom teoriane stemmer, og at Bacon faktisk skreiv Shakespeare?

– Då vert det ein annan forfattar av Romeo og Julie, men det er dramaa som tyder noko, ikkje namnet. Men eg trur ikkje vi treng å endre namnet med det første. Det er morosamt nonsens, seier Kim Haugen.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP